Karine Tremyr

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Karine Tremyr (fødd 1854, død 1941) var frå Tørdal i Drangedal. Ho arbeidde som lærarinne i Gjerpen.

Ho var dotter til Tor Olsen Tremyr (fødd Haugene 1818) og Ingeborg Blomstadlia (fødd 1818 i Kragerø) og voks opp på bruket Tremyr, opphavleg ein plass under Homleid. Karine hadde ei syster Marte, fødd 1851, som vart gift med Jon Sydtveit.

Det var lang veg til skulen, så skulegangen til Karine vart nok så som så. Hausten 1887 reiste ho til Danmark for å gå på Askov folkehøgskule. Ho var på Askov i to år, siste året som guvernante for borna til styraren.

I Danmark hadde ho sett juletre, og da ho kom heim ville ho at familien òg skulle ha juletre. Det var truleg det fyrste juletreet i Tørdal.

Etter opphaldet på Askov gjekk ho på eit fire månaders sommarkurs hos læraren Knut Mæland på klokkargarden Saltevje i Flåbygd i nåverande Nome kommune. Kurset tok sikte på å utdanne lærarinner til småskulen. Karine hadde truleg ikkje anna lærarutdanning enn "Mælandskulen" før ho tok til å undervise.

I mange år var ho lærarinne ved Borge skule i Gjerpen. Ho var oppglødd for folkehøgskulen og landsmålet og elles kjent for å vera ei myndig og bestemt dame. Ho var ugift.

Kjelder og litteratur

  • Holte, Bjørn Edvin: Slektsregister for Drangedal, 1997 (s. 91–92).
  • Sannes, Olav: Drangedal med Tørdal, 1924 (s. 469).
  • Sydtveit, Simen: artikkel i Det var ein gong – Minner frå Drangedal, 1989.
  • Karine Tremyr i Historisk befolkningsregister.