Karoline Elise Hoem (1878–1978)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Karoline Elise Hoem, f. Jørgenvaag (f. 29. november 1878[1]Tustna; d. 2. juni 1978Bergsøya i Gjemnes) var fotograf og sydame.

Karoline Elise Jørgenvaag var sjette og yngste barn av gardbrukar og fiskar Knud J. Jørgenvåg (f. 1838 på Tustna) og Lisabet Jørgenvaag (f. Sandvik) (f. 1840 på Tustna). I folketeljinga 1900 finn vi ho i Utistua under Jørenvågen på Tustna i lag med foreldra og ein eldre bror. Ho er oppført som ugift syerske og fotograf for eiga rekning. Ikkje lenge etter vart ho gift med Oluf Hoem (1872–1952) på Bergsøya i Gjemnes. Dei fikk fem born saman:

  • Magnar Ragnvald Olufsen Hoem (1901–1978)
  • Paula Elisabet Hoem (1905–1919)
  • Karla Olufsdtr. Hoem (1906–1978), g. Warvik
  • Olga Karoline Hoem (1908–1994), g. Kvisvik
  • Paula Elisabet Hoem (1919–1943)

Karoline Elise Hoem døydde 99½ år gammal fredagen den 2. juni 1978 på Bergsøya.

Fotnotar

Kjelder

Eksterne lenker