Kilegrend skule

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Kilegrend skulehus og grendehus
Foto: Olav Momrak-Haugan (2008).
Kilegrend skulehus
Foto: Olav Momrak-Haugan (2008).

Kilegrend skulehus er bygd i 1950, i 1997 blei det nedlagd som skule 1997 og i 2011 er det i bruk som grendehus.

Det gamle skulehuset ved Bjørnesund brann natt til 22. oktober 1945. Det var to salar nede, berre den eine vart nytta til skule. Den andre vart bruka av diverse organisasjonar og det hadde vore fest denne kvelden. Fram til ein kunne ta i bruk nytt skulehus vart bedehuset Saron nytta. Planlegging av ny skule starta i 1946, men skulen vart fyrst ferdig i 1950.

Etter kvart vart det bygd eit tilbygg som inneheld eit praktisk lokale for eit aktivt grendelag. Ein del av sjølve skulebygningen har ikkje funne sin framtidige bruk enno i 2011.

Kjelde

  • Skulen i Fyresdal i 250 år 1739 – 1989. Fyresdal skulestyre 1989.
  • Veum, Lars: Kilegrend. Grenda i sør. Kilegrend Grendelag 2011.