Kilen kapell

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Kilen kapell
Kilen kapell.jpg
Byggeår: 1958
Kyrkjegard: Det er kyrkjegard ved kyrkja
Arkitekt: Torjus Bjåen
Materiale: Tre

Kilen kapell er ei langkyrkje frå 1958 i Kviteseid kommune. Byggverket er i tre og har 88 plasser.

Bygda kyrkja står i var uten vegsamband heilt til 1956, då vegen til Garvikstrondi vart opna. I 1984 fekk dei óg veg til Lunde i Kviteseid. Jamvel var det først i 1945 at bygdefolket starta ein innsamlingsaksjon for å bygge kyrkje. I 1957 var det samla inn nok pengar, og dei kunne byrje bygginga som dugnad etter teikningar frå Torjus Bjåen og med Kjetil Gjelstasd som byggmeister. Det er lite som skiljer Kilen kapell frå Hovden kapell i Bykle, som Bjåen óg teikna.

Dne 10. august 1958 vart kapellet vigsla av biskop Kaare Støylen.

Krusifikset over altaret er laga av Marit Andersen frå Brunkeberg, som berre var femten år gamal den gongen. Preikestolen er laga av ein kubbe frå ei 400–500 år gamal eik frå Omtveit i Brunkeberg. Døypefonten er av det same materialet, så vel som beina på altaret. Dei er laga av Endre Sandland frå Brunkeberg.

Kapellet har ei klokke i støpul, laga av Olsen Nauen klokkestøperi.

Litteratur og kjelder

Koordinater: 59.33496° N 8.80442° Ø