Anders Hovden og Toten

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Anders Hovden (1860-1943) var sokneprest på Østre Toten frå 1920 til 1931. Det var tradisjon i Hoffkjørkja at presten gav eit bilde av seg sjølv til kyrkja når han tok avskil, fortel Hovden i dagboka si. Dette måleriet, som heng i Hoffkjørkja, er måla av Frida Rusti. Anders Hovden betalde 300 kroner for det.

Anders Hovden og Toten er ein artikkel som handlar om diktarpresten Anders Hovden (1860-1943) og tida hans på Toten. Hovden var sokneprest i Østre Toten frå 1920 til 1930.

Flyttelasset

Toten prestegard i 1919, året før Hovden-familien kom dit.

Ein dag tidleg i mai 1920 kom eit flyttelass opp gutua til prestegarden på Hoff. Det var nypresten på Toten, diktarpresten Anders Hovden, som med kjerring og born inntok den store garden. Dei kom frå Melhus i Sør-Trøndelag. Der hadde Hovden vori prest i 10 år. Nå hadde han fått eit av dei største og rikaste prestegjelda i landet, Østre Toten, å bryne seg på. Den 9. mai 1920 vart nypresten innsett i kallet. Han som skulle innsetjast var like spent som dei som sat i benkane nede i kyrkjeskipet. I dagboka si har Anders Hovden skildra det fyrste møtet med totningane slik: «Kyrkja var full, sjølvsagt, fyrste messa mi, prost Domaas – den gilde venen min vart – innsette meg. Eg tenkte: ”Full fart forover!” som dei segjer frå styrebrui. Eg såg kje anna enn at folket skyna målet og vart tekne av talen. Eg høyrde kje eit vondt ord, alle tok vel i mot meg.»

Det hadde ikkje vorti teki vel imot da totningane fekk høyre at kongen i statsråd hadde utnemnt den frilynte teologen, målmannen og sunnmøringen Anders Hovden til sokneprest på Østre Toten. Det går ennå fråsegn om brevet som vart sendt frå Toten åt Melhus rett føre jul i 1919. Det lyder slik:

Herr Sogneprest Hovden, Melhus.

Undertegnede styremedlemmer for Hoff indremisjonsforening, Hoff kr. Ungdomsforening, østre Totens misjonsforening, Nordliens indremisjonsforening og Nordliens Kr. Ungdomsforening samlet til møte i anledning den i siste statsraad foretagne utnævnelse av Dem som sogneprest til østre Toten tillater sig at fremkomme med følgende enstemmige uttalelse:

Utnævnelsen er mottat med megen sorg blant menighetens bekjendende kristenfolk. – Deres stilling til det kristelige lægmandsarbeide har bevirket, at De fra dette hold vil bli mødt med mistillid og reservasjon – og dessuten vil De – som den nidkjære arbeider for landsmaalet bli mødt med uvilje fra bygdens utprægede riksmaalsvenlige befolkning.

Vi finder det er vor pligt at gjøre Dem opmerksom paa dette beklagelige forhold og be Dem ta under alvorlig overveielse, om De ikke vilde gjøre baade Dem selv og vor menighet den største tjeneste ved at gi avkald paa at tiltræde kaldet.

Vi har anseet det bedst for begge parter – straks – at fremkomme med nærværende.

Forholdet blir da aapent fra først av, saa De vet, hvad som eventuelt vil møte Dem her. – At dette fremkommer nu efter utnævnelsen har sin grund i, at De ikke ved ansøkningsfristens utløp var opført blant ansøkerne.

Ti representantar for kristelege organisasjonar på Østre Toten hadde skrivi under på brevet.

Vi skriv 1920

«Da foreldra mine første gongen svinga forbi karussdammen inn på prestegardstunet, - å, du, for velkomsthelsing!» fortel Øystein Hovden, «da grein og gapte heile det sørvestre takfeltet på den gamle hovudlåna imot deim som ein mektig, glupsk krokodillekjeft. (…) Og – regn og sludd bles derinn og draup ned i soveromma!» Dette bildet er teki rett etter at Kari og Anders Hovden flytta inn i 1920. «I 1922 fekk eg vølt um laani, innreidt med bad o.s.b. og paktarhuset. Baae no i heil stand. Rett ein triveleg heim», skriv Hovden i dagboka i 1924.
Foto: Privat

Nå kan det vera på sin plass å sjå litt på det samfunnet desse hendingane utspant seg i. Det er nødvendig både for å forstå Anders Hovden og det han stod for og for å forstå totensamfunnet – og møtet mellom Hovden og totningane.

Året er 1920. Det er 15 år etter 1905, to år etter at fyrste verdskrigen tok slutt og dei tre store multinasjonale keisarrika i Sentral- og Aust-Europa vart delte opp i nasjonalstatar. Nasjonalisme er eit heidersord. Nasjonalisme hadde vori moteretning i europeisk politisk og kulturell tenkjing dei siste 100-120 åra. Dette var før nokon hadde høyrt om nazisme, før nokon hadde høyrt om holocaust, før den andre verdskrigen snudde opp ned på tenkjinga åt europarane. Men det var etter 1917 og starten på den bolsjevistiske terroren i Aust-Europa.

Det var store motsetningar i det norske samfunnet, både kulturelle og politiske. Flatbygdene på Austlandet og byane stod på for ein kultur som hadde røtene sine i embetsmannsklassa, medan dei sosiale og nasjonale motiva bak målrørsla hadde fått gjennomslag i resten av landet, eller i fjell- og fjord-Noreg. På den eine sida stod byborgarar og austlandsbønder med Høgre og riksmålsforbundet, på den andre sida folkehøgskolane, dei frilynte ungdomslaga, målrørsla og Venstre. Målrørsla var i framgang.

På Toten var det store gardar og små gardar. På dei store gardane var det mange folk, kvar gard var eit eige samfunn der gardbrukaren og frua regjerte, styrte økonomien og hadde hand om ressursane. Det var stor skilnad på fattig og rik, men truleg ingen eller få som leid direkte naud. Økonomien i landet hadde fått ein oppskuv under krigen som landet vårt ikkje hadde vori med i. Optimismen var ennå stor i 1920, ikkje minst i landbruket. Mange unge gardbrukarar hadde tru på framtida, lånte og investerte. Krona var lite verd. Ingen hadde ennå høyrt om paripolitikk og kroneoppskriving. Somme levde over evne, kjøpte og selde verdipapir og kausjonerte for låna åt einannan.

Kari og Anders Hovden 1920.
Foto: Privat

Østre Toten var eitt prestegjeld, med rundt 9000 innbyggarar, 4 kyrkjer, ein sokneprest og ein residerande kapellan. Til dette prestegjeldet og dette samfunnet kom sokneprest Anders Hovden. Han hadde nyss fylt 60 år. Han hadde med seg kona si, Kari, som var 41 år gammal da ho kom åt Toten. Dei hadde 9 born, den eldste 28, den yngste 1 år. Hovden var ein svært markert samfunnsdebatant, solid planta i den radikale delen av Venstre, i folkehøgskolerørsla, den frilynte ungdomsrørsla og målrørsla. I 1880-åra hadde han vori ein av dei fattige bondestudentane som svalt i Kristiania. Forteljinga om Kristianiatida hans Anders Hovden er som ei blanding av Hamsuns Sult og Garborgs Bondestudentar. I 1920 var han ein landskjend folketalar – særleg omtykt som stemnetalar på ungdomslagsstemne rundt om i landet. Han var ein kjend diktar, hadde gitt ut nokre prosabøker og mange diktsamlingar. Han vart rekna for å vera ein av dei fremste salmediktarane i landet. Han var ein kompromislaus målmann med ei kvass tunge og ein kvass penn:

Dei bed meg at eg skal fira
og ikkje vera so brå,
men retta meg meir etter andre
og snusa i kring meg og sjå (…).

Eg læt ikkje jamn meg klippa
utav deira hagesaks,
eg vil ikkje gå og lirka
og tala alle til lags.
Nei, fram vil eg fara som bylgja,
som mektug i stormen stig,
og beintfram skal vera mitt merke,
til inn under det eg sig!

Sjølvbiografi og dagbok

Døtrene Jorunn og Magnhild.
Foto: Privat

Korleis gjekk det så med denne beitframme merkesmannen i møtet med den austlandske flatbygda? Vi veit ein del om det. For det fyrste har Anders Hovden fortalt om totentida si i sjølvbiografien, Attersyn. Den skreiv han på prestegarden på Toten vinteren 1925-26, etter at han hadde vorti ferdig med Nynorsk Salmebok. I 1943 skreiv han eit tillegg til denne sjølvbiografien. For det andre har sonen hans, Øystein Hovden, gitt ut to bøker om far sin, der han fortel om totentida. Og i 2002 kom det ut ein hovdenbiografi der det sjølvsagt òg er fortalt om Hovden og Toten. Ser vi på desse trykte kjeldene, finn vi eit rett idyllisk bilde av ein prest som vart glad i bygda og folket der, og ei bygd som vart glad i presten sin.

«Eg kjenner meg meir og meir heime her, og trivst. Det er eit friskt og gladværugt folkeferd. Dei er gjævlyndte og gjestmilde og kjem gjerne saman. Og det er eit storslege folk utan knusel», skriv Hovden i sjølvbiografien.

«Åpen og beintfram og ærleg som han sjølv var – slik møtte òg Totenfolket nypresten sin. Difor fann dei kvarandre og forstod dei kvarandre snart, ja, kanskje alt frå første dag og første messa i gamle Hoff kyrkja. Det var slett ikkje alle, korkje nypresten sjølv eller totningane flest som hadde venta det slik. Snarare tvert imot», seier Øystein Hovden. «Det gjekk like eins på Toten som på Lista og i Melhus», skriv hovdenbiografen Jens Kåre Engeset, Anders Hovden kom og vann! Mange totningar, jamvel «brevunderskrivarar», lika den nye presten sin. Dei kom og bad om orsaking for aksjonen. Men Hovden sa at det var det ingen grunn til. Tvert imot fortente dei takk fordi dei hevda sitt syn og ville at bygda skulle få ein god prest.

Men var det så gjennomført idyllisk? Sjølvbiografien, bøkene sonen har skrivi og biografien framstiller Hovden som ein rettfram kar, noko han òg var. Dei stiller ikkje kritiske spørsmål til personen Hovden. Det skal vi ikkje vente av ein sjølvbiografi og minnebøker førte i pennen av sonen. Men biografien som vart utgitt nesten 60 år etter at Hovden døydde, burde ha fått med eit meir nyansert bilde. For bildet er sjølvsagt meir samansett. Hovden var eit vanleg menneske, som vi andre. Han var ingen supermann. Han hadde sine gode sider og sine mindre gode sider, som alle andre menneske.

Ved nyttår i 1924 tok Anders Hovden til å skrive dagbok. Han heldt fram med dagbokskrivinga til året han døydde, 1943. Ei dagbok kan vera ei god kjelde til å bli kjend med dagbokskrivaren og miljøet han levde i. Det som er skrivi i dagboka er tankar som er komne der og da. Det viser korleis dagbokskrivaren opplevde ting, kva humør han var i. Men vi skal vera varsame med å bruke dagbøkene utan vidare. Det ser i alle fall ut som Anders Hovden ofte avreagerte ved å skrive i dagboka, skreiv frustrasjonane av seg. At Anders Hovden hadde svært vekslande sinnsstemning er velkjent. Det var stutt veg frå dei høgaste tindar der alt var berre velstand, til dei djupaste dalar da alt butta imot. Det er tydeleg å sjå i dagboka. Og når han avreagerte, fekk både enkeltpersonar og bygda og samfunnet elles gjennomgå. Kjeldene til denne artikkelen er fyrst og fremst dagbøkene Hovden skreiv. Det finst andre kjelder som kan kaste enda meir ljos over tilhøvet mellom Hovden og totningane – aviser og brev frå samtida. Her skal vi likevel stort sett halde oss til det Hovden sjølv har notert i dagbøkene sine.

Hovden og «storbøndene»

Nordlikyrkja kring 1928. Kyrkjegarden på vestsida av vegen blir opparbeidd. Bak til høgre kan ein sjå kyrkjestallane.
Foto: Mjøsmuseet

Vi startar med å sjå på forhaldet til ei samfunnsklasse på Toten som Hovden hadde mykje omgang med, dei han gjennomført kaller storbøndene. «[Han lika] å koma saman med folk, bli kjend med deim og – sålangt tid og krefter rokk – gjerne vera saman med deim i lyd og lag – ved samver, snart i sorg og snart i glede», seier Øystein Hovden. I dagbøkene fortel Hovden om store lag han har vori i. Han legg detaljert ut om maten, drikkevarene som vart servert, pjoltringa og dansinga. Han er i dåpslag, konfirmasjon, bryllaup og gravferd, på den eine garden etter den andre. Det fyrste laget han skriv om er eit 70-årslag på Hammastad i Vestbygda 3. februar 1924:

«3. februar preika i Nordlia. Straalande solskin og fint føre. Køyrde attende over Djupdal og til Kvikstad på Hamarstad, der eg heimedøypte barnet hans. Det var 70 aars fødedagen hans. Stort gilde med burtimot 100 menneskje. Raaflott i lagi her, soleis i går: Fiskepudding, svine-, kalve- og dyresteik, forloren skilpadde, pølser o.s.b. Kaffi med kyrasaa og ei mengd av allslags kaker. Dessert med frukt og krem og pudding og alle sausar og portvin og cherry i store glas. Deretter pjolter, konjak og visky i lange banor. – Eit slikt lag gjer ein kje stort under kr 1000.»

Meir skreiv han ikkje om 70-årslaget på Hammastad.

Den 20. juni same året var han i kombinert storbryllaup og sølvbryllaup med 260 gjestar. «Folk heldt mykje til ute, dei drakk og dansa som utslepte øykjer, kneggja og storlog. Folket her kann gama seg paa gamal vis. Eg gjekk kl 12 natt, Kari var til kl 3 natt. (…) Men eg likar meg kje i store lag lenger. Aa du for vrøvlute skåltalar, eg gjekk i brodden.» Og slik held det fram. Han går i store lag, et og drikk og ser ut som han koser seg, og kjem heimatt og skriv i dagboka: «Eg trivst ikkje i slike lag. Kor dumt og dyrt ein liver!» og «Eg ligg her i Gosen og sym i ”matfeitt” i lag hjaa storbønder – og lengtar ut mot det djerve livet ute ved fjord og hav!» Etter likferder blir presten «plaga med heim til middag».

Skal vi tru på dagboknotatane åt presten, var det «storbøndene» han gjekk i lag hos som hadde skulda for det meste av det som var skakt i samfunnet. Kva med dei totningane som ikkje var storbønder? Ingen tør mukke mot storbøndene, det er dei som rår, skriv Hovden i dagboka. Etter eit skolestyremøte i 1928, der det vart vedteki å ta bort sideformene i bokmålet i folkeskolen, kjem denne erklæringa: «Lærarane er rædde og torer kje hevda seg mot storbønderne. (…) Eg las deim teksti, men det hadde ingen verknad». Nokre dagar seinare skriv han: «Storbønderne hev kanskje imot meg no, etter at eg i skulestyremøtet sist uppmoda lærarane aa ikkje gaa krøkja seg for storbønderne, men vera seg sjølve og hævda seg. Ordførar Aas tok til motmæle mot desse ordi mine.»

Slagsvoll, ein av storgardane på Toten.
Foto: Sigurd Røisli (1929).

Det er storbøndene som har skulda for nedgangstidene sist på 20-talet, berre dei. Ja, og så banksjefen da, som får nokre livlege karakteristikkar hengt på seg. Storbøndene har jobba, festa og kausjonert. Det er storbøndene, som han held fram med å gå i lag hos, som er syndarane, og når den eine etter den andre får akkord og blir kvitt storparten av gjelda, men beheld garden, blir han riktig ilsk. Han viser inga forståing for at den store verdioppskrivinga av gjelda som kroneoppskrivinga, paripolitikken, på 1920-talet førte til, var den viktigaste årsaka til at mange gardbrukarar fekk store økonomiske problem. Nei, storbønder hadde han ikkje mykje til overs for når han sat for seg sjølv og skreiv i dagboka. I 1924 var han på stemne i AustmannalagetNes. Han budde hos statsråd Mellbye på Grefsheim, var i «gild middag» og hadde det storveges. Da den same Mellbye bad Anders Hovden om å koma og lesa opp den prologen han hadde skrivi til årsmøtet Norges Bondelag skulle ha i Molde i 1927, var svaret tvert nei. «Nei! Eg soknar til det radikale vinstre og til smaabrukarane. Det skal kje sjaa ut soleis at eg er bondelagsmann», skriv han i dagboka. Så sit han i staden på prestegarden på Toten og er redd for at dei skal hoppe over ei og anna linja når dei les opp prologen. For prologen hans er som eit program for radikale venstre, skriv han. Seinare vart han beden om å tala på eit pedagogikkurs på landbrukshøgskolen på Ås. Da sa han òg nei, for han ville ikkje at det skulle sjå ut som han heldt seg saman med «dei store». Men på Toten gjekk han i storgardslag og åt og drakk godt. Det siste var ei gravferd på Sukkestad 17. april 1931, 13 dagar før han slutta som prest. Som vanleg skriv han i dagboka at han helst ikkje ville gå, men Ole Sukkestad var ein gild storbonde. Og så skriv han i dagboka etterpå: «150 gjester, og mange matrettar og drikkeslag enn ved kongsbord. Folk barneglade og læande. Mot meg er alle vensame, dei tek seg nær av, at eg skal reisa. Ja, det er vondt aa fara herifraa prestegard og folk!»

Med hesteskyss

Sonen Anders og motorsykkelen Lasarus. Sommaren 1927 var Anders Hovden i Eivindvik der sonen Øystein var sokneprest. 17. juli fortel han i dagboka at han hadde fått brev frå Kari. Ho fortel at Anders jr. hadde fått post ved Knaben gruver, og så kjem det: «Mori hev or mi bankbok teke ut kr 1000 til motorsykkel, han hev kjøpt.»
Foto: Privat

Østre Toten var eit arbeidsamt soknekall. Det var mange folk å vera sjelesørgjar for og lange reiser med hest, til annekskyrkjene og i soknebod. Hovden brukte hest, heile si totentid. Historia om sølvbryllaupsgåva som totningane gav til Anders og Kari Hovden 5. mars 1922, to år etter dei kom åt bygda, er velkjend. Eg tek henne likevel med, slik Øystein Hovden skreiv henne ned i 1970:

«Kor storslegne, rauste og romslege totningane var mot presten sin, fekk Anders Hovden røyne på mange måtar. Kjent er historia: Då Anders Hovden hadde vore eit par år i bygda, heldt han og ho Kari sølvbryllaup. Det var svært til greier. Folk i mengd frå alle kantar invaderte prestegarden. Sølvbryllaupsgåva går det enda gjetord om! I dei myrke nattetimane før dagen 5. mars hadde nokre totningar stilt og lumskt som tjuvar i natta fått smugla gåva inn på prestegarden i uthus, stall og vognbu. Kva det var? Bil? Nei, seinare vart det opplyst at totningane verkeleg hadde planlagt å gi presten ein bil, men dei hadde kome etter at Anders Hovden visstnok ikkje var serleg lysten på slikt! Og så vart det altså i staden dette: Hest, trille, breislede, karjol, hestesele, hestedekke m.m. Eg var heime på dagen. Eg hugsar litt av talen då gåva vart overlevert: ”Kjære prestefolk! Vi ønskjer til lykke med dagen! Men det vil vi ha sagt med det same, det er slett ikkje fordi du Hovden er målmann at vi gir dekk denne gåva i dag, men fordi du er ein bra kar osb”. Maken skulle du aldri ha sett! Det var som eit eventyr altihop! Kor ufatteleg, ikkje minst for Anders Hovden sjølv, å møta denne hjartevarme og denne forståing frå heile bygda! Alle desse vakre køyredoningane og ikkje minst den gilde hesten – jau, det var det gildaste Anders Hovden kunne få! Denne gåva vart òg flittig brukt på Toten gjennom alle år, på alleslags køyreturar, vinter og sommar, på kryss og tvers gjennom bygda.»

I dagboka si fortel Hovden om turar med hest og slede om vinteren, med hest og trille om sommaren og når sledeføret ikkje heldt. Det kunne vera stabasiøst å ta seg fram til messe i Nordlia ein tidleg sundagsmorgon med stridt snødrev frå nord så ein nesten ikkje såg, eller med hest og trille til Totenvika 2. dag jul, når det korkje var skikkeleg sommar- eller vinterføre, eller i stummande mørke natterstid – heim frå eit hyggeleg, eller mindre hyggeleg, lag. Etter kvart vart det fleire bilar på vegane. Det vart vanskelegare å kjøre med hest. Bilane var nærgåande, hesten vart redd. Om sommaren støva det av bilane og om vinteren vart det djupe bilspor så det var farleg å kjøre med slede. Han fortel om ein gong utpå vårparten i 1928 han og ho Kari var riktig ille ute:

«I går kveld i gjestebod hjaa Taasen i lag med doktor Schjønsby og frue og frøken Sikveland. Sers hyggjelege folk. Me køyrde heimatt ved midnattstider. Det var litt maane, men yverskya og graatt, so me saag ingenting, og merri braadde paa heimferdi. Og vegarne hadde djupe hjulspor etter bilarne. I svingen ved Lillo hallar vegen sterkt, der velta me. Kari sat bak og eg datt or sleden. Heldt taumarne fast der eg laag. Eine skaaki var komen yver hesteryggen, og hesten slo seg reint vill. Han drog meg etter taumarne eit stykke, og drog taumarne or hendene mine. Kari skreik og ropte. Eg laag tagall og fortumla – i rædsla for at ho ikkje var komi laus, men fylgde med. Eg sprang etter i myrkret og ropte, vonte hesten hadde stogga. Men so fekk eg hald i, at ho kom gangande baketter. Hesten saag me kje noko til. Kari fekk doktor Schjønsby til å bila oss heim, han fylgde og saag etter hesten, som ingenstad var aa finna. Paktaren gjekk paa leiting. Ved 2-tidi um natti kom hesten av seg sjølv. Han hadde fare rundt paa Vangen, taumarne drog han under meidarne. Merkeleg nok so hadde korkje hest eller den fine breidsleden fenge skade. Og det er merkjelegt, at me tvo kom vel fraa det. Det saag stygt ut. Mest for Kari som med vanske fekk beina lause. Eg hev velta av og til før, men hestarne hev stogga og stae rolege. Dette var ein ny og ukjend hest. Vegarne er faarlege i vaarløysingi og ikkje til aa køyra i myrkret.»

Anders Hovden var ein praktisk kar. Han visste at det var om å gjera å nytte godversdagane om våren for å få korn og poteter i jorda, og at grøda laut inn til rett tid om hausten. Etterjulsvinteren 1924 hadde vori særskilt hard og våren var sein. Sundag 1. juni, da han drog åt Nordlikapellet, var det mange som dreiv med våronn. Presten syntest det var heilt på sin plass. I dagboka si noterte han dette: «Eg preika i Nordlikapellet. Surt ver, regn på ettermiddagen. Mange stader arbeidde dei. Ja, det er sanne nødvendighetsgjerningar no aa faa grøda i jordi. Berre dei ikkje gjekk med vondt samvit og trudde dei synda med det. ”Sabaten er daa til for mennska si skuld – ”.»

Tidend og landskyld

Johan P. Hveem forpakta prestegarden dei fyrste åra Hovden var på Toten. Da Johan kjøpte eigen gard i 1923 og flytta frå prestegarden, vart det eit stort sakn for Hovden. I dagboka blir Johan omtala som «min gode ven».

Inntekta åt presten var eit kapittel for seg. Hovden skriv mykje om inntekta si – og om utgiftene. Han synest heile tida at det kjem for lite inn og går for mykje ut. Presten hadde tre hovudinntektskjelder. For det fyrste hadde han ei fast statsløn. For det andre hadde han inntekta av prestegarden. Hovden forpakta bort garden og forpaktaren betalte forpaktingsavgift til presten. Så var det òg att restar av det eldgamle skattesystemet frå 1100-talet. Tienda hadde vorti gjort om til ei fast avgift i 1801. I 1918 vart kyrkjedelen og kongedelen av tienda tekne bort, men prestetidenda stod ved lag heilt til 1939. Prestetidenda var ei avgift som var lagt på kvar gard. Det var berre gardbrukarane som betalde tidend. Likeeins var det med restane av ei anna avgift som kvilte på somme gardar, landskylda. Lensmannen skulle krevja inn både tidend og landskyld frå gardbrukarane og betale vidare til presten. I kall der inntektene av prestegard og tidend var store, vart presten pålagd å betale ein del vidare til eit geistleg lønsfond. Presten på Østre Toten vart òg trekt ei årleg avgift som skulle gå til vedlikehald av husa på prestegarden. Han laut sjølv koste skjema til attestar, alt kontorhald, reise og vikarutgifter. Hovden avreagerte ved å skrive i dagboka når han tapte pengar på at forpaktaren gjekk konkurs og lensmannen ikkje fekk inn all tidenda og landskylda.

Hovden meinte lensmannen var for slapp med å krevja inn tidenda. Han hadde møte med lensmann og prestegardstilsyn og han klaga til fylkesmann og departement, men fekk aldri det han meinte han hadde krav på. Det er ikkje langt mellom kvar gong lensmannen får passet sitt påskrivi i dagboka. Han hadde også ein annan ting han var usamd med lensmannen om. Hovden meinte lensmannen ikkje gjorde nok for å stoppe heimebrenning og fyll. Og fyll er det mykje av på Toten, seier Hovden.

Stundom var bygdene bjarte

Kristian Tollersrud. «Gildaste skulen her er Småbrukarskulen, der Tollersrud er styrar. Men han vil dei reint tyna».
Foto: Norske landbrukskandidater

I dagboka fortel han om mishandla kjerringar som kjem åt presten og vil skiljast frå mannen sin, og om ungdommen som ikkje tenkjer på anna enn fyll. Ungdommen på Toten var det forresten uråd for han å få tak på. «Eg kjende meg ukjend og framand mellom denne ungdomen», skreiv han etter ein 17. maifest i Festiviteten i 1927 der han hadde tala og eit par gutar hadde vori fulle alt ved 8-tida om kvelden.

I tungsame stunder angrar han på at han kom åt Toten. «Eg tregar paa eg kom til Toten, her dei berre tenkjer paa moro, dans, drikk og leven. Og ungdomen kann ein ikkje faa tak i. Skularne er aandlause. (…) Gildaste skulen her er Småbrukarskulen, der Tollersrud er styrar. Men han vil dei reint tyna». Det er ille å vera ungdom på Toten, seier han, når han er bekymra for korleis døtrene hans steller seg. Dei flyg ute og festar til langt på natt og spjåkar seg til. Og ikkje vil dei eta vanleg mat heller. Mjølk, graut og fisk grin dei på nasen av. Nei, «sukker på smør» vil dei ha. Her sit han i denne nasjonale øydemarka utan nokon å tala med. Han lyt ha folk rundt seg, det lyt skje noko. Og det gjer det som oftast. Han klagar ofte på at han blir forstyrra og at han skulle ønskt seg eit år da han berre kunne dikte, men når alle er borte og huset er tomt, blir han heilt nedfor – ingen å tala med og ingen å gå åt her på Toten. Det er aldri langt frå dei djupaste avgrunnar til dei høgaste glitretindar hos Hovden. Når «min gode ven» Johan P. Hveem stikk innom er han i godlage, og det er triveleg å vera i lag med gode vener både på Kraby og borti Lillo. Og totningane er «meinlause og snilde».

«Dei hev eit sterkt og godt mål på Toten, ekte norsk. Men det er det mange av dei som ikkje veit eller vil vita», skriv Hovden i sjølvbiografien sin. Han fortel òg om korleis det gjekk da han, Olaus Islandsmoen og Olav Moe ville starte mållag på Toten. Det var i 1920, like etter at Hovden hadde komi åt bygda. «Me leigde Festiviteten for kr 90, lyste til foredrag av Islandsmoen, Hovden og spel av Olav Moe. Det elektriske ljoset lyste festleg – der kom 2 – tvo – menneskje. Me ”agerande” gjekk der med millionærhaldning og breidde oss, me heldt foredrag og konsert for oss sjølve og hadde det utruleg kjækt i dette nasjonale Sahara».

Sjølv om dei fleste totningane var mot målet, hadde dei ikkje noko imot at han brukte det. «Dei ser gjerne at eg talar det», skriv han. Og ein av dei leiande storbøndene måtte endatil vedgå at «maalsaki hadde verka til det gode, at bondefolk i byen no kann tala sitt eige maal, og ingen gjer narr av det». Da Landstads reviderte salmebok vart innført i Hoffkyrkja rett føre jul i 1926, med 72 mot 23 røyster, skreiv han: «Det var for meg ein stor siger!» Sjølv om dette var riksmålssalmeboka, stod målsalmane mellom dei dansknorske. Sjølv hadde Hovden 34 eigne salmar og éin omsett salme i denne boka og han hadde vori med i revisjonsnemnda.

«Dei braakar og skriv um meg til bisp i Nidaros – eg som er 68 aar! Er dei galne?» – skreiv han på etterjulsvinteren i 1928. Det var fyrst og fremst dei frilynte ungdomslaga og venstreavisene som ville ha Hovden til biskop. Da han ikkje vart utnemnd, skreiv han i dagboka: «Eg er vel tilfreds med å sitja her i det nasjonale Sahara og preika for tome benkjer.» Sjølv i denne ørkenen fanst det oasar. Ungdomslaget Totningen og Småbruksskolen med den gilde Tollersrud, som storbøndene reint vil tyne, er slike oasar. Og ein 76 år gammal vikværing som hadde gått på folkehøgskole i ungdommen «var meg eit fund i den nasjonale øydemarki». Når han er i godlag, kan han sjå ut over bygda og seia: «No ligg fager raudleg glans yver bygdi og Skreia. Jau, det er ei storfin bygd!» Etter eit vellykka sanitetsmøte på Skreia skriv han: «Det er eit vent folkeferd her, og livsglade. Baade kona mi og eg likte oss godt i laget.» I dagboknotata er det ikkje langt mellom formuleringar som denne: «Folket her er livlege og venlege, og dei er glade i prest og kyrkja.» På 64-årsdagen sin skriv han blid og fornøgd: «Her sit eg som velvyrd prest i ei storstill bygd, paa ein herregard aa kalla, og eig livemaaten». I slike stunder kunne han skrive det som vart byrjinga på Totensongen:

Sjå desse bygder bjarte
ved Mjøsens fagre strand.
Ja, det er Noregs hjarte
og kjernen av vårt land.
På milevide vollar
i djup og villig jord
den gode grøda follar
og raust og rikt det gror.


Vi treng ikkje tvile på at han kjende seg heime på Toten og meinte at dette var Noregs hjarte. Til andre tider hadde pipa ei anna låt: «Kor flate og flaue desse bygderne er mot det storslegne Vestland! Eg vert ikkje anna enn vestlending».

«Dei dansa og hadde gaman»

Østre Toten middelskole, oppført i 1903. Vi ser Hoffkyrkja i bakgrunnen. Postkort frå Knut Borg si samling.

Anders Hovden var glad i dans og var glad i å sjå at ungdommen hadde det morosamt. Men det kunne bli vel mykje dansing òg. Den 6. februar 1927 hadde han vori på fest på middelskolen: «Ikkje songbøker med og ingen song hjaa denne ungdom. Dansen et upp alle andre og edlare hugmaal. Det nyttar kje faa denne ungdomen vekt. Eg freistar med lesarborni, ja, syngja fær eg dei i alle fall til». Oftast var dansing noko positivt, som da han fortalde om dansemoro i prestegarden 2. nyttårsdag 1925: Den 3/1 preika eg i Nordliakapellet. «Det var so vidt sledeføre. Men kvelden fyreåt heime hadde me gilde for ungdom hjaa meg i prestegarden. Der var ca 30. Dei dansa til kl 2 natt og hadde gaman.» Øystein Hovden har fortalt dette om livet i prestegarden:

«Ei tallaus mengd gjester, kjende og mindre kjende menn i politikk og kulturliv, både unge og eldre, vitja oss òg framigjennom åra. Det var såleis stundom eit yrande liv i heimen vår. (…) Stor familie som vi var, hadde vi det elles stadig – serleg da i feriene – festleg og livleg heime. Om kveldane samlast vi gjerne i eit daglegrom som far kalla ”Båsen” – fordi det låg på skuggesida, mot nord. Mor spela piano. Norske folkemelodiar. Songar og salmar – og dansar, serleg reinlendarar, som far var så glad i. Jau, det var liv! Vi song med og dansa ofte til. Og far sjølv i stua? Ja, hadde han site i intenst arbeid heile dagen, som han tidt gjorde, kom han gjerne ned til oss på kjøkkenet eller i ”Båsen” om kveldane – og da vart det som oftast ”gymnastikk”. ”Kom no, Kari. Danse, danse dokka mi! No skal me ha ein reinlender!” Og dermed barst det i veg, så tollekniven hans sveiva og golvåsane svinga under vekta av eit dansande prestepar, som vog sine 200 kg og vel så det. Vi unge tykte det stod herleg til. ”Det er slik ein god gymnastikk i dette å dansa reinlender”, pla han seia.»

«Borni mine spelar mykje saman, og alle er musikalske», skriv Hovden i dagboka. Her er sønene Sigvat og Anders i aktivitet.

«Ø. Toten var i 20-åra – kanskje meir enn i dag – eit uvanleg kravfullt og strevsamt prestegjeld», seier Øystein Hovden, «Balke høyrde jo òg med til soknekallet den gongen. Eg minnest kor ofte den stille tanken streifa oss der heime, når vi såg korleis far dreiv på. I grunnen er det eit under at han i den alder han da var, verkeleg kunde makta alle dei mange krav og oppgåver som møtte han – utan å gå trøytt. Det var reint eventyrleg, tykte vi».

Og oppgåvene var mange: Kontorarbeid, rundt om i bygda i soknebod med hest på dårlege vegar, messe i fire kyrkjer, lag og foreningar som skulle følgjast opp. Å vera sokneprest på Østre Toten var ikkje noko latmannsliv. Han var til tider sterkt plaga av gikt og hovudverk. «Aa kor gigtisk eg er, kor lite eg toler – eg som elles er sterk og sunn. Eg er ofte svimren naar eg les og skriv for lenge. Men kann kje la det vera lell.» Diktinga sprengde seg på. På kontoret var det protokollar som skulle førast, folk kom innom heile tida og skulle ha trøyst og vegleiing eller berre ein attest. Folk kunne ha dei merkelegaste ærend. Den 20. januar 1930 kom det ei kjerring som ville veta kor gammal ho var. Ho trudde ho var 67 år, eller i alle fall ein stad mellom 60 og 70. Og Hovden til å bla i kyrkjebøkene for å sjå om han kunne finne att kjerringa. Etter kvart tok ho Kari over detektivarbeidet, så presten kunne få gjera andre ting. Han høyrde dei tala nede, og gamla masa. Ho skulle ikkje ha fødeattest, berre få veta alderen sin. Telefonen forstyrra òg: «Denne forferdelege telefonen! No skulde eg setja meg til med noko – straks ned i kalde gangen til lang telefonsamtale um ingenting. Og soleis heile dagarne! Minst 10 gonger.»

Likast å vera til trøyst for folk

Det likaste med å vera prest, var at ein kunne vera til trøyst for folk når dei hadde det tungt, sa Hovden, «ved sjukesengi kan presten vera til trøyst, det er det likaste eg veit, ved prestegjerningi. Å, den som kunne makta trøysta», utbryt han ofte når han fortel om soknebod og gravferder. Den 23. september 1926 skriv han i dagboka: «I morgon skal eg i likferd, ei mor hev dødt fraa 10 born, berre 2-3 er konfirmerte; den minste berre 2 aar. Saart, det verste eg ser!» Og dagen etter: «Ja, arme smaa som stod flokka um mors kiste. Ho var berre 44 aar.» Dette var ikkje noko enkeltståande tilfelle. Det var etter ei slik gravferd på Toten han skreiv ein av dei finaste gravferdssalmane sine:

Eg ved den djupe gravi stend,
med våren lyser over grend
og sjø og skogar glitrar.
Ein barneflokk hev mist si mor
og stend og græt so sårt i kor,
men alle fuglar kvitrar.

Eit fagert fivreld, kvitt å sjå,
i solglans flaksar til og frå
og over gravi driver.
Nyst berre det ei åma var,
no hev det fenge vengepar,
og millom blom det sviver.

Skal upp or grav, or gråt og gru
vår sjel mot evigt liv seg snu
frå alt som tungt oss trengjer?
Skal eg få sviva fri og glad
imillom himlens stjernerad,
skal sjeli mi få venger?

Å, finst det nokon stad eit land
dit dauden ikkje koma kann
og ikkje gråt og tåra?
Der all vår liding fær sitt stogg,
og tåror eimar burt som dogg
i smil mot morgonklåra?

Ja, Jesus, når eg nemner deg,
din himmel herleg opnar seg,
eg livsens land ser stiga.
I nådens klædnad, rein og kvit,
til evig sumar sviv eg dit
der aldri sol skal siga!

Han har sjølv fortalt korleis salmen vart til:

«Eg gløymer det aldri. Der stod dei, stakkarane. Ein stor barneflokk omkring kista til mor. Den minste so liten at han ingenting forstod. – Strålande dag. Sola skin. Fuglane kvitrar i alle bjørkegreinene. Då kjem eit stort kvitt vakkert fivreld flygande og set seg mellom blomane oppå kista – og med same kista søkk ned i skuggane, der lyfter det seg og flaksar i veg på sine kvite venger opp or skuggane, opp or myrkret. Og snart blir det borte i glansen av sola.»

Denne salmen skreiv han i 1924. Det er nummer 573 i Nynorsk Salmebok. Anders Hovden har signert 209 av salmane i Nynorsk Salmebok. Av dei er 128 eigne salmar og 81 omsette. Arbeidet med Nynorsk Salmebok starta opp i 1920, det året Hovden kom åt Toten, og vart avslutta i 1925. Det var Hovden og biskopane Støylen og Hognestad som utarbeidde salmeboka. Samtidig var Hovden med i nemnda som reviderte Landstads salmebok. Det arbeidet var ferdig i 1924. Ein god del av Hovdensalmane, ikkje minst omsetjingane, vart til i arbeidsrommet på Hoff prestegard, hos ein diktarprest som tvilte seg fram til tru, som han skreiv i dagboka på 68-årsdagen sin – i 1928:

«I dag er eg 68 aar! Ein gamall mann. Undarlegt! Vemodigt. Men eg er kje uglad. Det er trass alt noko inni meg som segjer at det skal gaa vel, at det kanskje er noko godt aa venta, at det er liv etter dette. Men tvilen grev og èt med livsroti. Men er det kje noko godt i vente, so er det ikkje noko verre, en at i verste fall, so er livet slutt med dette. Eg trur ikkje, at skaparen vaar læt nokon av skapningarne sine lida til ævleg tid utan betringsvon. Eg trur, at Gud er kjærleik, eg trur paa Kristus. Bed inderleg um aa faa tru!»

Eitt år ekstra på Toten

Fire generasjonar på verandaen i prestegarden. Frå venstre: Hans Huglen (far åt Kari), Anders Hovden, Kari Hovden f. Huglen med vesle-Anders Sopp Hovden på armen, Hroar Hovden.

Ei arbeidssam prestegjerning gjekk mot slutten. Hovden skriv ofte i dagboka si at nå er det ikkje lenge att til pensjonsalderen, og da vil han slutte, om han ikkje døyr føre den tida da. Kvar skulle Kari og han og borna gjera av seg når dei flytte frå prestegarden? Alt i 1926 har dei tala om dette: «Det er berre 3 ½ aar til aldersgrensa, 70 aar, og daa vil eg slutta (um eg liver saa lenge!) Men kvar skal me bu? Kari og eg kann aldri verte samde um det. Eg vilde helst vest og ho aust. Eg freistar spara pengar til hus». I 1929 tok dei til å sjå seg om etter hus. Dei var i Asker og i Bærum og fleire turar til Oslo. Det vart ikkje noko kjøp. Utpå haustparten i 1929 har det nok dregi etter med han Anders at det ikkje hadde vori så dumt å bli i stillinga eit år ekstra. «Folk flest her er sers glade i meg og vil gjerne eg skal vera», skriv han i dagboka, «men eg vil helst slutta, jamvel um eg vart beden um aa staa eitt år.»

Den 9. oktober 1929 i dagboka: «Eg hadde lyst i Den 17de Mai um huskjøp, eg vilde flytta i vår. Men i dag brev fraa sekretæren i Noregs Ungdomslag, at laget – utan eg visste det – hev søkt deptet um, at eg maa staa eit aar til, for at eg skal vera prest i verksemd ved Olsokfesten 1930.» Han trur bispen vil bli kvitt han, men avsluttar likevel husjakta. «Folket her rører paa seg, jamvel blant dei stridaste riksmålsfolk og vil gjera noko for aa faa ha meg lenger», skriv han 24. oktober. Og 29. november: «Ja, eg såg helst eg fær sleppa fraa. Men folket mitt vil vera». Og så 28. desember: «Det vert sagt, at det er dei paa Lillo som driv paa med denne presteavskilen». Da hadde han alt fått eit brev frå stortingsmann Alf Mjøen, der det stod:

Jeg vidste intet om at herr Sognepræsten stod ved Aldersgrænsen før jeg fik en skr. fra Kjøpmann L. Madshus. Det var en kjærkommen og til like lett Opgave å tale med Kirkestatsråden om at vor landskjente Totenprest ikke skulde tale i Nidarosdomen næste Aar som forhenværende Prest. Jeg fik den Forsikring, at saa ikke skulde skje.

Den 29. desember 1929 fekk Hovden melding frå departementet, gjennom biskop og prost, at han skulle stå i embetet til 1. mai 1931. Dermed vart alle flytteplanar og planar om huskjøp lagde på is. Hovden såg fram til den store Olavsfesten i Nidaros olsok 1930, 900-årsjubileet for slaget på Stiklestad. I programmet for festen kan vi lesa at Hovden skulle halde eit kyrkjeleg-nasjonalt foredrag i Nidarosdomen 31. juli 1930. Det såg han fram til, det gledde han seg til. Nå skulle han også få halde dette foredraget som sokneprest, ikkje som pensjonert sokneprest. Det heldt hardt å få gjennomført foredraget. Rett før han fylte 70 år fekk han blodstyrting og vart i hui og hast kjørt til sjukehuset på Gjøvik. Han låg på sjukehuset i over to månader. Den 11. juni kom han heimatt og 5. juli fekk han klarsignal frå doktor Bull på Gjøvik om at han kunne gjennomføre foredraget i Nidaros. Skal vi tru venstreavisa Nidaros, vart foredraget ein braksuksess. Høgreavisa Adresseavisen fortalde berre at kyrkja var fullsett under foredraget åt Hovden.

Etter turen til Nidaros starta husjakta att. Det var eit hus på Nordstrand som Staten skulle selja. Kari ville kjøpe, Anders var i tvil. Den 12. august skriv han i dagboka: «Kanskje me slær oss til paa Toten? Men det hev me mindre hug til.» Etter enda meir frå og til vart det huskjøp, og sparepengane rakk til. Den 22. oktober 1930 overtok han eigedomen Granhøi og døypte den om til Villa Huglo. Kari var fødd Huglen, far hennar kom frå øya Huglo i Sunnhordland.

Avskil med Toten

Hoffkyrkja i 2001.

Den 3. desember 1930 sende han avskilssøknad. «Det er reint rart. Ein daarleg prest hev eg vore. Men eg trur, vil gjerne tru paa Gud og Frelsaren». Den 12. desember høyrde han i radioen at regjeringa hadde innvilga avskilssøknaden. «Det skal verta gildt å verta fri, fri!» utbryt han i dagboka. Dagen etter hadde ungdomslaget Totningen «Hovdenkveld». «Gjev eg slapp aa vera tilstae!» skriv han i dagboka. «Eg skjemmast. Her paa Toten hev eg kje fenge tak i ungdomen.» Og så skulle dei spela «dette fillestykket mitt Elskhug og giftarmaal». Men, da han hadde vori på kvelden, var alt berre solskin att:

Det vart likevel ein gild Hovdenkveld den 13/12. Stappfullt hus, mest ungdom. Stor hugvarme. Det var prenta eit hefte av songane mine som dei song med kraft. Hoven styrde møtet greidt, han skein av velvilje. Bladstyrar Hoel heldt ei tale for meg. Gjev eg hadde vore slik som han sa! Skulestyrar Høverstad tala ogso, og han hadde dikta ein song til meg som dei song. Hurrarop og hugvarme. Det fillestykket mitt vart spela godt, og folk hadde moro. Gl. fru Rogneby hadde innstudert stykket og gjort mykje utav det. Kor folk er snilde, overlag snilde mot meg.

Rett føre påske vart han innvilga diktarløn av Stortinget, men han hadde fått halskatarr, så doktoren la ned preikeforbod palmesundag, skjærtorsdag og langfredag. Da kunne det hende at han kunne gjennomføre 1. og 2. påskedag. «Det er saart eg kje fær forretta i kyrkjene so mange helgedagar. Eg hadde trong til det. Stor saknad naar eg ikkje er prest lenger.»

Andredag påske, 6. april 1931, tok han avskil med Totenvika, 12. april med Balke. Den 13. april var han 71 år og heiste flagget: «No i dag er det siste gongen eg hev flagget upp paa denne gilde prestegarden. Det er vemodig forlata denne heimen min.» Og dagen etter: «Eg talde 44 starar i det store asketreet i hagen. Hev kje set so mange starar um vaaren fyrr. No vert det vaar i hagen og dei veldige trei kring tunet klær seg i sumarskrud. Det fell tungt aa forlata denne heimen no». Den 18. april noterer han i dagboka: «Folk ser verkeleg ”vemodige ut” når dei segjer: ”Skal presten forlata oss no?”» Den 20. april var det avskil med Nordlia, 23. april heldt lærarlaget avskilsfest. Sundag 26. april skriv han i dagboka:

«Avskilspreik i Hov kyrkja. (…) Full kyrkja, altret fullt av blomar. Eg var upplagd. Sterk stemning hjaa folket (6 barnedåpar). Eg sa farvel i kordøri og gav dei eit bilæte av meg (som tradisjon plar vera) til kyrkja. Alle reiste seg og song 1. vers av ”Gud signe vårt dyre”. Um kvelden stor fest i menighetshuset. Mange tala for meg: Ordf. Aass, skulestyrarane Tollersrud og Høverstad, Johan Hveem, pastor Olsen og fl. Hev aldri fenge so mykje kyt. Dei song av salmane mine. Eg let dei syngja: ”Fram paa vetteren stundom”. 5 av borni mine og Kari var der, traktering med god mat og ei mengd kaker.»

Den 27. april flytta Kari og Anders Hovden ut frå prestegarden for godt. «Me hev forlate denne gilde prestegarden for ollo», skriv han i dagboka. Anders tok inn hos sonen Hroar på Kapp, Kari låg over på Kraby, hos Otilie. Dagen etter drog Kari åt Oslo. Dagboka frå 29. april: «Var ei gravferd fraa gravkapellet. Det siste eg gjorde som sokneprest.» Den 30. april: «I dag er det siste dagen eg er prest – etter aa ha vore det i 40 aar. Rart! Men tilfreds for det hev gjenge so pass godt, og slutta so gildt, ja, ærefullt – meir enn eg hev fortent.» Den 2. mai 1931 drog Anders Hovden frå Toten. Da han kom til Oslo, vart det haldi stor fest for han i Det norske Teatret. Så tok ei travel pensjonisttid til, med reising, talar og dikting.

Vi kan saktens spørja oss kvifor sunnmøringen Anders Hovden søkte prestestillinga på Toten, kvifor han kom hit og kvifor han vart her så lenge. Øystein Hovden er nok inne på ein del av svaret på det siste spørsmålet når han seier dette om Hovden og totningane: «Om dei var mykje ulike i syn og meiningar om mange ting – i ein ting var dei gledeleg sams: der var breidde, romsleg sinnelag, stort frisyn og vidsyn og høgsyn, m.a.o. toleranse og framfor alt humør over båe partane!»

Øystein Hovden har sagt dette om mor si: «Som vaksen har eg ofte tenkt: Det var nok ikkje alltid berre ”ein dans på roser” å vera gift med ein mann som far – med sitt fargerike sinn og sitt sterke temperament – og samtidig vera kone og kokke og ha ansvar for styr og stell på desse svære prestegardane. Men ho Kari greidde det.»

Vi kan seia det same om Hovden og totningane. Det kunne ikkje støtt vera lett å takle ein diktarprest med «sitt fargerike sinn og sitt sterke temperament», men totningane greidde det. «Det som byrja så dramatisk (…), det enda så fredeleg», seier Øystein Hovden. Her òg må vi ha lov til å stille eit spørsmål: Slutta det så gjennomført idyllisk? Ein merknad Anders Hovden gjorde i dagboka si 12. april 1931, etter å ha preika i Balkekyrkja for siste gong, kan tyde på at ikkje alt var fryd og gammen: «Er glad eg er ferdig med dette kalde Balke anneks. Storbønderne der treng ingen kristendom.»

«På tomannshand – i samtale såleis – høyrde du sjeldan han skjemta. Da var det meir alvoret og vemodet som kom fram», seier Øystein Hovden om far sin. Det same ser vi når vi les dagbøkene hans. Alvor og vemod, tanken på døden og kva som kjem etter dette livet, kjensla av ikkje å strekke til, ikkje få gjort noko skikkeleg, går att i dagboka. Vi finn også reine sinneutbrott, og han fortalde dagboka kva han meinte var skakt i samfunnet. Da la han ikkje fingrane imellom. Vi møter ein prest med eit fargerikt sinn og eit sterkt temperament, der det var stutt veg mellom den høgaste tind og den djupaste avgrunn. Det var vel òg dette fargerike sinnet og sterke temperamentet som gjorde at han kunne gi oss alle sine salmar og songar. Ein del av sinneutbrotta og personkarakteristikkane er strokne over etterpå med brei penn. Somt har han stroki ut sjølv, andre ting har Kari stroki. Dette skal vi ha i mente når vi les kva Hovden skreiv om Toten og storbøndene på Toten i dagboka si. For det ligg heile tida under at han hadde det bra og treivst. «Toten-tida var for Anders Hovden og heile huslyden ei god tid!» seier Øystein Hovden.

Heilt til slutt vil eg ta med det Anders Hovden skreiv i dagboka si 7. februar 1932, etter at han hadde haldi andakt i radioen: «Fekk igaar brev fraa frk Larsen, styrar for ”Toten Skuleheim”, ho takkar so mykje for andakten i radio. Ho fortalde at det er tomt i Hov kyrkja, etter at eg reiste, og at dei saknar meg mykje. Sjølv hev ho ved meg faatt augo upp baade for norskdom og kristendom. Ja, slikt er gildt aa høyra».

Professor og kringkastingssjef Olav Midttun samanlikna Anders Hovden med Petter Dass: «Det stod mest som eit stormver kring han, det laga seg segner og legender om han, hans tale og åtferd.»

Anekdotar

Her følgjer nokre prøver på det som blir fortalt om Anders Hovden på Toten, nesten 100 år etter at han var prest her.

A Marja Hellna var mæ’ mor sinne åt kjørkjen. Hu var bærre 5 år gammal. - Nå lyt du sitta stille, for nå ska’ presten be Fadervår, sa mor hennes. Hovden bad på landsmål. Da såg småjinta opp på mor si, og så kom det, høgt, så ælle hørde det: - Dætta er itte Fadervår dætta ’ma, mor!

Ein synndag dreiv ’n La’ars på mæ’ høykjøringen da Hovden kom kjøren’ forbi. ’N La’ars hadde litt då’lig samvittigheit fordæ’n itte hadde tenkt seg åt kjørkjen, men dreiv på mæ’ tørrhøyi. Derfor gjømte’n seg bak ein høystakk. Men Hovden hadde sett ’n. Hænn stænse, og så rofte’n: - Du Lars, du hev vel ikkje ein skrå til meg?

Anders Hovden var godt likt i stuguom, fortalde Hans Bekkelund. Han gjekk nok i lag på storgardom, men han gjekk og til ”småfolket” og var saman med dei.

Konfirmænta var samle i Hoffkjørkjen. Hovden gikk i midtganga, stor og myndig og med buskete auebryn. Da fækk ’n sjå at ein liten gutt frå oppi Lensbygden hadde med seg ein tællkniv. - Går du med kniv i Guds hus, sa Hovden, litt brysk. Gutten vart nok både skamfull og redd, og stakk ti å gråte. - Nei, nei, sa Hovden, - du må ikkje ta slik på veg. Og så drog ’n opp præst’kjo’ol og tedde fram den store tællkniven som ’n støtt hadde hengen’ i bælti.

Det var medan Hans Bekkelund gjekk og las. Hovden spurde han kva han heitte. - Hans Olsen Bekkelund, svara guten. - Kva gjer far din? spurde presten. - Hænn har nå i lite småbruk. - Kva betyr det? - Hænn har nå lite jord, da. - Lite jord, sa Hovden, - for noko tull. Jordi er djup ho!

Anders Hovden og hans gode ven distriktslege Schjønsby hadde vori i eit lystig lag. På veg heimattover i sommarnatta drøfta dei, som så ofte elles, eksistensielle spørsmål om tru og tvil. Brått vart vegen i smalaste laget for presten, så han hamna nedi grøfta. Da kom det frå Hovden, nede i grøfta: - Eg trur eg hev mist trui!

På Hovsvangen skole var det avrøysting om radikale eller moderate former i bokmålet. Dei som gjekk inn for moderate former skulle samle seg i den eine enden av rommet, dei som ville ha dei radikale formene i den andre. Den radikale flokken talde fire personar: Hovden, ho Kari, frøken Kjølseth og adjunkt Toresen. Alle dei andre var samla i den andre enden. Da kom det frå Hovden: - Hvor salig er den lille flokk.

Hovden var i konfirmasjonslag. Utpå kvelden ville jentene i huset danse. Mora var i tvil om det paste seg og spurde presten. Svaret frå Hovden var klart og greitt: - Syndi sit vel ikkje i føtene, fru Holm.

Ein vinterdag opna Hovden preika si i Hoffskyrkja slik: - Då eg stod opp i dag såg eg det steig røyk or alle pipene i bygdi. Då tenkte eg med meg sjølv – no kokar dei mykje god mat på Toten.

Litteratur

Artikkelen er skriven av Olaf Nøkleby, og vart opphaveleg publisert i årboka til Mjøsmuseet i 2011. Nøkleby bygger på:

  • Engeset, J.K. 2002, Anders Hovden. Diktarprest og folketalar, Samlaget, Oslo.
  • Fladby, R., S. Imsen og H. Winge (red), 1975, Norsk historisk leksikon, Cappelen, Oslo.
  • Furre, B. 1999, Norsk historie 1914-2000. Industrisamfunnet frå vokstervisse til framtidstvil, Samlaget, Oslo.
  • Hovden, A. 1959, Attersyn, 5. utgåve, Olaf Nordlis Forlag, Oslo.
  • Hovden, A. 1994, Fagert er landet. Dikt, utval ved I. Grimstad og K.A. Hovden, Samlaget, Oslo.
  • Hovden, Ø. 1960, Anders Hovden. Eit nærportrett, Aschehoug, Oslo.
  • Hovden, Ø. 1970, Anders Hovden og Toten. Nokre glimt, manuskript i Handskriftsamlinga, Nasjonalbiblioteket, M4o 3690: 15b.
  • Hovden, Ø. 1972, Anders Hovden i kvardagslaget, Rune Forlag, Trondheim.
  • Kolsrud, O. (red), 1937, Nidaros og Stiklestad. Olavs-jubileet 1930. Minneskrift, Steenske Forlag, Oslo.
  • Midttun, O. 1960, Anders Hovden. Liv og dikting, Olaf Norlis Forlag, Oslo.
  • Øidne, G. 1957, «Litt om motsetninga mellom Austlandet og Vestlandet», i Syn og Segn, 63. årgangen, Samlaget, Oslo, s. 97-114.