Wikiens artikkel nr 25 000, om Bølerlia, ble lagt inn i påsken av Stig Rune Pedersen. Vi gratulerer så mye! :)

Kjeldearkiv:Høydal notlag

Fra lokalhistoriewiki.no
Gå til: navigasjon, søk
Vegna og fengda er i båten. Knut nyt roa.
Foto: Kjell Oddvar Høydalsvik
Høydal notlag
Kildeinformasjon
Navn: Knut Høydalsvik
Født: 29. september 1918
Død: 20. desember 2009
Sted: Høydalen (Volda)
Tidsrom: 1920- og 30-åra
Nedtegnet: 1990-2009
Metode for nedtegning: Eigenforfatta
Beskrivelse: Arbeidet i notlaget, mussa- og brislingfiske. Avskrift av handskrive manus ved sonen Stein Høydalsvik.
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Kor gamalt Høydal notlag var, er det ingen no som veit. Det finst ikkje noko papir som viser det, men notparten er med i skjøtet, visst nok ut på Bøen, i tida då bestefar min hadde parten, so notlaget må vere eldre enn frå 1850-åra.

Den fyrste tida var alle i bygda med, også dei i Dalen. Når det vart uppdaga sild, so var det å blåse i bukkehorn nede med notanaustet. I tillegg so vart det sett upp to bord, notafjølene, som skulde vise at det var alvor, og ikkje nokon som mora seg med å blåse i bukkehorn. Dette høyrde og såg dei ikkje fram i Dalen, so då bles dei i bukkehorn også uppe i Berget, for å varsle fram i Dalen. Dei i Dalen gjekk tidleg ut av laget, og då var det 14 partar att. Men det vart tungvindt å samla so mange. Det vart ofte til at dei som var nærmast både tok nota av henget, hadde den i notbåten og ofte kasta også, før dei siste kom.

Kor lang nota var veit eg ikkje. Ho var ganske lang, men ho var ikkje so djup. Det vart kompensert med å ha 8-10 dubbel med 5-6 meter lange dublestrengar (av tog). Nota var godt steina, so ho sokk, men det låg færingar på dubbla og heldt upp nota. Dei såg også ned på kavlen (korken) og kunde jage silda tilbake um ho vilde over.

Det vart brukt både ein notabåt og ein spelbåt, den siste står forresten på Sjøfartsmuseet på Bygdø. Nota var sjølvsagt i notabåten, og i spelbåten var eine notadråtten. Når dei skulde kaste, so rodde spelbåten i land og la fast båten, medan notabåten rodde rundt silda og i land med andre enden. So kom færingane på plass. I notabåten var ein rull midt i båten. Den vart snudd med handspaker som gjekk gjennom rullen, ein på kvar side. Det vart teke to-tre kast rundt rullen, ein heldt ann (drog i toget) og fire mann (eller to) sveiva rullen. I spelbåten var eit spel. Der var det to mann til å sveive, og ein til å halde ann.

Det seier seg sjølv at ei not treng vedlikehald. Når noko skulde gjerast, for eks. skifting av dårleg (råta) not med ny not, so var det å drage nota upp på nedste Vikeneset. Berget der var slett og fint, og med at nota vart hala upp og ned, so vart all vegetasjon burte. Nota vart dregen upp med kavlen øverst. På kavlen var det eit merke som viste kven det var som eigde den notbolken som gjekk fra kavlen og ned til grunnen. På vår part stod det K.V. Kvar hadde ansvar for sin part. Når nota var våt og det var godt ver, var det ofte at nota vart hala upp på neset for å få henne turka. Då kunde ein få henne i båten at, so ho var klar til bruk. Nota var av bomull og kunde ikkje liggje våt meir enn to tre dagar for då kunde det verte varmegang og då vart ho øydelagd (råtna).

Elles so var det å hengje henne upp i notanaustet. Det var som vanleg den tida eit grindebygg. Upp på bitane ut med rafta låg nokre solide stokkar over bitane på langs. Over dei låg stokkane som nota vart hengd på. Dei vart kalla spjakar. Når nota skulde hengast vart det laga ei passande bukt nede. Oppe i taket var det ei blokk med tog som gjekk ned i ein svær krok av eine. Notbukta vart hengd i kroken, og so vart den heisa upp og dei fekk køyre spjaken inn i bukta. Etterpå var det å greide nota utover spjaken so ho fekk turke. Det var to mann som vagla der uppe, oftast av dei yngste. Det gjekk som regel godt, men ein gong var det ein som datt ned. Han datt ned over einekroken og slo den av, men elles so gjekk det visst bra.

Frå den fyrste tida eg hugser og like til krigen, var far bas for notlaget. Den tida var fjorden ofte full av småsild, mussa kalla me den. Den var 12-15 cm lang og det var ingen restriksjonar på fangst. Som regel gjekk den til sildeolje/guano, men av og til ogso til hermetikk og det var sjølvsagt betre betalt. Når silda gjekk høgt i sjøen, var den å sjå som brune flak. Det kalla me bronkar. Dei viste best når det var sol. Når me var uppe på fjellet og gjætte, kunde me av og til sjå mange slike bronkar nede på fjorden. Men det var ein hake med det. Silda måtte vere nær land, elles kunde ein ikkje taka henne med nota. Når det var sild i fjorden hadde far atskillige turar inn på Rabben for å sjå etter bronkar. Det var liksom basen sin jobb å passe på slikt.

Men det gjævaste var når her var brisling. Året 1928 vart kalla brislingåret. Me ligg i grenselandet for brislingen. Som regel kjem han ikkje so langt nord, men det året var det her han var. Det vart hektisk då dei uppdaga at det var brisling i fjorden. Kor mykje notlaget her tok veit eg ikkje (eg vart 10 år det året). Men eg veit at ein morgon han far var inn på Rabben, so såg han ein stor bronke inn på Bugane. Han gjorde alarm, og so var det å ro på spreng inn dit. Der stod brislingen, dei kasta og fekk eit godt kast. Dei hadde meir andre stader. Men so måtte dei melde inn fangsten for å selje den, og då var det gjort. Fjorden vart full av snurparar, like frå Rogaland. At her var 30-40 snurparar er ikkje for mykje sagt. Då var det slutt for landnota. Det vart fiska mykje brisling. Her nede på Vika stod mange steng og elles også rundt strendene her stod det steng. Brislingen gjekk til hermetikk. Mest til Bergen og Stavanger. Hugsar at prisen var 7,50 pr skjeppe (20 l).

Personlige verktøy
Navnerom

Varianter
Handlinger
Avdelinger
Forsider
Verktøy