Kjeldearkiv:Intervju med Nordlandsskipper Gunnar Kathenes

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Kyrkjeskipet i Tysnes kyrkje er ein modell av galeasen ”Loyal” frå Tysnes, laga av eigaren Martin Kathenes, son til Gunnar Kathenes. Då skuta gjekk ut or skipsregisteret på 1960-talet skal ho ha vore den største seilskuta her til lands utanom skuleskipa. (Foto: Knut Rage)

Den såkalla Nordlandsfarten var eit viktig innslag i det økonomiske grunnlaget for mange fiskerbønder i Sunnhordland frå midten av 1800-talet og fram til første verdskrigen, då dei reiste på fiske først til Lofoten og seinare heilt til Finnmark. Etter kvart vart denne trafikken relativt omfattande.

I 1951 vart ein av skipperane som reiste på Nordlandsfarten intervjua av Sjurd Tysnes (1879-1967) til juleheftet "Njardarlog - helsing frå Tysnes". Gunnar Kathenes (1860-1957) var ein av dei mest kjende Nordlandsskipperane.

Teksten er ordrett skrive av etter originalteksten, med berre nokre minimale språklege justeringar.

Intervju med Gunnar Kathenes

I siste luten av det fyrre hundreåret hadde Tysnes ein stor økonomisk vokster ved nordlandsfarten. Visstnok må ein vel seia at innkomene mælte i kroner ruva ikkje så stort samanlikna med kronetalet me reknar med i dag, men pengane hadde så mykje større verd den gongen.

For ei tid sidan tala eg med Gunnar Kathenes om nordlandsfarten.

- Du er vel den eldste av jaktskiprane som lever no ?

- Å nei, eg er nok ikkje det heller. Lars Belt frå Malkenes er 95 år, og Lars Humlevik frå Vernøy er 92. Eg er berre 91, eg. Men son min, Martin, er den yngste av nordlandsskiprane.

- Men 91 år er no ein høg alder det òg.

- Du veit det. Men som eg sa, det er dei som er eldre.

- Kva tid var det nordlandsfarten tok til?

- Det var så ikring 1870. Jakob Teigland var den fyrste som fòr nordetter som skipper, og så Tollev Onarheim og Hans Kvitavollsnes.

- Kva årstid fòr de nordetter?

- Det var så i slutten av januar.

- Midt på svartaste vinteren!

- Det var no det. Surt og kaldt kunne det vera og stormande attåt. Og leia var ikkje oppmerkt heller, slik som no, med stakar og seglmerke og fyrlampar. Fyrste åra var det berre 7- 8 fyrar mellom Bergen og Vardø. Me laut segla etter méd i fjelltoppar, øyar, holmar og skjer. Måtte me kryssa, laut me vera kjende utanom beine leia òg.

- Og hjelperåder?

- Me hadde nok kompass, men kart var det så ymse med. Ja, det var dei som ikkje ville ha noko kart. Ein laut vera så kjend, meinte dei, at ein kunne hjelpa seg for utan. To av dei mest namngjetne kjendtmenn var Hans Gripne og Mikal Simonsen Malkenes. Han flytte sidan til Florøy og busette seg der. Attåt vinterturane hadde me også sumarturar nordover på sildesalting. Då tok me nordetter jonsoktider. Sildefisket kunne slå til heile kysten nordetter, og då galdt det å vera på rette staden, der fisket slo til, då kunne ein få last i ei handevending, for rimeleg pris òg, gjerne.

- Det var mykje på lukka å lita då for det meste ?

- Ein kan gjerne seia det. Fekk ein last straks, fòr ein gjerne til Bergen og selde, fekk tynner og salt og tok ein tur til i same farten.

Ofte vart det storfiske så seint som i advent, og då kom ein ikkje heimatt før tett inn under jul.

- Korleis var det med finnmarksfisket, tok de del i det?

- Jau, mange dreiv det og. Då losa me lofotfisken på ein turkeplass i Nordland, og så var det fisketurkarane som hadde ansvaret for god handsaming av fisken, så det kunne verta god handelsvare.

- Dei fleste gjorde både Lofots- og Finnmarkstur då ?

- Det er ikkje så godt å svara på . Mange reiste heim frå Lofoten og turka fisken heime. Såleis var det turkeplassar på Lambøyo på Reksteren, likeeins på Teiglandsholmen, på Krabbepollen, på Flatøyo og på Årbakkasanden.

- Kor store farty var det de hadde på nordlandsfarten ?

- Ei jakt kunne lasta frå fire til seks-sju hundre tynner. Dei på åtte hundre og meir vart rigga som galeasar.

- Kor mykje kosta eit slikt farty med rigg og segl?

- Eg fekk «Armanda» i 1894. Ho kosta då 9000 kr. Elles vart no kostnaden etter så store dei var, og kor vel dei var utstyrde.

- Kor stort mannskap hadde de ?

- På ei medels jakt var me fem attåt skipperen.

- Og hyra?

- Ein bestmann hadde frå 74-16 kroner veka, ein flekkjar 72-78, saltaren 10-11 og kokken 6-7 kroner veka. Dei var drygare den gongen, pengane, og ungdomen passa betre på dei den gongen enn dei gjer no.

- Og dei kom vel heimatt, dei som fòr på Nordland?

- Ikkje alle. Jakt «Anna» , skipper Størk Våge kom sporlaust bort på reis frå Bergen til Lofoten, og jakt «Mathilde» , skipper John Johnsen Øvrevåge likeeins på ferd frå Bergen til Kristiansund N. Jakt «Nordenskjold» på reis frå Nordland til Bergen, miste to mann, skipperen Johannes Tho og bestmannen Ingebrigt Økland. Jakt «Akselianna» hadde slep med D.S. «Mimer» på ferd til Lofoten, og nord på Sognesjøen slitna sleparen under storm, og fartyet dreiv på land og sakk. Tre mann kom bort, derav to frå Tysnes. Dei to som vart berga, stod på eit lite skjer heile natta og var svært forkomne då dei vart berga. Galeas «Moder» skipper Eide på ferd frå Kristiansund N. til Lofoten 1911 gjekk under ein stormdag på Vestfjorden, og heile mannskapet kom bort, mellom dei var tre frå Tysnes. Men for det meste gjekk det vel.

- Var du nokon gong ute i storver?

- Ja, mange gonger, men den verste stormen eg var ute i, var Titranstormen hausten 1899. Det vert fortalt at etter den stormen vart det 150 enkjer att på Titran. Heile fiskarflåten var ute, og stormen kom så fort at få kom seg i hamn i tide. Me var omlag 40 farty som segla ut frå Rørvik den morgonen, men dei fleste rømde unda veret og kom inn til Oplefjorden, og ein del kom inn til Namsen. Me var fire farty som kom over Folla, og to av dei var frå Tysnes. Det var galeas « Alianse», skipper W. Torbjørnsen og me med « Armanda». Me førde små segl, trereva storesegl, reva stagfokk og klyver. Eg hadde svært dugande folk den gongen, og det gjorde mykje til at me greidde oss så godt. Det var Ole Hansen Malkenes, Rasmus Røen og Helge Lunde som var med på den turen. Då me kom inn i leia, fekk me verkeIeg sjå kor sterk stormen hadde vore. Sjøhus var nedblesne, farty og båtar drevne på land. To tysnesfarty som låg til ankers, dreiv på land og vart totalvrak. Det var jakt «Anna Marie», skipper Lars Belt og jakt «Håbet», skipper Nils Humlevik.

- Kor mange farty hadde Tysnes i nordlandsfarten på det meste ?

- Mellom 90 og 100, tenkjer eg.

- Det var bortimot 500 mann frå Tysnes som hadde arbeid der då, på det likaste?

- Så på lag ja.

- Det er vel så at når du står ved hoggestabben og pikkar opp småved, eller du tek båten og kikkar utpå etter små torsken, så tek tanken ut på langferd? Du står med rortaljen i handa på hyttetaket i tett snøkave og strid kuling - ?

- Å jau, eg minnest dei dagane.

Andletet lyser opp i ein ljos smil, og augo vert blanke. Kanskje han i ein blenk lever opp att ei sumarnatt på Finnmarkshavet med midnattssola stor og raud i nord, stilt og blankt, på sjøen havbåra rullar sakte, og skuta duvar så smått i roleg voggande byigjer. Solglansen gyller havet, det glitrar i båretoppane, det lyser som sylv og bronse så langt som auga timjar.

Kjelde

  • "Njardarlog - helsing frå Tysnes", utg. Studieringen Viking, 1951.