Kjeldearkiv:Jøger Sagahaugen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Artikkelen er henta frå Tidsskrift for Valdres historielag 1952

Gamle Valdres-spelmenn

Jøger Sagahaugen

av Olav Moe

Jøger Sagahaugen var fødd i Mørken i Heggebygdi, Øystre Slidre i 1822 og døydde i Sagahaugen i same grendi 1902.
Jøger var stor, sterk og rakvaksen og ein uvanleg hendig og dugande arbeidskar. I slåttonni var det snautt um nokon slåttekar i heile grendi kunde fylgja han i skårgangen. — Og same eins var det i alle arbeidsyrke. Ja, endåtil då han var i 80-årsalderen, tok han lett ein halvtunnesekk korn på ryggen og bar han frå Sagahaugen til mylla, fekk kornet male og bar sekken heimatt til Sagahaugen — umlag ei halv norsk mil.

Det var ikkje berre som menneske og arbeidskar han merka seg ut og vart åtgådd. Han var og stor i samfunnslivet. I åndslivet gjorde han seg ogso gjeldande. Daglegdags var han ordhag og spøkefull saman med sambygdingar og andre han kom saman med. Sers vaken var han for all slag velklang i musikk og song og tilmed i ordformer i samtalen. Slåttemusikken var han mykje uppglødd for. Han var ikkje stor karen før han fekk tak i ei liti fela. Og spelmann vart han, og god spelmann, alt i ung alder.

Fyrste læremeisteren hans i slåttespel var bonde Torstein Røyne frå same grendelag. Torstein Røyne var av læregutane til Jørn Hilme og kjøpte som ung mann i 1860-talet den kjende hardingfela «Børka» av Trond Isakson Flatabø i Hardanger. Fela er no i St. Paul, USA. Jøger vart soleis upplærd i retteleg Hilme-spel; men det var ikkje lenge før han forma slåttane etter eige hugdrag. På eit vis kan ein seia det var Hilme-slåttar han spela, men rett nok med Sagahaug-umforming.

Jøger var stort sett festspelmann og spela vanlegvis i alle dei gjestebod og danselag som var i Øystre Slidre og vidare ikring. Og spelet hans var forma etter det.
Som døme kan ein nemna at den sermerkte Hilme-slåtten «Heksedansen» eller «Kjeglesmeden» som Bendik i Nø'n kalla slåtten, fekk ein heilt annan dåm og svip i den form som Sagahaugen spela han. Dei uvanleg rike innslag med ei mengd triolar, ja til og med firolar (ristetak) laga Jøger um til sløyfingar. Det gjorde sjølvsagt slåtten ringare som slått å nemna, men slåtten vart meir lettspelt og med ei meir fløymande dansetakt. Og det var nett det Jøger hadde bruk for som den dugande og ettertrådde festspelmann han var.

Det kan med rett seiast at Jøger Sagahaugen forma det dansespelet som rådde i Øystre Slidre i hans tid og enno råder i bygdi. Ein av dei som frå fyrst av lærde sitt meste og beste slåttespel av Jøger, lever enno. Det er den velkjende Ola Okshovd. Og likeeins lærde Nils Beitohaugen mykje godt spel av Sagahaugen — um det nok i røyndi var Krøsshaug-spelet som merka Beitohaug-spelet mest. I huldreslåttane, lyarslåttane og finspel der heldt Jøger Sagahaugen seg strengt til Hilme-spelet som han i unge år lærde av Torstein Røyne. Og der var Jøger stor! —

Det var berre i dansespelet at Jøger laga si eiga form, og i danselaget sopte han lettvint over mykje av dei trollske bogedragi etter Jørn Hilme.

Jøger Sagahaugen laga ogso eigne slåttar og var stort sett ein av dei spelmenn i Valdres som verkeleg skapte noko personleg i felespelet.
/ Olav Moe.