Kjeldearkiv:Joli i 1929 (Auestad i Mykland)

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Kjeldearkiv:Joli i 1929»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Joli i 1929
Kjeldeinformasjon
Navn: Tone Auestad (g. Aakhus)
Født: 1916
Død: 1992
Sted: Auestad i Mykland
Tidsrom: 1929
Nedtegnet: 1930
Metode for nedtegning: Egenforfattet
Nedtegnet av: Tone Auestad (g. Aakhus)
Beskrivelse: Dette er ein skulestil som Tone skreiv då ho var 13 år gamal og elev ved Ytre Lauvrak skule. Stilen fekk ho Sg på.

Tone var det sjette av Olav Terjeson Auestad og [Ragnhild] Sofie Jonsdtr. Mykjåland sine 8 born.

Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

«Joli i 1929»

Fyrr jol hadde me det svært travelt.
Mamma og eg streva frå tidleg um
morgonen til seint på kvelden dei
3 - 4 dagane fyrr jol. Fyrst var det å
vaska og og pussa og stella upp i huset.
So var det klædevask, stryka og rulla
dei reine klædi, og so til slutt kake -
baking. Det var det gildaste. Lille jolaf-
tan heldt mamma og eg på til klokka
1/2 12 um kvelden. Mamma baka brød og
dei verste kakone, og eg baka dei som
var lettare å få til. Jolaftan var
me uppe klokk 6. Fyrst var det i fjøset,
so å stella på maten og vaska upp,
og so laut me vaska i værelsane att.
Men det var ikkje so lenge; for me had-
de vaska so fint fyrr. Jolegran had-
de pappa funne dagen fyrr, so no
var det berre å pynta ho. Det tok tid;
for fint laut det vera. Og fin vart ho
då me var ferdige, det var me alle
samde um. So måtte måtte me skif-
bada og skifta på oss nye klæde.
So var det i fjøset att, og so inn å stel-
la på jolemat. Då me var ferdige, var
klokka 6. So sette me oss til å eta. Og
det var mat som sa sekjs, tykte alle.
Då me hadde vaska upp, gjekk me
rundt joletreet. Seinare på kvelden
kom det ein jolenisse me ein stor sekk
full av pakkor. Men det rare var at
John ikkje var inne nettupp då.
Nissen delte ut pakkone. Me fekk
nokre pakkor kvar alle saman av det
me helst hadde ynskt oss. Sidan gjekk
me rundt treet att. Men klokka
vart mange, og so laut me kravla
oss til sengs.

Stilen, skrive av Tone.