Kjeldearkiv:Knut Bendikson Sjåheim

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Artikkelen er henta frå Tidsskrift for Valdres historielag 1944 Gamle Valdres-spelmenn. VIII.

Sjåheimguten

Knut Bendikson Sjåheim

av Olav Moe

Knut Bendikson Sjåheim var uekte fødd den 14. jan. 1849. Mori Ingrid Jakobsdotter var frå ein liten heim. Sjåheim, i Fauskegrendi i Røn, Vestre Slidre. Faren var ein Bendik (Knutson Rogne, i Milo frå Kolstadgrendi i Øystre Slidre.

Som ventande var, vaks Sjåheimguten upp i uvanleg småe kår og laut «taka til seg sjølv» fyrr han var konfirmera.

Liten og sped som han var i heile uppvokstren - ja elles heile livet - vart han soleis aldri nokon retteleg arbeidskar og kunde ikkje tena livsupphaldet med vanleg arbeid. Men musikkgivnad hadde han, og spelet vart då livebrødet hans for det meste. Ei skarvefela hadde han ved godtfolks hjelp fenge tak i allereide i unge år. Denne drog han med seg under trøyebladet eller i beste fall i eit klæde der han for. Og spela kunde han alt i skulealderen og spela i dans og lag betre enn mange andre.

Heime hjå mori i Fauskegrendi var han lite. Derimot hadde han nære skyldfolk i ein plass ovanfor Moe og der heldt han seg for det meste og fekk litt mat saman med dei andre i huset når han ikkje var på spelferd — som tidt var.
Denne vesle Mosåsplassen var då den eigentlege heimen hans. Soveplassen var ein hjell uppe på vaglåsane i raustet. Der låg han ogso mesteparten av dagen og spela og trampa takti i åsane over seg.

Nokon sers læremeister hadde han ikkje. Han var fødd pålag i den tidi Jørn Hilme døydde — litt fyrr - og hadde Hilmespelet soleis umveges frå læresveinane etter Hilmen. Det var soleis Hilmespel han spela, men med eigen farge og dåm. Elles var han på spelferd i andre bygder enn Valdres med — både austan- og vestanfjells og lærde og bytte spel - mest i Vossebygdene og Hardang.

Men støtt hadde han sin eigen måte å føra det fram på. Soleis spela han den kjende hardingslåtten «Nordfjorden» so sildrefint at eg aldri hev høyrt eller høyrt tale um nokon som spela han so naudfint og formfagert. Var Sjåheimen i eit lag der dansen gjekk frisk og fyrig, kunde han gjerne føra ei sjølvstendig samtale med sidemannen sin på same tid som han spela. Og var det i dansaringen ei gjente han interessera seg for, kunde han gjeva henne ein sprett av bogen eller slenge eit skjemtande ord til henne i dansen, alt medan han spela som best.
Litt over 20 år gamal for Knut Sjåheim til Amerika, som so mange gåverike ungdomar gjorde den tid. Livet hans vart der som det hadde vore her heime. Det vart spelingi som han livde av. Noko retteleg arbeid vart det aldri med han. Tok han seg ei ender gong på tak og fekk seg arbeid, so gjekk det tilslutt upp i spel. Vart han t. d. med i «harvisten», som det heiter i U. S. A., det vil seia — vart med i eit treskjelag, so vart det jamnast til at «Sjåheim-guten» sat i halmhaugen og spela, medan dei andre arbeidde, og so fekk han si løn tilliks med dei andre i treskelaget.

Spelet hans vekte undring der han vanka i private lag, som når han hadde sine små spelkveldar i skulehus e. l. ute på prærien. Stundom kunde han ogso taka ein tur til ein av byane og spela konsert der for eit større publikum. Og jam­vel der gjekk gjetordet stort um spelet hans. Ein gong var han soleis so heldig at han i Chicago fekk høve til å spela for Ole Bull. Han sagde etterpå at Knut Sjåheim var ein av dei beste han hadde høyrt til å spela «vilt spel». Det vilde ikkje seia so lite, når me hugsar på at Bull hadde høyrt og spela saman med spelmenn som Myllarguten.

Men det som for meg veg vel so mykje, det er noko som telemarkingen, Lars Fykerud, sagde um han til meg ein gong. Det var straks Fykerud var attkomen frå si spelferd i Ame­rika.
Det er velkjent at Fykerud var uvanleg sjølvgod og brydsk av seg når det var tale um andre spelmenn. Ingen var god nok, snautt nok sambygdingen hans Leiv Sandsdalen, som livde på same tid. «Det er berre Lars Hansen Fykerud som kan spela,» sagde han når han var i sitt rette lune. I eit samvære med Fykerud i Oslo, der han fortalde meg um spelferdene sine, og dei spelmenn han hadde møtt i livet, sagde han: «Eg hev ikkje møtt meir enn ein norsk spelmann som eg tek hatten av for. Det var ein valdres burte i Nord­vesten og som heitte Knut Sjåheim. Han kwide spela - u hui! —» lagde han til.
Det at Lars Fykerud, som elles ikkje godkjende nokon an­nan, bruka slike ord um Sjåheim-guten det seier meir enn noko anna.

«Det var eit skirsla, harmonisk og kraftig spel han hadde. Sjåheim-guten» — sagde far min som voks upp saman med han, og som ogso spela litt sjølv. Noko liknande sagde Jørn Røn, som var frå same bygd — god spelmann og sers inter­essert i spel — og på same alder. Ola søre Fauske som ogso var jamaldring med Sjåheimen, og frå grendi der han var fødd, fortalde meg ein gong at «når Sjåheimguten i eit lag sette i med slåtten, då var det som heile danseflokken lettast upp frå sætet der dei sat, med ein gong,» sagde han. «Taktfast og kraftig og dertil liljande fint spela han,» lagde han til.

At Sjåheimen var ein slik meisterspelmann, kan ein merka på dei slåttane som enno er att etter han. Det er ikkje mange, som venteleg er, so ung som han var då han for ut, men dei få som er, skil seg heilt ut i ynde og kraft frå anna vanleg dansespel.

Personleg råka eg aldri saman med Sjåheimguten. Han for til Amerika pålag då eg vart fødd. Heller ikkje under spelferdi mi i Amerika var eg so heldig at eg råka på han. Han var då i 60-årsalderen. Men av alt eg hev høyrt um han, og av dei slåttane som er att etter han her heime, stend han for meg som eit musikkgeni av rang.
/ Olav Moe.