Kjeldearkiv:Sjangrar i lokalhistoriewikien

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Det følgjande er eit innleiingsforedrag underskrivne heldt på seminaret lokalhistorie.no; status og muligheter, Oslo (Halvbroren) 4.-5. september 2009. Eg har nyleg fiksa mellomtitlar, og kan kome til å føreta fleire kosmetiske endringar, men utan å endre innhaldet. Dokumentet er tidsbestemt til det seminaret den gongen på det stadiet wikien da var - og med den innsikt og forstand foredragshaldaren på det tidspunktet rådde over. For ordens skuld legg eg til at synsmåtane etter mi eiga meining framleis har relevans i diskusjonen om kva retning vi vil at lokalhistoriewiki.no skal utvikle seg. Derimot kan fleire av artiklane det blir lenka til i foredragsteksten, ha mista aktualitet som sjangerillustrasjonar, da dei er påbygde og endra i mellomtida. Hans P. Hosar 5. jan 2012 kl. 08:09 (CET)


Korleis skilje mellom ulike sjangrar, og korleis kan wikien brukast til sjangerfornying?

Alle oppslag i wikien blir kalla artiklar. Det gjeld anten det dreiar seg om ei livfull beretning eller minnesamling om Rom-farten i Verdal 1960, ei rettleiing i bruk av bilete som kjelder, ei omstendeleg framstilling av Skjåk-bygda si historie, eller ei drøftande utgreiing av omgrepet syntese i historiefaget. Også reine oppramsingar og lister blir kalla artiklar. Det ligg såleis opp i dagen at artikkelmassen omfattar ei rekkje sjangrar innan ein stor sekk med sakprosa i (relativt) kort form. Det er langt frå berre det vi vanlegvis tenkjer på som leksikonartiklar, som fyller dette lokalhistoriske oppslagsverket.


Påviselege skriftsjangrar i lokalhistoriewikien

Ein (skrift)sjanger er ein type tekst som det konvensjonelt er stilt bestemte krav og forventningar til med omsyn til kva element som skal vere med, kva skrivemåte og stil som høver, og korleis skriftstykket i det heile teke skal sjå ut.

For å skaffe seg eit tenleg oversyn over korleis lokalhistoriewikien faktisk er samansett av ulike sjangrar, må vi tømme sekken, sortere og vurdere. Da kan vi også betre drøfte spørsmålet om det er ein eller fleire av dei sorterte haugane – eller kanskje også sjangrar som vi ikkje finn i sekken - vi særskilt bør oppmuntre og dyrke fram for å fremje vår felles gode sak. Eg vil foreslå følgjande sjangersortering, med konvensjonelt tilhøyrande skrivemåtar (stil).

Leksikonartiklar

(Etter måten korte, sakleg utgreiiande og faktaorienterte tekster, det vere seg om stader, personar, institusjonar, organisasjonar og bedrifter, hendingar, ord og uttrykk, meir abstrakte omgrep, dei ymsaste slags saksforhold.)
Idealet er verdinøytrale, eller iallfall ikkje-tendensiøse tekster. Skrivemåten er fortrinnsvis annotativ, dvs med bruk av direkte beteiknande ord framfor omskriving og biletbruk og assosiasjons- og kjenslevekkjande uttrykk.
Ein kan vel tilrå – som det til dels er forsøkt i retningslinjene på wikien – i nokon mon å standardisere leksikonartiklar med felles tema. Eg tenkjer på slikt som biografiar, organisasjons- og bedriftshistorikkar, utgreiingar om gardar, grender, kommunar og andre typar stader og område osv, jf. lokalhistoriewikiens og Wikipedias stilmanualar. Ein kan altså (truleg med fordel) framelske undersjangrar av leksikonartikkelen.
Dei aller fleste artiklane i wikien er skrivne ut frå meir eller mindre medvitne leksikalske intensjonar, men svært mange har samstundes tydelege, stundom dominerande innslag av andre sjangrar, blant andre følgjande:

Kompilasjonar (”samanraskingar”)

Denne nemninga trekkjer eg inn under tvil. Det gjeld faktasamlingar om eit tema utan ein gjennomtenkt framstillingsstruktur og utan særleg tanke på veging av det viktige mot det uviktige. Som oftast er vel dette uferdig vare, både slik det framtrår og ut frå opphavspersonens intensjon.
I den grad det dreiar seg om presumtivt fullførte artiklar, kunne ein kanskje heller definere kompilasjonen som ein ufullkomen leksikonartikkel. Stubbmerka artiklar kan vel i så fall førast under denne kategorien.
Døme: Harstad under okkupasjonen

Forteljingar

(Strukturert etter gangen i historiske hendingsrekkjer, gjerne med dramatiske høgdepunkt.) Skrivemåten skal helst vere munnleg prega med utstrekt bruk av litterære knep for å skape spenning, engasjement og underhaldning.
Døme: Rom-farten i Verdal 1960. (?) Bygdøy, fra ladegård til kongsgård (?)

Essays

(Artiklar som går ut over leksikonartikkelens nøytralt refererte kunnskapsstoff og inn i drøfting av problemstillingar med meir eller mindre eksplisitte eigne standpunkt til fenomenet som blir omtala.)
I essays blir det nytta både utgreiande og argumentative skrivemåtar, ikkje sjeldan blir humoren teken i bruk, og ein finn også innslag av agitatorisk og suggestiv stil. Dei to sistnemnde skrivemåtane, agitasjonen (som blir nytta for å bevege til handling) og den suggestive stilen (som skal vekkje kjensler) er verkeråder som eigentleg berre høyrer heime i den politiske og poetiske litteraturen, dvs. i pamflettar og kampskrift og i dei ymse skjønnlitterære sjangrane. Dei fleste vil vel vere samde om at det er desse skrivemåtane ein bør vere mest varsam med å nytte innan wikien.
Overgangen frå leksikonartikkel til essay er elles glidande, og likeins frå essay til det ein kan kalle kåseri (lett, underhaldande foredrag, helst munnleg framført). Artiklar som eg ville karakteristisere som essayistiske, er truleg i dei fleste tilfella meint å skulle vere ”leksikonartiklar”
Døme: Det store hamskiftet. Hjelp:Lokalsamfunn.

Avhandlingar

(Forskingsarbeid, konvensjonelt beståande av problemstilling, hypotese, eksposisjon, konklusjon – i vesentleg mon basert på primærkjelder. Eit fullstendig vitskapleg apparat er her obligatorisk.)
Til denne sjangeren høyrer den sakleg utgreiande og argumentative skrivemåten, med høg grad av omgrepspresisjon og annotativt språk.
Det finst knapt døme på eigentlege avhandlingar enno i wikien. Men det finst tilløp til originalt forskingsbaserte artiklar. Det gjeld til dømes Dag Bertelsens (Bruker:Dageb) artikkelserie om kyrkjer i mellomalderen. Dei er absolutt baserte på primærforsking, og kunne munne ut i noko som har meir genuint avhandlingsform, om vi legg til rette for det, til dømes i eit eige namnerom for avhandlingar (sjå nedanfor).

Rettleiingar

(Lærebokstoff, handbokartiklar, bruksanvisningar.)
Skrivemåten her må nødvendigvis vere normativ, og kan ofte av pedagogiske omsyn med fordel vere myndig i tonen, men treng vel ikkje av den grunn vere doserande, befalande og autoritær.
Om vi ser bort frå dei wiki-interne rettleiingane, gjeld dette artiklar som i utgangspunktet vel er reserverte for rommet for lokalhistorisk metode. (Hjelp:Bilder som kilde.) Ein god del av stoffet i metode-rommet er likevel ikkje rettleiingar i snever forstand, altså av typen «gjer slik og slik eller slik!». Det er snarare leksikalske og essayistiske utgreiingar om omgrep frå historisk teori- og metodelære (syntese, mikrohistorie, lokalsamfunn etc).

Med mogleg unntak av den store sekken med regulære leksikonartiklar, kan ein knapt seie at nokon av sjangerkategoriane ovanfor finst i rein form på lokalhistoriewikien. Sjangerblanding i den einskilde artikkelen og ein mikstur av ulike sjangrar i artikkelmassen sett under eitt, pregar nettstaden.

Audiovisuelle sjangrar

Utanom artiklane (tekstframstillingane av dei ymse slag) har ein heilt andre aktuelle sjangrar, til dels realisert via andre medium, som:

  • film og video
  • stillbilete-seriar
  • teikneseriar
  • animasjonar
  • lydframstillingar
  • dynamiske kart
  • tredimensjonale framstillingar av arkitektur- og landskapshistorie osv.

(Det seier seg vel sjølv at det berre er non-fiction variantar av ovannemnde sjangrar som er aktuelle i vår samanheng.)

Det gjeld for heile denne siste lista at det ikkje treng dreie seg om ulike sjølvstendige sjangrar, men at dei ulike media kan brukast for illustrasjonsføremål innan dei ulike skriftsjangrane. Vi forutser at fleire av dei audiovisuelle sjangrane blir meir og meir aktuelle, og meir og meir ståande på eigne bein, etter kvart som wikien utviklar seg i innhald og tekniske løysingar. Enno er det lite og ingenting av det. Det finst døme på stillbileteseriar (Klippfisk). Elles er det rikeleg med fotografi og kart, men med unntak av den nemnde fotodemonstrasjonen er dette visuelle materialet nytta nettopp berre som illustrasjonar.


Kva for sjangrar vil vi da helst ha på wikien? for å kunne ...

Med utgangspunkt i (for eksempel?) ovanståande systematiske framstilling av aktuelle og potensielle sjangrar med tilhøyrande skrivemåtar på wikien, stiller vi da følgjande spørsmål: Kva sjanger eller sjangrar er det vi – NLI så vel som kvar einskild av dei som nyttar bruksretten til denne delen av kunnskapsålmenninga - spesielt bør oppmuntre til og framelske på lokalhistoriewiki.no? Da må vi fyrst sjå nærare på kva vi skal bestemme oss for å leggje i det eg ved starten omtala som vår «felles gode sak».

NLI for sin del har ganske glitrande visjonar og ambisiøse mål for wikien. I instituttets strategiplan er dette uttrykt i sju punkt. Eg skal ta føre meg desse i den grad eg finn at det har relevans til sjangerproblematikken. Wikien skal i følgje strategiplanen for eksempel …

« ... bli det autoritative lokalhistoriske oppslagsverket her til lands»

Leksikonartiklane vil, trur eg, alltid utgjere hovudstomnen i lokalhistoriewiki.no. Målet er å få denne hovudstomnen til å bestå av gode, etterrettelege og veldokumenterte artiklar med lokalhistorisk relevans. Dette er eit nøkternt og overkommeleg mål. Om ingen andre av dei store ambisjonane heilt skulle slå til som vi håpar, er jo allereie nå wikien eit nyttig og verdfullt landsomfattande lokalhistorik oppslagsverk på nett.

Det er ein tenkjeleg policy å reindyrke leksikonsjangeren, slik Wikipedia og andre både encyclopediske og meir tematisk avgrensa oppslagsverk på nettet tilstrevar. Det er fleire gode grunnar som kan førast opp for det, ikkje minst den at det er leksikonsjangeren som ligg best til rette for dugnadsbasert artikkelproduksjon. Men heilt frå starten av har det vel vore tenkt og ønskt både frå NLI og dei frivillige aktørane si side at lokalhistoriewiki.no får styrka sjølve sin eksistensrett ved sida av t.d. Wikipedia ikkje berre ved den tematiske avgrensinga til lokalhistorisk relevante emne, men ved å tillate og oppmuntre til bidrag i sjangrar som går langt ut over den leksikalske.

Dette vil iallfall vere ønskjeleg, og kanskje nødvendig om wikien skal kunne…

« ... bidra til å fremme fagdebatt, fag- og metodeutvikling»

... som er ei anna sentral målsetjing for NLI.

Leksikonsjangeren er prinsipielt passivt kunnskapsformidlande, ikkje dynamisk og nyskapande kunnskapsutviklande. Etter mi meining bør vi leggje oss i selen for å få mobilisert original forsking og tankeverksemd, realisert både i artikkelform og kanskje også i meir omfangsrike former i wikien. Det kan gjelde bidrag både innan avhandlings- og essaysjangrane. Men det er den originale forskings- og tankeinnsatsen som av naturlege grunnar er vanskelegast for den enkelte av oss å dele ansvaret for og eventuelt æra av med andre. For å få med seg den faglege spisskompetansen innan akademia på eit slikt prosjekt, kan det kanskje vere ein utveg å opprette eit eige namnerom for signerte og meir eller mindre låste bidrag. Da vil forskarar kunne stå fullt ansvarlege for eige arbeid og eventuelt oppnå den fortente krediteringa for det. Ein måtte nok opprette ein aktiv og fagansvarleg redaksjon for føremålet, og på lengre sikt kunne ein kan hende innføre fagfellevurdering?

Så kan vi spørje om ikkje det eksisterande metoderommet kan fylle noko av intensjonen med det foreslåtte «avhandlingsrommet»? Jau, men personleg trur eg kanskje det ville svare seg betre å reservere metoderommet for dei meir direkte rettleiande handboksartiklane og bruksanvisningane (vi kunne kanskje i tilfelle ha døypt det om til namnerommet for «rettleiing»). Så kunne dei forskingsbaserte og resonnerande bidraga også vedrørande (lokal)historisk metode plasserast i det nye rommet. Samstundes kunne ein ha flytta dei leksikalske metodeartiklane (om syntese, mikrohistorie osv) (tilbake) til ålmenninga.

Eg foreslår altså eit prinsipp for sortering på ulike namnerom som meir går etter sjanger enn etter tema. Alle lokalhistorisk relevante tema høyrer heime i ålmenninga, og der er ein rett nok romsleg også kva gjeld bruk av forskjellige sjangrar og framstillingsformer. Alle lokalhistorisk relevante tema ville også høyre heime i det nye avhandlingsrommet, men der er det avhandlings- og essaysjangeren som bestemmer namneromsplasseringa. Rettleiingssjangeren blir da presumptivt konsekvent flytta inn på metode- eller «rettleiings»rommet.

Det er sjølvsagt problem knytta til dette. Det kan til dømes vere fare for at eit «avhandlings- og essayrom» ikkje ville ende opp i noko anna enn nok eit tidsskrift på nett. For å utnytte og vidareutvikle wikimediets eigenart i samband med eit slikt nytt namnerom, måtte ein satse svært bevisst særleg på følgjande:

  • Invitere forskarane til å presentere «opne artiklar», dvs. gje rom for innspel og kommentarar frå andre på diskusjonssidene for vedkomande artiklar, samstundes som opphavspersonen står fritt i å akseptere eller argumentere mot og avvise framlegga til modifikasjonar.
  • Enda viktigare i perspektivet for fag- og sjangerutvikling: Vi måtte oppmode og oppmuntre forskarar – gjerne både profesjonelle og kompetente amatørar - til å gå saman om «delte artiklar», altså kollektive avhandlingar av ekspertise som elles ikkje naturleg ville nådd kvarandre for den slags type samarbeidsprosjekt.
  • I det same perspektivet ville det bli nokså avgjerande å få til ein fruktbar interaksjon mellom ålmenninga og avhandlingsrommet (og gjerne andre namnerom) ved at ålmenningsstoffet mest mogleg blir nytta i avhandlingar og at flest mogleg bidragsytarar er aktive på båe arenaene.

Det er her, i og med vyene om opne og delte artiklar og med interaksjon mellom ålmenninga og avhandlingsrommet, at dei mest nærliggjande og kanskje på sett og vis dei viktigaste sjangerfornyingane kan øygnast, så langt min fantasi rekk til. Utvegane til sjangerfornying er altså ein del av «stiloppgåva» mi her, samstundes som å ...

« ... fremme sjangerfornyelse ...»

er nok ei hovudmålsetjing frå NLIs side med omsyn til wikien. Dei resterande hovudmålsetjingane, nemleg

«utvide og forbedre NLIs rådgivningsfunksjoner i et aktivt samvirke med andre faginstanser» «tilby et sterkt utvidet spektrum av hjelpemidler til forskning og formidling» og

«bli bindeledd mellom lokalhistorie i Norge og andre land» går etter mi oppfatning ikkje så nær innpå sjangerspørsmålet. Det gjeld mest utval av tema.