Kjellingset (Sula)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Kjellingset er ein del av eit større kulturlandskap og ligg vest forbi Langevåg i Sula kommune i Møre og Romsdal. Kjellingset ligg på ein terrasse, ein gamal sjøbotn i landskapet. Det finns også morener frå siste istid i området.

Kjellingset har spor av busetnader heilt frå folkevandringstida og til fram til rundt 1780. Det er gjort gravfunn frå eldre jernalder og ein kniv frå yngre jernalder. Dei eldste nedskrivne opplysningane om gardsdrift er frå 1603. I 1647 eigde Borgund kyrkje garden. Seinare har det vore mange eigarar av garden. Etter at staden vart avfolka (rundt 1780) har den vore brukt til seterdrift fram til 1920-talet. Siste selet vart øydelagd av brann i 1936. Det er spor av fleire tufter i området, blant anna eit kvernhus borte ved elva.

Namnet Kjellingset har på gammalnorsk vore Kjellingsetr, opphaveleg av kerling som tyder kjerring.

Kulturminneløypa

Kjellingset er eit av stoppa på kulturminneløypa i kulturlandskapet Kjellingset-Flesje-Kalvestad. Kulturminneløypa inngår som del av Kulturminneåret 2009. Ho er skilta og startar ytst på Sula, på parkeringsplassen på Kjellingset/Æhammaren. Området har mange fornminne. Langs strandlina ligg fleire hustufter og gravrøyser. Dei eldste tuftene er frå eldre jernalder. Kulturlandskapet vert holdt i hevd av omlag 300 utegangarsau.