Kleivakoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Kleivakonene i bryllaupet til Kristie og Sverre Sunde 10/8-1930, Tysnes i Sunnhordland. Bak: Brita Økland, Emma Støle, Ingeborg S. Myklestad, Ovidia Våge Flatråker, Signe Reiso, Lina Myklestad, Borghild Borgen, Serina Håheim, Brita H. Kaastad. Framme: Lorentse Tveit, Cecilie Myklestad, Ingeborg Fortøy, kjømeisteren Jens Flornes, Helene Myklestad, Kaia Hansen (Tolio), Tominga Hope(Amlandstø). Lokalhistorisk arkiv i Tysnes.

Kleivakoner, eller klevekoner, var ei nødvendig hjelp når det skulle haldast gjestebod på gardane, anten det no var i bryllaup eller til gravferder og andre større samkomer. Omgrepet vart mykje nytta i kyststroka på Vestlandet. I si ordbok over det norske landsmålet gir Ivar Aasen denne definisjonen: "Kone som besørger andretningen af Maden i et Bryllup". Nemninga var mykje brukt i Sogn og Nordhordland, men det vart også mykje nytta i Sunnhordland. I Hardanger hadde dei ei anna nemning, der vart dei kalla reiakoner.

Sjefen blant kleivakonene var kokka. Det var mykje som skulle kokast eller steikast, og alt arbeidet måtte gjerast på vedkomfyren i kjøkenet eller på grua i eldhuset. Det var ofte snakk om å koka mat til så mange som hundre personar, kanskje over fleire dagar.

Arbeidet tok til mange dagar i førevegen. Det var mykje som måtte gjerast - husgeråd som ikkje skulle brukast måtte rydjast til side, og så måtte ein henta inn langbord, bukkar og benkjer, etter at dei først hadde fått ein vask i eldhuset. Det skulle hoggast nok ved og berast vatn i rikelege mengder. Så var det baking og steiking, eller det skulle kokast graut. Alt skulle stellast til så det stod klart til servering når tida var inne. Den einaste mannen i desse arbeidslaga var som regel ein kjøgemester, om det då ikkje var ein såkalla kjellermann med i tillegg, det var han som stod for skjenking av øl og brennevin.

Gravferder kunne stundom vera like store samkomer som eit bryllaup, så også her var det bruk for kleivakoner over fleire dagar. Eit lag med kleivakoner kunne telja kring 8 - 12 kvinner, stundom også med annan hjelp. Ordninga med kleivakoner heldt seg utetter 1930-åra, men etter andre verdskrigen var det slutt på denne skikken.

Litteratur og kjelder

  • Sverre K. Dalland: Klevakoner. Sogeskrift for Tysnes, 2007.
  • Johannes Heggland: Tysnes - det gamle Njardarlog. Utg. Tysnes sogelag, 1975.
  • Ivar Aasen: Ordbog over det norske Folkesprog. Kristiania, 1850.