Klocks Lenestolfabrikk

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Klocks Lenestolfabrikk AS var ei stoppmøbelbedrift i Sykkylven, etablert i 1936 som eit arbeidaraksjeselskap. Dei tre initiativtakarane til Klocks Lenestolfabrikk A/S hadde tidlegare vore medeigarar av Lenestolfabrikken Solid AS. Det var Jens E. Tandstad, Birger Strømme og hovudaksjonæren Nils Klock. I utgangspunktet hadde dei planar om å etablere seg på Åndalsnes, der dei vart bodne særs gode vilkår. Då dei kom heim frå den første inspeksjonsturen til stasjonsbyen sommaren 1936, vart dei møtte på dampskipskaia av ordførar Johan Eidem. Han heldt fram at dei i staden for å forlate bygda heller burde ta i bruk dei ledige lokale etter P.J. Andestad og Vest-Norske Møbelfabrikk på Aure-kaia. Med hjelp frå den lokale sparebanken fekk dei ein fordelaktig avtale om å ta over Andestadbygget.

Etter oppstartinga vart det tilsett 14-15 mann i produksjonen. Dei måtte alle løyse eit aksjebrev på 500 kroner for å få arbeid.

Klocks Lenestolfabrikk laga lenestolar og salongar for breie kjøpargrupper, og møblane hadde god salsappell. Klocks-fabrikken vart og ein trend-settar, då verksemda var den første lokale møbelfabrikken som lanserte salongar med lause sete. Modellen heitte Per, og den fekk snart fylgje av tilsvarande modellar frå konkurrentane.

I august 1939 strauk fabrikkbygget med i den store sentrumsbrannen. Då leigde bedrifta lokale i ungdomshuskjellaren på Aure, fram til dei i 1942 kunne ta i bruk eit nytt tre etasjes betongbygg i Haubukta. Her vart det installert nye snikkarmaskiner, og produksjonskapasiteten vart større enn tidlegare. Likevel gjekk bemanninga ned under krigen, og ho kom aldri seinare opp på førkrigsnivået. Vel 50 personar hadde arbeidet sitt på Klocks i 1938/39. I 1942-43 var det 20 tilsette. I etterkrigstida låg arbeidsstokken stabilt omkring 30.

Nils Klock var disponent, og han tok etter kvart over størstedelen av aksjane. Han var også mykje på reise for å selje produkta. I første rekkje konsentrerte han seg om dei største byane. Der kunne dei få størst sal på eit avgrensa område.

Klocks Lenestolfabrikk greidde ikkje heilt å fornye produktutvalet utover i femti- og sekstiåra. Salet gjekk tyngre, og økonomien vart anstrengt. Bedrifta prøvde seg med fleire tiltak for å betre innteninga, men i 1974 gjekk Klocks Lenestolfabrikk A/S konkurs.

Kjelde