Knut O. Bø (1896–1944)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Knut Bø
Foto: Faksimile frå Våre falne: 1939–1945.

Knut Olsson Bø vart fødd på Bø nordre i Valle 12. desember 1896, og skoten i Trandumskogen 10. mai 1944. Han var snikkar og bilmekanikar av yrke, og den fyrste disponenten for L/L Setesdal AutomobilrutorByglandsfjord. Bø vart tidleg aktiv i motstandsrørsla i Setesdal (Milorgdistrikt 18) der han mellom anna sytte for transport av menneske og varer. Tidleg vart han og etterretningsagent for XU. For dette arbeidet blei han dømd til døden og avretta i Trandumskogen 10. mai 1944. Bø vart fyrst gravlagd i grav nummer 17 der, men i juli 1945 henta heim til Setesdal og gravlagd ved Valle kyrkje.

I 1948 fekk han Krigsmedaljen post mortem saman med mellom anna Bjørgulv Rysstad frå Rysstad, Arne Scheie frå Ose, Gunnar Saaghus og Nere Aakhus frå Bygland.[1]

Ætt og familie

Siri og Knut med borna Gunhild og Olav i hagen på Byglandsfjord i 1930-åra.
Foto: Frå Gunhild Odde sitt album.

Knut var den nest eldste sonen til Olav Taraldson Bø (f 1866) frå Fureteig (Bø nordre) i Valle og Gunhild Knutsdotter (f 1870–1955) frå Der inne i Bykle. Han vart døypt i Valle kyrkje 24. januar 1897, og i 1910 viser folketeljinga for Valle herad at syskjenflokken har vakse til seks: Tarald (f 1894), Knut (f 1897), Augund (f 1899), Knut (f 1902), Tone (f 1905) og Gyro (f 1909). Gards- og ættesoga fortel at det vart fødd ei dotter til i 1912, Anlaug, og at det var to dødfødde jenter, ei i 1908 og ei i 1915.

28. november 1924 gifte Knut seg med Siri Gunnarsdotter Austad (6. juni 1902–1966) i Kristiansand. Ho var eldste dotter til Gunnar O. Austad (f 1875) og Birgit Danielsdotter Sordal (f 1881) på Austad syndre i Bygland. Då krigen braut ut, budde dei på Byglandsfjord saman med dei to borna sine:

  • Olav, fødd 30. desember 1925 på Austad i Bygland, død 9. januar 1979 og gravlagd på Asker kyrkjegard. Olav etterlet seg kona Vigdis (f. i Bergen), to barn og fem barnebarn.
  • Gunhild, fødd 10. mai 1931, var gift med Odd Odde (1924–1974). Gunhild og Odd busette seg på Evje, og fekk tre barn og åtte barnebarn.

Bilruta

Han arbeidde som bilførar for Bilruta, og var saman med Olav Vhile den mest røynde bilføraren. Dei vart sett til å styre drifta saman, og på Ose vølte dei bilane og laga karosseri både til laste- og personbilar. I den tida delte dei arbeidet ved at Knut hadde ansvaret for lastebilane og Olav for personbilane.[2] Samarbeidet fortsette til Vhile flytte til Byglandsfjord i 1929 og vart tilsett som disponent (driftsstyrar) i 1932.[3]20. april 1934 melde avisa Fædrelandsvennen nedst på side 3 at Knut mellombels tok over som disponent då Olav Vhile (skrive Wile i avisa) sa opp stillinga for å flytte til Kristiansand. Samstundes vart Olav Jore sjef for bilverkstaden, medan Torbjørn Frøysnes fortsette som kasserar og rekneskapsførar.

1940 og -41: Motstand i Setesdal

Knut kom tidleg med i motstandskampen. 9. april 1940 nytta han bilruta sine bilar til å hjelpe dei som flykta nordover frå Kristiansand. Flyktningane vart henta på togstasjonenByglandsfjord og køyrd vidare til Bygland. Seinare fekk han i oppgåve å organisere heimefronten i Setesdal (Setesdalsgruppa), og som disponent for bilruta vart han og ein god ordonanssjef for milorg. Den daglege ferdsla til rutebilane opp og ned dalen gjorde det enklare å få frakta våpen, meldingar og anna til rette staden. I regelen fekk aldri ein sjåfør vite kva for last dei hadde med, men det var nokre få unntak – mellom anna Knut Neset.

I boka Harde år under hakekorset: med Milorg på Sørlandet fortel ein som kontakta Knut då nazistane ville rekvirere den private bilen hans om Knut: «[...] Han var en kompromissløs mann som hatet tyskere og norske nazister av et rent hjerte [...]» og etter at han hadde gjeve politimeisteren i Kristiansand klår beskjed om si meining i saka, «det fikk sannelig holde med at tyskerne hadde tatt alle de beste busser og lastebiler Setesdalens bilruter rådde over [...] de private [...] skulle han ha hånd om for å opprettholde transportsystemet i dalen, og så fikk tyskerne gjøre hva de ville.» Knut vann. Politimeisteren gav seg. Seinare fekk Knut Neset eit godt råd av namnebroren: «Jeg vet du hater nazistene. Men der kan du få den beste muligheten til å registrere det som foregår – og det kan bli til stor nytte for visse personer på et senere tidspunkt.»[4]

Rolf Ellingsen, som var driftsingeniør ved Høie fabrikkerMosby ved Kristiansand, var avsnittssjef for Setesdalsavsnittet og den som verva Knut Bø. Under ein konferanse skal han ha stått med tårer i auga og sagt: «Vil du helsa sjefen din og takka han for at han har gjeve meg den store æra og vera med i kampen for Noreg.»[5]

XU skilde seg ut frå Milorg i 1941, vart han og ein av etterretningsagentane deira i Setesdal saman med mellom anna kjøpmann Auver O. Stavenes frå Valle, kaptein og ordførar Nere Aakhus frå Bygland og sjømann Gudmund Dalane frå Evje.[6]

1943: Frå Byglandsfjord til fengsel i Kristiansand

Med tida vart vanskane og farene større for folka i Milorg, fleire gjekk i dekning og det vart tydeleg at Gestapo var på sporet av organisasjonen. I november 1942 gjekk Knut i dekning i Valle i halvanna veke, men offisielt vart det sagt at han var klein og tok nokre dagar fri.[7]Gestapo starta opprullinga av motstandsarbeidet 7. desember 1942, fekk dei utilsikta god hjelp av papira dei fann heime hjå major Laudal. Knut nekta å gå i dekning att. Han var overtydd om at organisasjonen i Setesdal ikkje var i fare, og at den var viktig for å redde flyktningar frå kysten. Medarbeidarane freista å få han til å forstå at han måtte dra, men han nekta. Han var trygg på at om noko skulle hende, ville han bli åtvara i tide.[8] Ellingsen gjorde og eit forsøk på å få Knut til å reise til Sverige, og sa i klåre ord at han ikkje var trygg. Han måtte reise straks. Men Knut Bø blei.[9]

6. januar 1943 fortalde Knut Bø Konrad Haugå, Einar Skeie og Knut Neset at han hadde fått ei skriftleg innkalling til Arkivet i Kristiansand til dagen etter, men var trygg på at dette ikkje var farleg eller hadde noko med Milorg å gjere. Han trudde det handla om sabotasje av varekøyring til lokale nazistar. Same kva dei tre andre sa, var han eigenrådig og stod fast på avgjersla: Han skulle reise til Arkivet dagen etter og kome heim igjen. Hadde det vore Gestapo som var etter han, hadde dei henta han heime.[10]

Møte på Jeiskeli i Bykle

Knut Bø kom ikkje heim att. 11. januar vart Knut Neset henta av Gestapo midt på natta og køyrd til Jeiskeli i Bykle. Dit henta dei og fire gutar frå Jeiskeli og dessutan Knut Bø frå Arkivet i Kristiansand. Knut Bø fortalde Neset at tyskarane no visste korleis havnespionen Viggo Akselsen, avsnittssjef Rolf Ellingsen og ungguten Erikstad kom seg ut av klørne deira – men han har ikkje røpt meir. 4. januar hadde Neset køyrd trekløveret til Berdalsbru, kan hende med Bilruta si vesle kvilehytte som fyrste stopp der, etter oppdrag frå Knut Bø. Seinare reiste dei alle frå Jeiskeli. Det vart sagt at Neset og gutane frå Jeiskeli ikkje skulle lengre enn til Evjemoen, men alle enda i Kristiansand.

Arkivet og transport til Grini

Nazistane forhøyrde og Knut Neset på Arkivet, og ein gong sytte SS-Hauptscharführer Lappe for at han møtte Knut Bø der. Bø hadde da vorte mager og krumbøygd, halvt slegen ihel, og var trist og fortvila då han i oppdrag av Lappe fortel Neset kva han har fortalt tyskarane: Alle dei mest viktige sakane dei har jobba med i Milorg. Det siste Knut Bø sa til Neset var «Jeg var ikke sterk nok, Knut – du må tilgi.»[11]

Etter mange og lange avhøyr vart han saman med Knut Neset frå Grendi, Auver O. Stavenes frå Valle, Arne Skeie og Jørund Kvåle frå Bygland, Bjørgulv Harstad frå Hylestad, Ketil Glidbjørg frå Bykle, Alf Stausland og Nils Hegland frå Evje og fleire andre fangar flytta til Grini 15. februar 1943. Dit kom og resten av «Laudalsgjengen». I boka om Grinifangane har han blitt til direktør Knut A. Bø, fange nummer 6407.

På Grini kom han og nokre andre frå Setesdal på den såkalla «prominentbrakka», der mellom anna Odd Nansen og Francis Bull sat. 8. juni 1943 blei Knut, Auver og fleire andre undersøkte av Gestapo-legen for å sjå om dei var skikka for transport til Tyskland. Det var ikkje Auver og Knut, så dei blei på Grini medan 140 sørlendingar vart sende til Tyskland med «Monte Rosa». Snaue seks veker seinare, 16. juli, vart Knut sendt attende til Kristiansand for ein periode på rundt seks veker. Ved returen til Grini 25. august får han eit nytt fangenummer, 12692.

16. oktober 1943 blei Knut Bø og 11 andre fangar som tyskarane meinte var hovudmennene i «Sørlandssaken», flytta til «Fallskjermen», celle 415, som opphaveleg var gymsal for kvinnefengselet. Dei hadde ikkje lengre status som vanlege fangar, men som dødskandidatar. Den store cella i fjerde etasje delte dei med 70 andre. Same kvelden som dei flytta inn i cella, fekk dei høyre at dei venteleg skulle avrettas i løpet av natta. Det blei dei ikkje. Dei sat på «Fallskjermen» i nestan seks måneder.

Dødsdommen, ventetid

Rettssaka mot dei ni hovudmennene i «Sørlandssaken» fann stad 14. april 1944. Den vart helden i villaen med adresse Kristinelundveien 22 i Oslo der SS- und Polizeigericht IX (SS- und Polizeigericht Nord) heldt til. Avtala nordmennene hadde gjort seg imellom, var at dei skulle opptre som ekte mannfolk og ikkje late seg kua. Skuldinga var «verksemd til fordel for ein fiendtleg stat og spionasje». Under rettssaka kunne Knut Bø ikkje sitte, han låg på ei båre, kraftig sjuk av revmatisk feber. Alle skuldingane, med unntak av den mot Knut, vart lesne før lunsj. Då dommaren etter å ha lese opp skuldinga mot Knut spurde om han hadde forstått kva han var skulda for, tagde han. Det var ikkje mogleg å sjå om han var råka av skuldinga eller ikkje.[12]

Om ettermiddagen vart Knut Bø og sju andre dømde til døden ved skyting. Lege Odd Benestad fekk åtte års tukthus. Ivar Christensen og Erik Dahl-Hansen fekk seinare dødsstraffa oppheva, og vart overførte til «Jugendabteilung» på Grini.

Presten Dagfinn Hauge fekk vitje Knut medan han sat på «Fallskjermen» på Grini, og han fortel i boka Slik dør menn at giktfeberen hadde fare ille med Knut. Han var på sjukecelle, og vart glad då han høyrde at kona og borna skulle kome på vitjing.

Dommen vart snart prenta i avisene, og i Glåmdalen si utgåve frå 12. mai 1944 står den på siste sida under overskrifta «Syv nordmenn dømt til døden for virksomhet for en fiendtlig stat.»:

«Dessuten har Das SS- und Polizeigericht Nord dømt følgende til døden for virksomhet for en fiendtlig stat, henholdsvis spionasje:
Ingeniør Arne L a u d a l fra Stray ved Kristiansand,
redaktør Olaf D y v i k fra Grimstad,
bokholder Thorleif T e l l e f s e n fra Grimstad,
ingeniør Arne B j ø r g e fra Arendal,
disponent Knut B ø fra Bygland, og
lærer Aamund T v e i t fra Lillesand.
De dømte hadde som ledende medlemmer av en illegal, militær organisasjon gjort omhyggelige forberedelser for å falle den tyske forsvarsmakt i ryggen hvis den skulde bli innviklet i kamphandlinger med invasjonstropper i Norge. De dreiv dessuten spionasje for en fiendtlig stat.»

Enden

Reichskommissar Josef Terboven stadfesta dommen 6. mai 1944, og rundt halv elleve natta til 9. mai kom SS-Hauptsturmführer Alfred Zeidler, SS-Oberscharführer Wilhelm Heilmann og Oberwachtmeister Richard Pohl inn på «Fallskjermen» for å hente seks av dei dødsdømte. Samen med offiserane kom og ei avdeling tyske soldatar.

17 namn blei ropt opp. Mannfolka kledde seg roleg, samla eignelutane sine og gjorde seg klar til å gå. Alt med stor sinnsro. Dei to første som gjekk ut frå cella, var Laudal og Torleif Tellefsen, den siste var Knut som vart tvungen til å ake seg ut sidan leddgikta hindra han i å gå. I første etasje venta den vanlege rutinen der ei oversikt over eignelutane vart skrivne ned, fangeklær og effekter bunta og levert inn og sivile klede utlevert. Etter klesskiftet starta ventetida. Heilmann leia dei inn i eit kontor, og der sette mannfolka seg ned langs veggen. Offiseren skaffa dei sigarettar, og fangane kunne og tala fritt.

Rundt midnatt kom Schutzkommandoen som skulle stå for avrettinga. Alle fangane fekk hendene lenka på ryggen med handjarn, med unntak av Knut. Det var ikkje mogleg å få hendene hans tett nok saman på ryggen grunna leddgikta, så dei batt dei med tau i staden. Knut var den siste som entra planet på lastebilen som frakta dei dødsdømte til eksekusjonsplassen i Trandumskogen. Nokre timar seinare, tidleg 10. mai, var han og dei fem andre døde. Dei vart gravne i ei massegrav i grav nr. 17. Ulike kjelder gjev ulike datoar for avrettinga. I denne artikkelen er datoen i Våre falne : 1939–1945 og frå Trandum-monumentet oppgjevne.

Gravferd og minnestein

Likferdsfylgjet til Knut Bø, truleg i Smiesvingen (Sandviksbukta) på Byglandsfjord.
Foto: Jon Løyland. Frå Setesdalsmuseet.

12. juli 1945 melde Fædrelandsvennen på framsida at levningane etter Knut og fire andre var funne og identifisert, og 19. juli var det stor likferd for han i Setesdal. Fædrelandsvennen hadde denne overskrifta på framsida 20. juli: «Den største gravferd i Setesdal i manns minne». Den samla folk frå heile Setesdal, og byrja med ei markering i bedehuset på Byglandsfjord, før kista vart køyrd i eit fylgje på 15—20 bilar til Harstadberg i Valle. Herfrå tok dei militære over og bar båra fram til kyrkja. Framfor følgjet gjekk Vennesla musikkorps og spela, så militærtroppen som bar kista og deretter familien. Militærtroppen vart leia av kaptein Olav O. Nomeland (kommandant på Evjemoen) og løytnant J.J. Johnston frå dei allierte. Bak fylgde folk som ville syna Knut sin siste vyrdnad, så prosesjonen vart lang, og ved kyrkja venta valldølane. Kyrkja hadde sitjeplass til 600, men det vart for smått, så mange blei att ute på kyrkjebakken då kista blei sett i koret medan kransar og blomar vart lagd rundt henne. Åtte Grinifangar som hadde sete i fangenskap saman med Knut, stod æresvakt saman med norske og britiske militære.

Gravferda begynte med «Våren» av Grieg før soknepresten i Valle, Åsulv Austad, preika. Deretter song dei frammøtte den samme salma som fangane hadde sunge ved nattverden på «Fallskjermen» på Grini før dei vart frakta til Trandumskogen, «Så ta da mine hender». Fleire kransar vart lagde ned, soknepresten la ned ein frå Valle herad, og frå Bygland herad kom ordførar Jørund Kvåle med krans og tale. Auver O. Stavenes la ned ein krans frå Grinifangar som sat saman med Knut. Vidare var det kransar mellom anna frå L/L Setesdalens Automobilrutor, mor til Knut og Olav Stousland. Blant talarane var og Jon Bjørgulvson Rysstad som las eit dikt han hadde skrive. Den siste salma før dei bar kista ut, var «Den store kvite flokk me sjå». Bygland sin sokneprest, Reidar Bolling, forretta ved jordfestinga. Til slutt vart «Gud signe vårt dyre fedreland» og «Ja, vi elsker» sunge. Ved grava takka Siri, kona til Knut, for den store medkjensla og respekta som vart synt. Her vart og fleire helsingar framførde.

Ei innsamling til minne om Bø vart starta, og ein minnestein laga av Ingemund Berulvson vart reist på grava hans på Valle kyrkjegard. Den har ei byste av Knut Bø innfelt, fødsels- og dødsdagen og teksta «Han fann si trøyst i Hebr. 4, 15 og 16». Etter gudstenesta 8. mai 1949, som vart omtala på side 5 i Fædrelandsvennen 9. mai, vart steinen avduka av fridomsvener. Ved grava var det fleire talar, mellom anna av Odd Benestad, general Olaf Helset og Eivind S. Berg sin prolog ved avdukingi. Dei to fyrste og det siste verset:

«Her dalens mann og kvinne,
er samla ved di grav.
Me reisa vil eit minne,
um det du landet gav.»
«I Trandums skuggar kalde,
dei fann deg gjæve bror.
So fekk du her i Valle,
di grav i vigsla jord.»
«Ditt minne det vil liva,
du gjæve norske gut.
Det er i steinen skriva,
Gud sign ditt minne Knut!»

Heile prologen er lesen inn av hylstringen Niklos K. Besteland, og den kan høyrast her.


Namnet hans er og hogge inn i minnesteinen som står på Knutsbakk, ikkje langt frå Bygland kyrkje, til minne om dei frå Bygland som fall for fedrelandet i fridomsstriden 1940-1945.

Referansar

  1. Aftenposten 1948: 9.
  2. Løyland 1960: 16.
  3. Åkre 1970: 31.
  4. Neset 1988: 36–37.
  5. Taraldsen 1994: 78.
  6. Taraldsen 1994: 87.
  7. Neset 1988: 91.
  8. Neset 1988: 93–94.
  9. Taraldsen 1994: 367.
  10. Neset 1988: 93–94.
  11. Neset 1988: 129.
  12. Taraldsen 1994: 393–396.

Kjelder

  • Aftenposten 1948: «Krigsmedaljen post mortem», side 9, 14. april.
  • Glåmdalen 1944: «Syv nordmenn dømt til døden for virksomhet for en fiendtlig stat.», side 4, 12. mai.
  • Fædrelandsvennen 1934: «L/L Setesdals bilrutor.», side 3, 20. april.
  • Fædrelandsvennen 1945: «Major Laudal funnet på Trandum.», side 1, 12. juli.
  • Fædrelandsvennen 1945-2: «Den største gravferd i Setesdal i manns minne», side 1, 20. juli.
  • Fædrelandsvennen 1949: «Minnesteinen over Knut Bø avduka i Valle i går», side 5, 9. mai.
  • Giertsen, Børre R. (red) 1946: Norsk fangeleksikon : Grinifangene, side 232, Oslo : Cappelen. (Her har han fått initialen A. istedenfor O.)
  • Gjerden, Knut 1995: Bykle under krigen 1940-1945, [Bykle i Setesdal] : Bykle kommune, ISBN 9788299174633.
  • Hauge, Dagfinn 1945: Slik dør menn, side 126–130, Oslo : Lutherstiftelsen. (Her er etternavnet feilaktig skrevet Bøe.)
  • Jansen, Leonhard B. 1994: Valle kommune VII: Kultursoge, Valle : Valle kommune, ISBN 8299133467.
  • Løyland, Jon: L/L Setesdal Automobilrutor 1920 – 40 år – 1960.
  • Neset, Knut 1988: Harde år under hakekorset: med Milorg på Sørlandet, [Oslo] : Tiden, ISBN 8210031589.
  • Norges bebyggelse 1956: Sørlige seksjon Herredsbindet for Aust-Agder Vestre del, side 734, Oslo : Norsk faglitteratur.
  • Ryningen, Alfred 1987: Valle kommune III: Gards- og ættesoge Valle, side 166–167, Valle : Valle kommune, ISBN 8299133424.
  • Taraldsen, Kristen 1994: Frihetens flamme: major Laudal og hans menn, [Kristiansand] : Fædrelandsvennen, ISBN 8290581181.
  • Våre falne : 1939-1945, Grøndahl, Oslo 1949, bd. 1, s. 398 Digital versjonNettbiblioteket.
  • Åkre, Torjus: L/L Setesdal Bilruter 1920 – 50 år – 1970, Edgar Høgfeldt A.s – Kristiansand S.
  • myheritage.no: Rysstad familietre (vitja 25. august 2016).
  • Knut Olsson Bø i Historisk befolkningsregister.
  • Knut Olavss. Bø i folketeljinga 1900 for 0940 Valle herred frå Digitalarkivet.
  • Knut Olavssen Bø i folketeljinga 1910 for 0940 Valle herred frå Digitalarkivet.