Kolbein Skaare

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Kolbein Skaare. Fotograf ukjent (Kr. Stakston?).

Kolbein Skaare (fødd i Stryn 10. mars 1873, død i Skjåk 1932) var lærar, klokkar og lokalpolitikar i Skjåk. Han var ordførar der 1914-16 og 1920-22. Han representerte Venstre, eller nærare bestemt Arbeiderdemokratene/Radikale Folkeparti.

Foreldra var Lars Rasmussen Skaare og hustru Ingeborg Jonsdotter, gardbrukarar i Stryn. Eldste bror til Kolbein, Rasmus, var fjellstovemann og hotelleigar på Videseter, og ordførar i Stryn 1913-1928. Kolbein Skaare gifta seg i 1899 med Livø Sevaldsdotter Hyrve (1878-1955) frå Skjåk. Dei fekk åtte born, fødde i tidsrommet 1900-1918.

Kolbein Skaare gjekk lærarskulen på Stord. Han hadde også vore ved Viggo Ullmanns folkehøgskule i Seljord, moglegvis på sommarkurs for lærarar som vart haldne der. Fyrste lærarstillinga etter endt utdanning hadde Skaare på Voss. Deretter var han eit par år i Torpa, før han i 1898 kom til Skjåk, der han var tilsett som lærar og klokkar i Nordberg anneks. I 1919 overtok han ei tilsvarande stilling i hovudsoknet, dvs. lærar i storskulen i Marlo og klokkar i Skjåk kyrkje. Han var i denne stillinga til han fekk hjerneslag sist på året 1930 og døydde eit drygt år etterpå.

Skaare var frå ungdomen av radikal venstremann og republikanar. I Skjåk var han mellom anna formann i Skiaaker Venstrelag som var nyskipa i 1909. Han vart innvald i Skjåk kommunestyre i 1905, og sat fyrst i ein periode. Så vart han innvald på nytt i 1914 og sat da samanhengande til 1926. I to periodar, 1914-1916 og 1920-1922, var han ordførar. Han vart siste gong innvald i kommunestyret i 1929.

Skaare engasjerte seg også på mange samfunnsfelt utanom kommunepolitikken. Som ung lærar i Nordberg stilte han seg til dømes i spissen for det frilynde ungdomslaget Bergtorskvål. Han var med og skipa Skjåk bruksrettslag i 1911, ein organisasjon som arbeidde for å fremje bruksrettsinteressene til skilnad frå eigedomsretten i Skjåk Almenning. Dette var nær samanfallande med småbrukarsaka, som han også var engasjert i. Skaare hadde også elles ei rad tillitsverv i organisasjonar og innan det offentlege.

Kjelder og litteratur