Kolgrov krins

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Kolgrov skule»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Kolgrov krins 1867-1964
Foto: Annette Langedal Holme/Sogn og Fjordane fylkeskommune (2016)

Kolgrov krins i Hyllestad kommune var eigen skulekrins frå 1862 til 1964, utanom tidsrommet 1937-1950, då var skulen nedlagd grunna lågt elevtal.

I 1862 bestod Kolgrov krins av gardane Atterås, Kolgrov, Ytrefjord og Indrefjord. Det var ein spreidt krins med dårlige kommunikasjonar mellom gardane, det var omgangsskule som rulerte på gardane. I 1867 vart krinsen mindre då Atterås vart flytta til Hyllestad krins. Kolgrov, Indrefjord og Ytrefjord heldt fram med omgangsskule til 1881, då kom ei ny ordning der elevane gjekk opp mot 5 veker av skuletida i Hellem krins (Lifjorden krins frå 1888). Denne ordninga hadde dei fram til 1893, då vart det bestemt at Kolgrov på ny skulle ha alle skulevekene i eigen krins.

I 1937 var det berre to ungar att i Kolgrov krins. Krinsen vart lagt ned og ungane vart sendt til Sågnes og Rysjedal. I 1950 var det nok ungar i Kolgrov krins til at det på ny vart eigen skule.

I 1964 vart skulen lagt ned for siste gong og Kolgrov vart slått saman med Hyllestad krins.

Skulehus

Det var ikkje eige skulehus i Kolgrov, og det vart halde skule i private stover. Det var lenge skule i Ytrefjord sidan garden der hadde to stover. I 1932 vart skulen flytta til Indrefjord.

Skuledagen

Elevane gjekk på skule i to veker og hadde fri i to veker.

Kolgrov krins var den første i fylket med nynorsk skulemål i 1908, der Kolbjørn E. Kolgrov var aktiv. Vedtaket var samrøystes, men etterpå vart det kvass målstrid. På eit riksmålsmøte reiste ein eldre kar seg og kravde at ein «berre brukte det målføret som profetane talar, og ikkje nynorsk – som ingen skjønar!» Motstanden mot nynorsk heldt seg lenge i mange skulekrinsar: Sist ut var Øn krins så seint som i 1950.

Skulevegen

Kåre Djupevik fortel om skulevegen sin. "Eg tok til på skulen i 1932 og då var skulen i Indrefjord i privathus hos Bekken. Skulevegen gjekk gjennom utmark frå Kolgrov og til Indrefjord. Vegen var mange plassar ulendt og vanskeleg, særleg om vinteren i mykje snø, og då måtte far måke veg i gjennom snøfennene. Vi gjekk i skulen i Indrefjord i fem år. Vi var seks ungar. Skulen vart nedlagd i 1937. Då var vi to gutar igjen. Då vart ungane flytta vekk og eg gjekk på skule på Sognnes og budde der i fjorten dagar. Den andre guten gjekk på Rysjedal. Eg gjekk på skulen på Sognnes eitt år. Der var store forandringar. Der var skulestove med pultar til å sitte på. So vart det slutt på Sognnes etter eitt år på grunn av for mange elevar i samla skule. So måtte eg starte på Hyllestad. Det var siste året i 1939.Skulevegen til Hyllestad gjekk og gjennom utmark. Tre dagar for veka. Det var mykje snø om vinteren og då gjekk eg på ski so langt det var råd. Resten måtte eg gå. Eg brukte meir enn ein time kvar veg."

Lærarar

Etternamn Fornamn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad
Sognnes Orlaug 1900 Indrefjord og Sågnnes 1923 Budde i Indrefjorden.
Hyllestad Egil Kolgrov

Foto

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane: Skulestyreprotokollar og skuledagbøker frå Hyllestad kommune:

  • Karakterprotokoll for Hyllestad, Kolgrov, Sørefjord og Dalsbygda skoler, 1883-1893. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
  • Dagbok for Hyllestad, Sørefjord, Dalsbygda og Kolgrov skoler, 1885-1901. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
  • Hyllestad kommune.Skulestyret. Møtebok 1861-1890.

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder

  • Informant: Kåre Djupevik


Koordinater: 61.143908° N 5.273357° Ø