Kollagrendi

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Kart over Kollagrendi

Kollagrendi er ei lita grend i Lom. Ho ligg på sørsida av Otta rett aust (sør etter retningane som er brukt i bygda). Området er ein del av det som opphavleg er kalla Meadalsmorki, eit område i Meadalen som var felleseige mellom Graffer i Vårdalen og Blakar, Stamstad, Kjæstad, Rostad, Kvåle og FrøyseSøre Strondi.

Grafferskollen er den eldste plassen i dette området, busett før 1664. Nokre tiår seinare vart det og rydda eit Kolla-bruk som plass under Kjæstad. Så truleg i 1740-åra, om lag samstundes, vart dei to Råsbakken-plassane tekne opp. Søre var plass under Graffer heilt til 1971, og Nørdre under Kjæstad til 1923.

Den folkelege tydinga av namnet Råsbakken er knytt til ei velkjend segn om ei rådslaging på bakketoppen her i framkant av trefninga i Kringen i 1612. Ho går ut på at Skjellkvåls-karane fekk lomværane til å snu og ikkje reise ned for å slåst mot skottane. Soga er nok heller laga for å forklare namnet. Truleg fortel det om ei rås, ein stig eller gongveg gjennom skogen, og namnet er nok eldre enn 1600-talet og husmannsbruka. Det fortel om ferdselsveg mellom hovudbygda og Vårdalen eller Meadalen, etter ei drog der det for både ridande og gåande, og ein stig der seterkrøter tok seg fram vår og haust.

Den neste plassen som kom i området her (kring 1780), ser ut til å ha høyrt til Kjæstad: Kjørri, heilt nord i grenda, der det seinare var kalla Dansarsletti. Bruket var neppe busett lenge; kanskje til i 1830-åra. Nokre år før, fyrst i 1820-åra, ser det så ut til at Kjæstad sette ned husmann i sin del av Kollen, på det bruket som så vart kalla Nordistugu Kollen. Det vart kjøpt til sjølveige i 1904.

I fyrste del av 1800-talet vart så Malistugu folkesett, og her budde det folk sporadisk til fyrst på 1900-talet. Kring 1850 kom så Kollatrædet lengst aust i grenda, busett til 1914. Fyrst på 1900-talet kom det så nokre mindre hus utan jordveg, som nå er borte.

Litteratur