Konrad Brunstad Trevarefabrikk

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Konrad Brunstad Trevarefabrikk var ein trevareprodusent i Sykkylven. Verksemda hadde tilhald på Brunstad i Velledalen og vart starta i 1931.

Konrad Brunstad var mellom dei sykkylvsungdomane som gjekk på snikkarkurs i Molde. Kurset som Brunstad tok del i, gjekk over sju månader vinteren 1927/28. Konrad minnest at dei ikkje fekk lov til å nytte maskiner dei første månadane, alt skulle lagast for hand. Lærarane vill at faget skulle lærast frå grunnen av.

Konrad Brunstad hadde god nytte av den praktiske skoleringa han fekk i Molde. Han hadde ikkje råd til å skaffe seg maskinelt utstyr då han gjekk i gang med dreiing i 1931. Emna han skulle dreie, måtte først sagast med handsag, og dreiebenken måtte han trø. Dreiemaskina måtte ha ein viss fart heile tida for å gje den rette effekten. Det kravde sin mann når ein måtte stå på ein fot og trø heile dagane.

Konrad Brunstad var pioner innanfor dreia treverk til møbelindustrien i distriktet. Han forsynte dei lokale møbelfabrikkane med dreia delar heilt frå stoppamøbelproduksjonen kom i gang om lag 1931. Underleverandørar som Konrad Brunstad skal ha ein stor del av æra for den veksten som skjedde i møbelindustrien i Sykkylven i 1930-åra. Stoppmøbelfabrikantane slapp å investere i ein del spesialutstyr første tida. Brunstad og kollegaene hans forsynte dei med delar til ein svært rimeleg pris. Konrad Brunstad dreiv også ombringarteneste. Han hadde ein liten Opel som han frakta varene ut med etter kvart som dei vart ferdige.

Brunstad tilførte midlar til fabrikkdrifta frå vegarbeidet som han tok del i somrane først i trettiåra. I 1933 hadde han spart i hop 400 kroner på dreiing og vegarbeid. Desse pengane skulle brukast til ein femhestars motor som han hadde sett seg ut. Tanken var at motoren skulle drive ei sag. Ein mindre motor til dreiebenken hadde han skaffa seg litt tidlegare. Då Brunstad skulle hente motoren på dampskipsekspedisjonen, synte det seg at han kosta 100 kroner meir enn avtalt. 100kroner var mykje pengar for ein som tente 30-40 øre timen på dreiearbeidet. Med naud og neppe fekk han låne dei hundre kronene i Sykkylven Sparebank mot å stille motoren som pant. Konrad Brunstad fekk drive nokså uforstyrra på marknaden for dreia delar dei første åra. Fram mot siste verdskrigen fekk han konkurranse frå mellom andre Lars P. Riksheim og seinare Olav Parr. Elles var det fabrikkar som hadde dreieutstyr sjølve.

Fram mot 1940 hadde Konrad utvida produktspekteret til også å gjelde stolgrindar. Fabrikklokale hadde han første tolv åra i kjellaren i heimen i Monsgarden. Der var det så lågt under bjelkane at dei fire-fem tilsette måtte gå med bøygde ryggar så snart dei skulle flytte seg eit stykke. Eit av dei første krigsåra fekk Konrad tak i byggemateriale og sette i gang å reise fabrikk på tunet på farsgarden. Han henta tømmer frå eigen skog til taket og kom på den måten klar rasjoneringsføresegnene. Nybygget kunne takast i bruk i 1943. Då slutta Konrad å dreie, men han produserte framleis treverk til andre fabrikkar.

I 1942 danna han eit nytt selskap i lag med Ole C. Brunstad, Brunstad Møbelfabrikk. Dei to kompanjongane laga overstoppa stolar som vart selde gjennom agentar utover landet. Parallelt dreiv Konrad trevarefabrikken sin. Det var den som leverte treverket til Brunstad Møbelfabrikk. Før Ole og Konrad skilde lag, omkring 1953, hadde dei lokale i kjellaren til Petter H. Brunstad i Sølmongarden på Brunstad.

Konrad Brunstad leverte treverk til mange av dei små stoppingsverkstadene som kom i gang under og like etter krigen. Ei ordrebok han førte fortel om forretningssamband med tjue møbelfabrikkar i distriket. Dette gjorde at han ikkje kunne legge opp til produksjon i store seriar. Leveransar på 8, 10 eller 12 deleeiningar var ikkje uvanleg. Slik vart produksjonen lite rasjonell. Siste åra Konrad Brunstad dreiv, leverte han berre til Lauritz Sunde i Spjelkavik. Då Sunde la ned verksemda tidleg i sekstiåra, avvikla også Konrad Brunstad. I åra etter tok han opp att dreiinga og leverte varer på bestilling til kundar i distriktet.

Konrad Brunstad vart i sin siste leveår kjent som ein ivrig trimmar. Han byrja å trene aktivt etter at han hadde passert 80 år. Han brukte å stå opp i firetida for å kunne gjennomføre løpeturane sine før det vart trafikk på vegane. Til minne om Konrad Brunstad har Velledalen idrettslag dei siste åra, kvar 1. mai, arrangert Konrad-løpet. Det er eit mosjonsløp som startar klokka 5 om morgonen.

Kjelde