Konrad Gjerde Sport- og Lærvarefabrikk

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Konrad Gjerde Sport- og Lærvarefabrikk var ein lærvarefabrikk på Ikornnes i Sykkylven. Initiativtakar var Konrad Gjerde. Gjerde var ikkje framand for tilverking av sportsartiklar då han i 1945 etablerte sports- og lervarefabrikk i Klæbu i Sør-Trøndelag. I ungdsomsåra hadde han laga diverse sportsartiklar, til dømes gamasjar, ved hjelp av ei symaskin han hadde etter mor si.

Gjerde vart gift med ei jente frå Trøndelag, og det var grunnen til at han starta lærvarefabrikken sin der. Produktspekteret var vidt dei første åra: sykkelsekker, beltesekker, skulesekker, ryggsekker, skøytereimar, barnebindingar, gamasjar og nyrebelte. Det var skulesekker det gjekk mest av. På eit vanleg år var det laga 20.000 slike sekker.

Rundt 1950 byrja bedrifta å lage skidrakter i poplinstoff. Det vart levert slike drakter til dei norske olympiatroppane som var med i leikane i Cortina d’Ampezzo i Italia i 1956 og Squaw Valley i USA i 1960. Tidleg i femtiåra utvikla Gjerde, i lag med Martin Stokken, ei idrettsdrakt som fekk namnet Stokken-drakta. På drakta var det eit tystykke på ryggen. Stykket var festa med trykknappar. Når idrettsutøvaren vart sveitt, kunne han opne stykket, slik at kroppsdampen fekk sleppe ut.

Medan Gjerde var i Trøndelag, kom han i kontakt med ein kollega som hadde vore i USA. Kollegaen synte Gjerde ei glasfiberprøve han hadde fått med seg derifrå. Glasfiber var eit materiale Konrad Gjerde var heilt ukjend med då. Likevel såg han snart potensialet som det syntetiske stoffet hadde, og han tok kontakt med ein ingeniør ved Norges Tekniske Høyskole i Trondheim. Ingeniøren var med å utvikle ein maskin for produksjon av fiskestenger i glasfiber. Det vart teke patent på maskina i 17 land.

Glasfibermaskinen vart montert i fabrikken som bror til Konrad Gjerde, Josef Gjerde, hadde bygt på Jarnes. Glasfiberproduksjonen vart organisert gjennom eit eige selskap, Nordisk Industri Plastic (NIP) skipa i 1957. Her vart det særleg laga fiskestenger, men også andre glasfiberartiklar.

Bedrifta møtte hard konkurranse frå dei etablerte fabrikantane av fiskestenger. Ein tysk produsent sette prisane kraftig ned for å råke den norske inntrengjaren. Det enda med at NIP måtte selje stengene til under råvarekostnad for i det heile å bli kvitt dei. For å prøve å kompensere tapet laga NIP andre glasfiberprodukt, m.a. vegstikker for vegvesenet. Andre artiklar vart utprøvde utan at dei kom i produksjon.

Medan Gjerde-brørne strevde for å gjere glasfiberavdelinga lønsam, dreiv dei vidare sportsartikkel- og møbelproduksjonen sin.

Kring 1960 tok ålesundaren Oluf Holm over NIP. Han dreiv bedrifta i ti år, fram til han døydde. Konrad Gjerde reiste eige fabrikkbygg på Sætre i 1969. Frå 1967 hadde han teke til å levere seglduk til møbelindustrien i Sykkylven. Først ut i 1970-åra fekk segldukleveransane stort omfang. Då måtte han bygge på fabrikken for å greie å kome i møte etterspurnaden. Konrad Gjerde Sport- og Lærvarefabrikk sydde m.a. seglduk til Siesta-stolen for Vestlandske, til Partner-stolen for Velledalen Fabrikker og til Stressless-stolen for J.E. Ekornes Fabrikker. I tillegg laga verksemda østerdalssokkar, forutan gamasjar i poplin. Det vart også laga gamasjar i nylon og krepp og barnebindingar i lær. Andre produkt var ryggsekker, kartmapper, fiskevesker og beltesekker.

I 1981 hadde bedrifta 20 tilsette. Same året vart ho seld til Gefa Sport A/S. Gefa Sport heldt fram med om lag same produksjonen som forløparen, sportsartiklar og underleveransar til møbelindustrien. Firmaet hadde i 1983 17 tilsette, dei fleste kvinner. Same året gjekk Gefa Sport A/S konkurs.

Kjelde