Krundalen skule

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk

Krundalen skule er ein nedlagd skulekrins og folkeskule i Jostedalen i Luster kommune, Sogn og Fjordane. På 1700-talet var Jostedal prestegjeld delt i to skulekrinsar, og midt på 1800-talet vart dei delte opp i fem krinsar. Ein av dei var Krundalen krins, som femnde om matrikkelgardane Bergset, Grov, Snøtun, Kruna, Hellegård og Haugen, dermed òg Gjerde i hovuddalføret, som i dag er bygdesentrum i Jostedalen. Krinsen grensa i sør til Kreken krins og i nord til Mjølverdalen krins.

Skulehus 1898

Krundalen var den siste av skulekrinsane i Jostedalen som fekk fastskule. Ei tid var omgangsskulen i krinsen delt i to, i ’heimste’ og ’fremste’ delen av dalen der skiljet gjekk mellom Kruna og Øygarden. Men med utvida skuletid vart det stadig vanskelegare å få leigd høveleg husrom til skulen gjennom vinteren.

I april 1897 vart kommunestyret i Jostedalen og forstandarskapet i den nyskipa Jostedal sparebank samde om at kommunen fekk overta bygningen i Jostedal prestegard som hadde høyrt til det nedlagde Jostedal bygdemagasin. Magasinbygningen vart så flytt til garden Snøtun i Krundalen og bygt om til skulehus i 1898.

Nytt skulehus og nedlegging

Hausten 1959 vart eit nytt skulehus for krinsen teke i bruk på Snøtun, eit par hundre meter aust for det gamle. Men skulehuset fekk eit kort liv som folkeskule. I 1963 vart elevtalet så lågt at det gjekk mot udelt skule i krinsen, så etter ynske frå ei rad foreldre vart borna overførte til Kreken skule frå hausten 1963, som dermed vart tredelt. Den nye skulebygningen i Krundalen var nokre år nytta til leirskule og har frå 1990 vore hovudkvarter og kurssenter for bedrifta Jostedalen breførarlag.

Då Krundalen skule vart lagt ned i 1963 hadde Jostedal kommunestyre alt (desember 1962) etter lang strid vedteke å samle alle dei fem krinsane i ein ny sentralskule. Den nye Jostedal skule stod ferdig på Bjørk i Krekagrendi i 1968.

Det gamle skulehuset

Då den nye skulen i Krundalen stod ferdig i 1959, vende Jostedal historielag seg til kommunen for å få overta den gamle skulebygningen, og i 1963 fekk laget gratis overta skulehuset med innbu. Historielaget fekk kjøpt ei tomt til skulehuset ved Jostedal prestegard, opphavleg med tanke på å byggje opp eit bygdetun. Skulehuset vart teke ned i 1978 og lagra. I 1989 var det så oppsett på tomta der det no står som eit lite skulemuseum i Jostedalen, berre eit steinkast frå der bygningen før stod som magasin.

Arkiv

Kjelder og litteratur

  • Øvregard, Kåre. (1996). Skulen i Luster gjennom 250 år. Kulturhistoriske glimt frå skulen sitt arbeid i dei ulike krinsane. Gaupne: Luster kommune, s. 316 og 323-325.
  • Møtebøker for Jostedal formannskap, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
  • Møtebøker for Jostedal historielag

Koordinater: 61.636111° N 7.2175° Ø