Kvinnherad sogelag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Sogelaget sin logo.

Kvinnherad sogelag i Kvinnherad kommune vart skipa 16. april 1983. Laget skal «vekkja interesse og forståing for lokalsoge og folkeminne og hjelpa til med å samla inn, ordna og gjera tilgjengeleg alt som kan kasta ljos over livskåra til folk i farne tider, materielt og åndeleg, alt typisk museumsarbeid unnateke». Laget gjev ut skriftet Kvinnhers-minne annakvart år.

I 2019 hadde laget 227 medlemmer, nokre av dei er familiemedlemskap. I 2010-åra har det vore ein god auke i talet på medlemmer.

Leiarar

  • Ingemar Presthus 1983-1988
  • Otto Vikane 1988-1995
  • Sigvald Eik 1995-1999
  • Arnfinn Otterå 1999-2002
  • Halvor Medhus 2002-2014
  • Anny Nygård Mehl 2014-2019
  • Audun Eik 2019-

Aktivitetar

Laget har teke vare på kulturminne og gjort desse kjent. Her kan nemnast Postvegen. Årsmøta har vore på forskjellige stader i kommunen og har då vanlegvis ei vandring på kulturhistorisk grunn på plassen. Laget har også engasjert seg i stadnamn og vore pådrivar for utgjeving av andre historiebøker.

Sogelaget har vore med og arrangert kulturminnedagar og bidrege aktivt der.

Publikasjonar

Dei første årbøkene vart gjevne ut i lag med Husnes Mållag. Ein del av bøkene har hatt eit gjennomgangstema, medan dei første og siste åra har bøkene hatt mange forskjellige historier frå farne tider.

  • Kvinnhers-minne bok nr 1-6: Skildringar frå kvardagslivet, bøkene hadde ikkje tittel.
  • Bok nr. 7: Stølsdrift i Kvinnherad.
  • Bok nr. 8: Utvandringa til Amerika.
  • Bok nr. 9: Fjorden som ferdaveg
  • Bok nr. 10: Språkstrid, Jul og Vaage.
  • Bok nr. 11: Helse i Kvinnherad.
  • Bok nr. 12: 1905 i Kvinnherad.
  • Bok nr. 13: Arbeid og kvardagsliv i Kvinnherad.
  • Bok nr. 14: Det frivillige ungdomsarbeidet.
  • Bok nr. 15: Tjue bedehus og ein baptistmenighet.
  • Bok nr. 16: Husmorlaga i Kvinnherad.
  • Bok nr. 17: Førstereis.
  • Bok nr. 18: I utanrikstjeneste, å feira bryllaup, Islandsfiske.
  • Bok nr. 19: I leik og alvor.

Årbøkene som ikkje det er fleire att av, er digitaliserte og skal liggja på heimesida til sogelaget.

Skriftstyret for årbøkene har vore heile styret, og leiarane har vore: Anskar Bjelland, Leiv Døssland, Ivar Våge, Aasmund Taarn Sande, Jorun Torskedal, Halvor Medhus og Lars Jostein Rørvik.

Kjelder og litteratur

  • Opplysningar frå laget, 2019 (Landslaget for lokalhistorie si lagsundersøking).

Eksterne lenkjer