Kyrkjelii 10 (Bykle)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Kyrkjelii 10
Rydda: 1987
Utskilt: 1987
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 13
Bnr: 34
Type: Bustadeigedom
Adresse: Kyrkjelii 10

Kyrkjelii 10 vart utskilt frå det kommunale arealet i Kyrkjelii, bnr 29, i 1987, og kaupt av Ivar Raymond Gulbrandsen og kona hans, som bygde seg hus her og flutte inn same året.

  • Ivar Raymond Gulbrandsen, f 1933, d 1998
g 2. 1985 m Anne Britt Breland, f 1959. Born:
  • Tom Ivar, f 1986
  • Chris Andre, f 1987

Ivar Gulbrandsen var frå Fredrikstad, foreldra hans var Sigurd og Astrid Guldbrandsen. Då Ivar flutte frå Fredrikstad til Bykle for å gifte seg med Anne Britt i 1985, var han enkemann. Fyrste kona heitte Gunhild, og i det ekteskapet var det 3 born: Anne Lise, Svein og Roger. Etter at han kom til Bykle arbeidde Ivar på vindaugsfabrikken.

Anne Britt kjem frå Songdalen. Namna åt foreldra hennes er Torgeir Breland og Ingebjørg Otelie, fødd Strand. Anne Britt kom til Bykle for å arbeide på Bykle hotell i 1978. Frå 1979 har ho vore ekspeditør på Samyrkelaget. For tida (2006), har ho også arbeid som reinhaldar for Bykle kommune.


0941 Bykle komm.png Kyrkjelii 10 (Bykle) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Kyrkjelii 4 • Neste bolk: Sollid