Kyrkjevegen (Bø i Telemark)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Kyrkjevegen sett nordøstover mot sentrum.
Foto: Roy Olsen (2016).
Kyrkjevegen sett nordøstover mot sentrum.
Foto: Roy Olsen (2020).
Kyrkjevegen sett nordover.
Foto: Roy Olsen (2020).
Kyrkjevegen sett sørover ved Nerbø.
Foto: Roy Olsen (2016).

Kyrkjevegen i i Midt-Telemark kommune går vest- og sørover frå Gullbringvegen i sentrum til Skyttarvegen ved Klokkarstugo og er om lag 2 kilometer lang. I starten av vegen ligg det einebustader, men etter kvart blir det meir jordbrukslandskap og vegen passerer fleire gardar.

Vegen har namn etter kyrkjene på Bøhaugen. I 1988 blei det gjort eit offisielt namnevedtak, og «vegen Frøyatun–Veirud» fekk stadfesta namnet Kyrkjevegen.

I 1957–58 blei det anlagt veg frå Bøgata ved Frøyatun og opp til Grauteknapp til erstatning for den tidlegare bratte bakken opp frå Presteevju ved Frivoll (dagens gangveg mot Prestegarden). Året etter blei vegen vidare frå Grauteknapp forbi Lund og fram til kyrkjene utvida til fem meters breidde. Vegen Prestebrua–Grauteknapp blei vedtatt nedlagt frå 1960.

Fram til 1996 heitte det Kyrkjevegen heilt til Lundevegen. I samband med at Tandrevegen da fekk endra namn til Skyttarvegen blei dei siste 200 metrane av Kyrkjevegen lagt til denne.

Frå sommaren 2016 til våren 2017 gjennomgjekk ein stor del av vegen fram til kyrkjene ei større oppgradering for å betre forholda for fotgjengarar.

Eigedomar i Kyrkjevegen

Nr. Bilde Om eigedomen
6
Foto: Roy Olsen (2020)
Gnr. 55/40, «Helland»

Eigedomen heitte Kyrkjekåsine, men fekk endra namnet til Midt-Bø ved frådeling i 1822. Garden fekk gnr. 55/2 i matrikkelen frå 1886. I 1880 kjøpte kjøpmann Godtfred Lund eigedomen og dreiv garden nokre år. I 1884 blei plassen Bøhegna, der Lund budde skild ut og fekk etter kvart bnr. 3. Ved skylddelingsforretning i 1899 heldt Lund att ein liten del av garden som i matrikkelen beheldt namnet Midt-Bø og bnr. 2. Det er denne saman med Bøhegna og bustadhuset der ein gjerne kallar «Lund» (Kyrkjevegen 25). Storparten av garden blei seld til felemakar Gunnar O. Helland. Garden fekk bnr. 11 og han gav den namnet Helland. I 1939 er garden ført opp med 55 da jord.

Bø kommune kjøpte garden Helland (gnr. 55/11) i 1990. Tunet blei skild ut som bnr. 40 og selt i 1991 til Telemarksforskning, eller Hellandtunet forsknings- og næringssenter som det heiter i dag (2020). Dei reiv den gamle låven og sette opp ny «kontorlåve». Denne blei påbygd i 2020.

7
Foto: Roy Olsen (2020)
Gnr. 53/324.

Tomt 62 av Grauteknapp på 1 450 m² blei skild frå prestegarden i 1955, og leigaren, Tjostolv Kiland, sette opp huset i 1959. Kiland blei tilsett som heradsagronom i Bø i 1951.
Eigarar pr. 2020, Tom Arnesen og Britt Haugland.

9
Foto: Roy Olsen (2020)
Gnr. 53/295.

Tomt 72 av Grauteknapp på 1 082 m² blei i 1977 skild ut som festetomt frå tomt 66 under prestegarden til Jan Tore Øygarden. Gitt bnr. 295 i 2009.

10
Foto: Roy Olsen (2020)
Gnr. 53/1/58.

Tomt 58 av Grauteknapp på 1 159 m² blei i 1955 skild ut som festetomt frå prestegarden til Bø kommune.

11
Foto: Roy Olsen (2020)
Gnr. 53/231.

Tomt 66 av Grauteknapp på 1 153 m² blei i 1957 skild ut som festetomt frå prestegarden til Jørgen Gunnarson Kåsa.
Eigarar frå 2009, Anne-Brita Tobro og Jørgen Kåsa. Tomta var opphavlig på 2,7 da, men tomt 72 blei skild frå i 1977.

13
Foto: Roy Olsen (2020)
Gnr. 53/244.

Tomt 65 av Grauteknapp på 1 631 m² blei i 1957 skild ut som festetomt frå prestegarden til Jørgen Larson Bakkemoen som bygde huset same året.
Eigarar frå 2014, Jan Anders Haugland og Ruth Draganchuk Haugland.

14 Gnr. 53/1/76

Tomt 76 av Grauteknapp på 1 508 m² blei i 1982 skild ut som festetomt frå prestegarden til Bø kommune.

15
Foto: Roy Olsen (2020)
Gnr. 53/180.

Tomt 64 av Grauteknapp på 3 826 m² blei i 1957 skild ut som festetomt frå prestegarden til Knut Knutsen som bygde huset i 1965. Knut var g. 1920 m. Mari Norheim frå Lunde.
Eigarar frå 1975, deira born, Andrea Gogstad, Marit Rock Heisholt og Olav Knutsen.

16/28
Foto: Roy Olsen (2020)
Gnr. 53/1/82, festetomt u. Prestegarden, «Grauteknapp».

Tomt 82 av Grauteknapp. Her låg den fyrste faste skulen i Bø, i eit hus som blei flytt hit frå Fossheim. Bygningen var skral, men blei reparert og inneheldt både skulestove og lærarbustad. Skulen fekk namnet «Luthers Minde» og starta opp i 1823 og heldt fram til den nye skulen på Skogshaugen sto ferdig i 1880-åra. Sidan, og fram til 1927 blei blei huset brukt til heradstyremøter, men også av andre kommunale styrer og nemnder. Seinare heldt m.a. Forsyningsnemnda og Landbrukskontoret til her. Huset blei rive i 1960. I 1939 bygde kommunen ny lærarbustad her. Storparten av den 24 da store eigedomen Grauteknapp blei lagd ut til leigetomter under prestegarden på midten av 1950-talet. Lærarbustaden blei rive i samband med at det skulle byggjast HVPU-bustader på tomta.

19
Foto: Roy Olsen (2020)
Gnr. 53/232, «Framheim».

Tomt 61 av Grauteknapp på 3 546 m² blei i 1955 skild ut som festetomt frå prestegarden til kyrkjetenar Olav Gjelhus som sette opp huset i 1957. Sonen Toralf Magne Gjelhus tok over eigedomen da faren døydde i 1969. Gitt bnr. 232 i 2002.

23
Foto: Roy Olsen (2020)
Gnr. 53/236, «Kveldsro».

Tomt 60 av Grauteknapp på 1 751 m² blei i 1955 skild ut som festetomt frå prestegarden til Sokneprest Arne O. Momrak som sette opp huset i 1956. Eigar frå 1985, Olav Momrak. Eigar frå 1991, Arne Momrak. Gitt bnr. 236 i 2003.

25
Foto: Roy Olsen (2020)
Gnr. 55/2, «Bøhegna»/«Midt-Bø» (Lund).

Opphaveleg husmannsplassen Bøhegna under Kyrkjekåsine (sidan Midt-Bø). I 1880 kjøpte kjøpmann Godtfred Lund garden Midt-Bø, gnr. 2, og dreiv han nokre år. I 1884 blei plassen Bøhegna, der Lund budde skild ut og fekk etter kvart bnr. 3. Ved skylddelingsforretning i 1899 heldt Lund att ein liten del av garden som i matrikkelen beheldt namnet Midt-Bø og bnr. 2. Det er denne saman med Bøhegna og bustadhuset der ein gjerne kallar «Lund». Storparten av garden blei seld til felemakar Gunnar O. Helland. I Bøhegna budde hardingfelespelaren og folkedansaren Kristiane Lund.

27
Foto: Roy Olsen (2020)
Same eigedom som nr. 25.
62
Foto: Roy Olsen (2020)

Foto: Roy Olsen (2020)
Gnr. 55/30, «Bøhaugen», Bø kyrkjegard med dei to kyrkjene.

Gamlekyrkja blei sett opp i siste havdel av 1100-talet. Den nye kyrkja er ei langkyrkje i nygotisk stil blei sett opp etter teikningar av arkitekt Jacob Wilhelm Nordan og innvigd i 1875. Heile området her er på 35 932 m².

63
Foto: Roy Olsen (2020)
Gnr. 55/1, Bø (Midt-Bø).
75
Foto: Roy Olsen (2020)
Gnr. 55/10, Bø.
78
Foto: Roy Olsen (2020)
Gnr. 55/30 (Bø kyrkjegard).

Driftsbygning for kyrkjegarden, bygd i 2020.

80 Gnr. 56/1, Bø,

Bustadhus sett opp kring 1985 100 meter nordvest for gardstunet. Eigar Olav Sæther

82, 84
Foto: Roy Olsen (2020)
Gnr. 56/1, Bø,

Tunet på garden. Nr. 82 er framhuset og nr. 84 er eldhuset. Låven blei rive kring 2012.

129
Foto: Roy Olsen (2020)
Gnr. 56/15, Rydvang.
131
Foto: Roy Olsen (2020)
Gnr. 55/23, «Nykås».

Utskild i 1945 frå bnr. 10. Eigar frå 1946, Knut Moen. Eigar frå 1975, Odd Vevle. Eigar frå 2020, Stig Jarle Ekre.

133
Foto: Roy Olsen (2020)
Gnr. 56/32, «Nyheim».

Eigar i 1952, Olav P, Nykaas, Eigar frå 1975, Halvor Nykås. Eigarar frå 2020, Merethe Eliassen Hansen og Olav Versto Roheim.

135
Foto: Roy Olsen (2020)
Gnr. 55/12, Nistås.
137 Gnr. 55/44, ubebygd tomt pr. 2020.
139
Foto: Roy Olsen (2020)
Gnr. 56/18, «Silju».

Hytte på Niståsberga. Skjøte frå Aaste Hansdtr. Bø i 1953 til Tor Gunleiksson Smestad. Eigar frå 1994, Gunleik Smestad.

150, 152
Foto: Roy Olsen (2020)
Gnr. 56/4, Bø (Nerbø)
Mathias Andreas Rye kjøpte garden i 1796. Folk kalla han «Majoren på Nerbø», og garden blei heitande «Majorbø».
159
Foto: Roy Olsen (2020)
Gnr. 55/41.
161 Gnr. 55/42. Ubebygd tomt pr. 2020.
163, 164
Foto: Roy Olsen (2020)
Gnr. 55/4, Åsheim.

Nytt framhus sett opp i 2016.

165
Foto: Roy Olsen (2020)
Gnr. 55/47, Kåsa (utskild tun, tidl. gnr. 55/5).
167
Foto: Roy Olsen (2020)
Gnr. 55/46.

Eigarar frå 2012, Kjartan Berland og Anita Lønnestad.

169
Foto: Roy Olsen (2020)
Gnr. 55/11, Smedstad.

Kjelder


Koordinater: 59.41381° N 9.06002° Ø