Lærdalselvi

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Lærdalselva»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Lærdalselvi nedafor Borgund kraftstasjon fotografert i 1970
Foto: Magne Pedersen.

Lærdalselvi, også kjent som Lærdalselva, renn gjennom Lærdalen i Lærdal kommune. Elva oppstår der Smeddøla og Mørkedøla renn saman ved Borlaug bru, og renn så vestover til botnen av Lærdalsfjorden ved Lærdalsøyri. Smeddøla kjem frå fleire vatn på Filefjell og Mørkedøla kjem frå kjelder sør for Jukleegga. Elvane har eit samla nedbørsfelt på 1173 km², og er det største vassdraget i Sogn og Fjordane.

Dei nederste 25 kilometrane av elva, som er roleg med store høler, er ei av dei beste lakseelvene i landet. Norsk villakssenter i Lærdalsøyri er eit observatorium for villaks i elva og eit kunnskapssenter for laksefisket. Det er også godt fiske på sjøaure i elva. Sportsfisket har lange tradisjonar i elva; allereie i 1850-åra fiska engelske turistar der. Middelstorleik for laks er 6,5 kg, og for sjøaure 1,5 kg. Frå 1996 til 2013 var elva infisert av lakseparasitten gyrodactylus. Det vart nytta surt aluminium for å ta knekken på parasitten, men den dukka fleire gonger opp. Fyrst i 2013 var det ein normalsesong med 900 kg landa fisk.

Den øvre delen av elva er mer stri, med mange kulper og fall. Ovafor Sjurhaugfossen vart elva utbygd i 1972, og laksen går ikkje lenger enn dit. Den største kraftstasjonen er Borgund kraftstasjon med 186 MW midlere produksjon og 1034 GWh i året. Der nyttast også sideelvene Dilma og Nivla, og det er ei fallhøgd på heile 874 meter.Andre kraftstasjoner er Øljusjøen pumpekraftstasjon (50 MW) som pumper vatn frå hovudsamletunnelen for Borgund kraftstasjon om sumaren, så vatnet kan nyttast av både kraftstasjoner frå magasinet i Øljusjøen på vinteren, og Stuvane kraftstasjon (38 MW, 190 GWh, fallhøgd 162 m.). Total midlere årsproduksjon i vassdraget er 1267 GWh.

Historisk har Lærdalselvi hatt mange store flaumar, og har endra løp fleire gonger. Etter at reguleringa tok til i 1890-åra har dei ikkje vært så store, men i 1920 og 1924 var det flaumar som gjorde stor skade. I 1971 var det også ein stor flaum.

Galleri

Kjelder

Koordinater: 61.07227° N 7.93463° Ø