Løland krins

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Løland krins i Hyllestad kommune vart eigen krins i 1872 og dekka Espeland, Nes og Løland. Dette område var frå 1861 til 1872 i same krins som Akse, Birkeland, Sætre, Systad, Buvik, Eide, Ytre Dale, Indre Dale og Tonning - krins nr 9, også kalla Åfjorddalen. Løland, Nes og Espeland protesterte mot denne nye krinsen, og nekta å sende ungane sine den lange vegen på skule til Systad og seinare til Eide.

I 1924 vart Løland, Birkeland og Dale slått saman til Åfjorddalen krins.

I 1890 kom skulestyret med framlegg om felles skulestad for 5. til 7. klassingane frå Birkeland, Dale og Løland i Eidsneset. Dette vart motteke med store protestar og skulestyret trakk forslaget.

Skulehus

I 1861 vart det halde skule i ei rodestove på Systad for alle borna frå Akse, Birkeland, Sætre, Systad, Buvik, Eide, Ytre Dale, Indre Dale og Tonning. Frå 1863 vart skulen lagt til ei stove på Eide i Eidsneset. Løland, Nes og Espeland ville ikkje sende borna den lange vegen til skule og fekk til slutt innvilga eigen krins i 1872.

Leigde lokale

Elevane alternerte mellomstover på Løland, Nes og Espeland. I 1902 vart storstova på Nes nytta til skulelokale. I 1910 vart skulen flytta til Løland grunna sjukdom, men var tilbake igjen på Nes i 1911. Frå 1915 vart skulen halde på Løland. Det vart krav om leikeplass, mellom anna for å gjennomføre legemsøvelsen.

På eit krinsmøte i romjula i 1918 sa Marthe Monsdotter Løland at dei ikkje lenger ville ha skule på garden. Ingen andre kunne stille høvande lokale heller. Saka vart ikkje avklara og skulen heldt fram på Løland eit år til. Siste året med leigd skulestove vart dette på Nes.

Eige skulehus

Kampen for eige skulehus starta allereie i 1906. Krinsen fatta vedtak om å byggje eige skulehus i Løland krins, men saka vert utsett av skulestyret. Først i 1918 kom skulestyret med oppmoding til krinsen om å løyve midlar til skule med lærarjord. Krinsen valde ut ei tomt ved Indre Løland bru på Hans Nes sin eigendom, noko som møtte protestar frå Espeland. Dei krevde avstandsmåling for å finne midtpunktet i krinsen for å byggje skulehus der.

I 1919 kom ny melding frå skulestyret: Dei ville utgreie bygging av felles skulehus for krinsane Birkeland, Dale og Løland. Framlegg om ny krinsskipnad kom i 1920, og bygging av ny skule i Eidsneset skulle ta til i 1922. Det kom mange protestar og saka vart forseinka, men bygginga av Åfjorddalen skule starta i 1923 og dei fyrste elevane på den nye skulen i den nye Åfjorddalen krins starta i 1925.

Skuledagen

Skulevegen

Lærarar

Etternamn Fornamn Føydd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad
Løland Ole Bendik 1850 Løland 1880 1882 Stord Seminar og Balestrand lærerskole
Lybakk Ole Rasmus Løland 1879 Tok over i Dale krins etter Ole Bendik Løland når han vart flytta til Løland krins
Ringstad Anders Løland 1895 Stord Seminar
Sandnes Anders Eriksen Løland 1902 Vikar
Buttedal Søren T. Løland 1903 Vikar
Molland Per Løland 1914 1914 Vikar for Eide
Løland Sjur Løland 1914 1914 Vikar to veker
Fosse Inga Løland 1914 1915 Vikar
Bøthun Løland 1915
Johannesen Johannes Løland 1915 1915 Forsøkte å få lærarpost i Hyllestad med falske attestar.
Barane Jens Løland 1915 1916
Varlid Bertil Endresen Løland 1916
Skeie Brita Løland 1921 1922
Selseng Agnes Løland 1923

Foto

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

  • Ingemar Nordstrand (2009) Gamal og beisk skulestrid i Lølandsgrenda. Sogeskrift frå Hyllestad 2009.
  • Sogn og Fjordane fylkesarkiv:
    • Kommunestyreprotokollar 1861-1926
    • Skulestyreprotokollar 1861-1926
    • Krinsprotokollar Løland, Dale og Birkeland krinsar

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder

Koordinater: 61.16054° N 5.39268° Ø