Wikiens artikkel nr 25 000, om Bølerlia, ble lagt inn i påsken av Stig Rune Pedersen. Vi gratulerer så mye! :)

Lønnegrav gravplass

Fra lokalhistoriewiki.no
Gå til: navigasjon, søk
Porten til Lønnegrav.
Foto: Olav Momrak-Haugan (2010)

Lønnegrav gravplass ligg i Kilegrend, grenda lengst sør i Fyresdal kommune. Gravplassen vart teken i bruk i 1885. Før bilvegen kom over fjellet Våmur, hadde ein berre ein enkel veg over fjellet, eller vassvegen på Fyresvatn, for å kome til Moland kyrkje. Dette var ikkje minst tungvint ved gravferd, og det vart difor tidleg eit ynskje om å lage til ein gravplass lokalt i Kilegrend.

I sjølve grenda er det grunnlendt og ikkje egna til dette slik at valet fall på husmannsplassen Lønnegrav der det var djup jord. For å kome til gravplassen måtte ein lenge ro over eit sund. Slik måtte og kista transporterast.

Lønnegrav høyrde til Uppistog (Øvre) Kiland gnr. 25/1, men ein av sønene på garden, Hans Kjetilson Sundsli (1843-1885), fekk dela frå og skøyte på Sundsli gnr. 25/6 i 1865 og Lønnegrav vart liggjande til denne garden. Og det var Hans og kona hans, Tone Talleivsdotter (1850-1885) frå Veamyrane gnr. 86/3 i Hauggrend som ivra for å få til gravplass og gav husmannsplassen til dette bruk. Dei to er og dei fyrste som vart gravlagde her. Dei døydde båe i 1885. På jarnkrossen på grava står det:

«Dette ægtepar er de første som er begravne paa denne gravplas»

bedehuset i 1915 kom i bruk ved gravferder, vart det bygd ein støpul med klokke der. Når høgtida var avslutta inne i bedehuset vart det ringt med klokka på vanleg måte. Slik fekk dei som heldt på ved grava signal om at no var fylgjet snart på veg over vatnet.

I 1953 vart vegen over Våmur mellom Kilegrend og Moland kyrkje opna. Det vart då lettare å kome fram med bil, men enno måtte ein ro frå bedehuset til gravplassen. Så vart det bygd skogsbilveg fram til Lønnegrav i 1983 og då kunne all ferdsel dit gå med bil. Ved gravferd til Lønnegrav vart det då vanleg å halde høgtid i Moland kyrkje og at gravfylgjet med bilar køyrer derifrå fram til gravplassen. Så lenge bedehuset var i bruk som bedehus var det framleis slik at enkelte gravferder hadde sitt utgangspunkt i dette. Det vart etter kvart ikkje bruk for klokkestøpulen ved bedehuset, og den vart flytta til gravplassen. Her vert det ringt på vanleg måte ved jordpåkastinga.

På Lønnegrav gravplass er det eit rikt utval av gravminne, frå dei aller enklaste til familiegrava til hovudgarden. Gravplassen vert etter kvart mindre bruka, men den vert (2011) sers godt halden av dei enkelte festarar og kyrkjetenaren.

Like utanfor gjerdet er tuftene etter husmannsplassen, ein ser tydeleg hola etter kjellaren.

Fotografi frå Lønnegrav gravplass

Kjelder

  • DIS-Norge Lønnegrav
  • Marvik, Steinar: Fyresdal. Gards- og ættesoge. Fyresdal kommune, 1992
  • Veum, Lars: Kilegrend. Grenda i sør. Kilegrend Grendelag, 2011.
Personlige verktøy
Navnerom

Varianter
Handlinger
Avdelinger
Forsider
Verktøy