Løytestølane (Ustaoset)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinater: 60°30′24″ N 8°6′33″ Ø


Løytestølane ligg på Ustaoset, Hol kommune. Ustedalsgardane Løyte (69/1) og søre Tufte (sjå Sekshusstølane) hadde på 1700-talet båe stølseigedomar på sørsida av Usteåne, lokalt kalla ”vestsida”, på Ustaoset, Hol kommune. Løyte hadde Klinkenberg, Hyttudn og Bekreholt. Eigedomane strekk seg frå aust mot vest i nemnde rekkefølgje og frå Usteåne og sørover i høgd med Biskolanuten.

I samband med at Svein Ivarson (fødd kring 1728, død før 1774) ville løyse inn odelsretten til Løyte, som far hans tidlegare hadde selt, vart det i 1759 halde gardssyn. Mellom stølshusa som vart takserte, fanst ei bu på Bekreholt, to buer på Klinkenberg og ei løe på Hyttudn. Løyte støla framleis her i 1930-åra, men eigedomane (gnr/bnr 69/6) var då komme i ein Oslomanns eige.

I 1913 selde nemleg Henrik Eivindson Løyte (1845-1939) stølseigedomane til direktør Inge Ytteborg (1864-1920), eigar av Foss bryggeri i Oslo. Dei to inngjekk ei kontrakt om at Løyte fram til 1962 skulle ha rett til å støle på Hyttudn og Bekreholt, ha beite i sameiget og ha slåtten på Klinkenberg, mot å halde stølshusa ved like.

Då Henrik Larson (1870-1952) overtok som eigar av Løyte i 1921 var Bekreholt og Hyttudn enno i bruk, medan Klinkenberg var øydestøl. Frå 1949 leigde Henrik bort seterretten på Hyttudn til Herman Tolleivson søre Tufto (1888-1970). Kona Kristi (1900-?) støla her både med deira eigne og leigde dyr. Eigar av stølen var no tannlege Gunnar Aasgård frå Bergen. Enka etter han selde i 1968 Hyttudn tilbake til Løyte sin dåværande eigar, Guttorm Olavson Løyte (1921-?). Til seg sjølv heldt ho att ein liten del av vollen. Løyte hadde sauane sine på Hyttudn om sumrane i alle fall til på 1970-talet. I dag (2014) står ei bu og eit fjøs frå nyare tid på stølsvollen, medan det lenger ned i bakken ligg reistar etter ei steinbu. Også på Klinkenberg finst reistar etter ei steinbu, medan stølshusa er bygd om til hytter. Spora etter Bekreholt-stølen er antakelig begravd ved ”tippen”, grustaket, vest for Biskolabekken.

Kjelder

  • Reinton, Lars og Sigurd: Folk og fortid i Hol. I kommisjon hos Grøndahl, 1938-1982. Bind 3, 6 og 7.