Lade Møbelfabrikk

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Lade Møbelfabrikk var ein møbelprodusent på Lade i Velledalen, Sykkylven kommune. Verksemda vart skipa av brørne Arne og Hjalmar Lade i 1946. Hjalmar Lade hadde røynsle i møbeltapetserarfaget då han hadde vore tilsett ved fire møbelfabrikkar før han byrja med eigenproduksjon i kjellaren heime på Hau-Knut garden. Draumen om å kome i gang på eiga hand byrja å ta form hausten 1943 etter at han hadde gått eit halvt år på handelsskule i Volda. Som nykomar i bransjen hadde Hjalmar ingen kontaktar i grossistmiljøet, og då det leid så langt ut i krigen, var det stor rift etter råvarene. Men Hjalmar visste råd. Han kom frå eit gardsbruk, og smør, kjøt, egg og fløyte var særs ettertrakta bytemiddel attåt dei meir tradisjonelle betalingsmidla. Slik fekk han tak i både fjører, papirstoff og alt han trong.

Arne Lade var åtte år eldre enn Hjalmar. Han var møbelsnekkar, men dreiv også med overflatebehandling på ein av bygdas leiande møbelfabrikkar, Tynes Møbelfabrikk. Allereie før 1945 hadde dei to brørne investert i snikkarmaskiner: retthøvel, ei sirkelsag og ein fres. Alle desse maskinene skaffa dei seg utan banklån, gjennom oppsparte midlar.

Sal til heile landet

I 1946 vart firmaet Lade Møbelfabrikk offisielt registrert. Første fem åra heldt dei til i skofabrikken som ein tredje bror, Lars, dreiv i Straumgjerde. Der hadde møbelfabrikken tilhald i kjellaren med både snikkar- og tapetseraravdeling. Arbeidsstyrken var første driftsåret åtte mann, i hovudsak rekrutterte frå Straumgjerde-grenda.

Like etter krigen, som under krigen, var salet det minst problematiske ved heile drifta. Fabrikken hadde første åra berre ein agent, og han heldt til i Oslo. Gjennom denne agenten vart dei av med alle møblane dei laga. Etter ei tid fekk dei salsrepresentantar både i Bergen, Trondheim og for Nordland.

Trass i namnet var ikkje Lade Møbelfabrikk ein rein møbelprodusent. Dei laga også dører, vindaugsrammer og kjøkeninnreiingar. Stoppa møblar var likevel den viktigaste delen.

Stort fabrikkbygg

I 1950 byrja Hjalmar og Arne å sjå seg om etter nye lokale, for det vart for trongt i kjellaren på skofabrikken. I staden for å halde fram å leige, tok dei det store steget og bygde eige fabrikkbygg i tilknyting til farsgarden på Lade. Vinteren 1951 kunne dei flytte over i nye produksjonslokale i ei høgd med ei grunnflate på 360 m2. Bemanninga vart då auka til 12 personar. Straumgjerdingane som hadde arbeidd ved fabrikken, fekk ei lang og strevsam arbeidsreise. Arbeidsbussen gjekk andre vegen, frå Drotninghaug til Straumgjerde, og eigen bil var det få som hadde. Difor var det ikkje anna råd enn å ta sykkelen fatt for å kome til og frå arbeid. Etter ei tid bygde nokre av dei tilsette hus i Øvre Velledalen eller leigde seg husvære der, medan andre av dei opphavlege arbeidarane fann seg sysselsetting nærare heimstaden.

Fredag 7.november 1958 vart Lade Møbelfabrikk lagd i oske, men det var ikkje lenge dei femten arbeidstakarane gjekk ledige. På Velle og Dravlaus var det to fabrikkar som hadde redusert verksemda og kunne stille lokale til disposisjon. Medan det vart arbeidd med å føre opp ny fabrikk på Lade, var det tapetseraravdeling i Martin Welle sitt murbygg og snikkaravdeling i første høgda til Drabløs Lenestolfabrikk.

Eit murbygg med tretak stod ferdig på Lade i 1959. Med dette hadde Lade Møbelfabrikk utvida romkapasiteten med 480 m2. Det vart då slutt på produksjonen av dører og vindaugsrammer. Tidlegare hadde dei levert mykje treverk til andre fabrikkar. Etter 1959 gjekk hovudtyngda av treverket til eiga tapetseraravdeling.

Institusjonsmøblar

Fabrikken hadde ei god utvikling dei to neste tiåra. I 1961 var omsetninga 598.000 kroner. Ti år seinare var ho nær to millionar kroner, og i 1981 4,83 millionar kroner. Så byrja omsetninga å gå ned. Talet på tilsette var i 1970-åra rundt tretti. Fabrikkbygget vart utvida med 560 m2 i 1965 for å gje plass til den auka bemanninga og fleire maskiner.

Møblane frå Lade Møbelfabrikk har lege i mellomklassa. Allereie på femtitalet hadde bedrifta arkitektteikna møblar i kolleksjonen. Modellar som Fresia, Filo og Prins var arkitektteikna og markerte overgangen frå den gamle oppbygninga med madrassering til den neste fasen med systemputer i setet. Nokre år seinare teikna interiørarkitekt Per Øie modellar som Lotte, Lolita, Lade-Jarl og Lade. Då med delar i nye materialar; gummiband, nosagfjører, skumgummi og polyether. Martin, ein tredje bror i bedrifta, hadde og eit godt lag med å finne dei rette formene, og vert spesielt hugsa for dei lette stolmodellane Lindis og Vigdis. Son til Arne, interiørarkitekt Jan Lade, teikna sin første modell, Solveig, til fabrikken i 1968.

Lade Møbelfabrikk var mellom dei første lokale møbelfabrikkane som satsa målmedvite mot institusjons- eller kontraktsmarknaden. Frå 1974 hadde dei ein agent i Oslo som var engasjert berre med dette. Mange sjukeheimar og eldreinstitusjonar i Oslo-området kjøpte møblar frå denne sykkylvsverksemda. Desse møblane var formgjevne av arkitektfirmaet Rastad & Relling i Oslo.

Omorganisering

I 1978 vart fabrikken råka av ein ny brann der heile loftsetasjen strauk med. Det vart igjen stopp i fabrikken. Eigarane sleit med å kome i gang igjen, også på salssida. Lade Møbelfabrikk vart då gjord om til aksjeselskap, med Arne og Hjalmar som aksjonærar. I 1983 vart aksjekapitalen utvida med ein tredjedel etter at Asbjørnsen & Lade A/S gjekk inn i selskapet. Året etter takka Hjalmar Lade av som disponent og overlet den stillinga til Magne Lade, son til Arne. Fabrikken hadde då ei tid produsert spesialmøblar. For å auke produksjonskapasiteten på ein balansstol for HÅG laga den kreative bedrifta, Industriservice AS, ein spesialmaskin som utførte åtte operasjonar utan å flytte arbeidsstykket. Seinare vart dette kalla celleproduksjon. Lade Møbelfabrikk laga også konkurransemøblar for designfirmaet Asbjørnsen & Lade, der Jan Lade var ein av eigarane.

Lade Møbelfabrikk gjekk no inn som underleverandør, mellom anna til den nystarta bedrifta Sicon, som var ei fellessatsing for fleire sykkylvsbedrifter. Sicon vart leverandør til kontraktsmarknaden, i hovudsak hotell. Dette gjekk bra i 10 år. Då måtte Sicon gje tapt og Lade Møbelfabrikk måtte starte på nytt, denne gongen mot kontraktsmarknaden. Det viste seg vanskeleg for ei lita bedrift. Styrken til Lade Møbelfabrikk var at han var fleksibel og kunne løyse vanskelege oppgåver i ein høg kvalitet. Siste leverte oppdrag var spesialmøblar til dei nye hurtigrutene Nord-Norge og Nordkapp i 1997. Då var det slutt etter 51 år.


Kjelde