Lade Skofabrikk

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Lade Skofabrikk var ein produsent av sko som heldt til i Straumgjerde i Sykkylven. Bedrifta vart etablert av Lars A. Lade i 1936.

Etter framhaldsskulen byrja Lars A. Lade 15 år gammal i skomakarlære hos Lars Grebstad på Aure. Der vart han i eitt og eit halvt år fram til 1929. Det var for lite læretid til at han kunne få sveinebrev, men kunsten var å byrje å tene pengar. Lars kjøpte nokre lestar, og litt anna skomakarutstyr i Ålesund og tok til for seg sjølv i stabburet heime på Lade. Det var godt om oppdrag for den unge skomakaren, men skoproduksjonen skulle vere høg for å gje fullgod inntekt. Åtte kroner kosta eit ferdig handsydd skopar den tida.

I 1934 slutta skomakaren i Straumgjerde, Toralf Grebstad. Lars meinte at Straumgjerde måtte vere ein meir tenleg stad å legge ein skomakarverkstad til enn Lade i Velledalen. Han fekk i byrjinga halde til i eit hjørne i den nybygde fabrikken til Karl Emdal. Første arbeidaren Lars Lade hadde, var den røynde skomakaren Toralf Grebstad.

Våren 1936 gjekk Lars handelsskulen i Ålesund, slik at han kunne løyse handelsbrev. I Ålesund kom han i kontakt med O. Støylen, som var lergrossist og dreiv med utsal av fabrikklaga sko. Lars Lade fekk no hug til å byrje produksjon av sko i eit større omfang enn tidlegare. Av Støylen fekk han leige nokre maskiner, elles fekk han og Petter K. Thoresen til å lage nokre, t.d. pussemaskiner.

Sommaren 1936 fekk han av Lars J. Drabløs i Straumgjerde leige eit murhus som nettopp var bygd. Huset var i to etasjar og leiga var 50 kroner månaden.

Første tida vart varene selde gjennom O. Støylen. Støylen heldt også Lade Skofabrikk med råvarer. Etter kvart knytte bedrifta til seg agentar som reiste rundt og oppsøkte kundane på heimstadane deira. Agentane hadde med seg prøver, og dei kom attende med lister over det som var tinga. Først når det var klart kva råvarer dei trong, vart varene tinga. Betalinga av råvarene til O. Støylen skjedde pr. 30 dagar, men kundane til skofabrikken betalte kontant. For å få pengar til å betale råvarene til rett tid måtte Lade Skofabrikk få ordrane ut til kundane før 30-dagarsfristen var omme.

Då krigen kom, var det åtte personar som hadde arbeid ved Lade Skofabrikk. Bedrifta hadde i 1938 flytta inn i eige bygg på to etasjar med ei grunnflate på 9x12 meter. Skorten på importert ler under krigen førte til at bøndene garva hud sjølve. Det kom bønder frå heile Sunnmøre for å få laga sko av varierande lerkvalitet. Lade Skofabrikk fekk og tak i noko ler på eiga hand, gjennom garveri eller privatpersonar som dreiv med garving på si'. I krigsåra var det ikkje råd å få til noka spesialisering i typeutvalet. I ei lansering i 1942 vart det hevda at bedrifta hovudsakleg leverte welt beksaumsko og såkalla weltsko. Variasjonen i produktspekteret vart noko vidare enn tanken var. I ei annonse i lokalavisa i februar 1946 melde bedriftsleiinga at dei hadde for sal mot merke, hopp-, langrenn- og slalåmstøvlar. I tillegg hadde dei turstøvlar for vaksne og born.

Ein nødvendig produktkonsentrasjon vart gjennomført i 1948, eitt år etter at fabrikklokala i Straumgjerde var utvida til å omfatte ei grunnvidd på 240 m2. Frå 1948 vart spesialiteten barnestøvlettar og barnesko og damestøvlettar. Det vart lagt vekt på å auke produktiviteten, og eitt mål var nådd då dagsproduksjonen for dei ti tilsette i 1950 kom opp i 100 skopar. Men Lade Skofabrikk var ikkje åleine i landet om å auke produksjonen. Rundt 1950 var det 200 skofabrikkar i Noreg. Då Lade Skofabrikk avvikla i 1955, var det langt færre. I staden for dei norske merka fekk skokundane stifte kjennskap med nye utanlandske skotypar. Særleg italienske skofabrikkar vende merksemda si mot Noreg då importrestriksjonane vart reduserte i 1950-åra.

Kjelde