Legebustad (Bykle gnr 15/59)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Legebustad
Gjerden 58c.jpg
Legebustaden pr 30.4.2006.
Foto: Aanund Olsnes
Rydda: 1977
Utskilt: 1977
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 15
Bnr: 59
Type: Bustadeigedom

Legebustaden i Bykle har tomt nr 3 på byggjefeltet i Øvre Sarv. Det ligg 70-80 meter nordaust for Bykle helsesenter. I/S Øvre Otra bygde det i 1977. Det vart tilstelt med bustad og kontor for lækjaren under same taket.

Inntil denne tid hadde lækjarskipnaden vore slik at distriktslækjaren i Valle, på 1970-talet var det forresten Svein Hovden, skulle dekkje både Valle og Bykle. Med den store tilflytjinga og aktiviteten som fylgde av kraftanlegget, vart det turvande med meir lækjarhjelp, og I/S Øvre Otra fekk difor oppretta ei stilling som kombinert anleggs- og kommunelækjar, der kraftselskapet betala 1/2 av løna, kommunen 1/2.

Til denne stillinga fekk dei tak i ein pensjonert marinelækjar frå Horten.

  • Ole Grundstrøm, f 1919, d 1980
g m Kari Moen f 1917. Ikkje born.

Ole Grundstrøm kom opphavleg frå Brekke ved Halden. Då han kom hit, hadde han ei rekkje spennande arbeidsoppgåver attom seg. Mellom anna hadde han ein periode vore livlækjar for keisar Haile Selassie i Etiopia, og sameleis skipslækjar for kong Olav på kongeskipet «Norge». Han hadde også vore med på ein Antarktisekspedisjon, og elles virka fleire år i USA. Kona, Kari, kom frå Helgøya i Mjøsa. Ho var oversyster ved sjukehuset i Horten, og heldt fram i stillinga si der medan mannen hennes arbeidde her i bygda. Dei hadde kvar sin bil, og pendla båe mellom Bykle og Horten. Kari Grundstrøm bur (2004) framleis i Horten.

Grundstrøm sto i stillinga her i 3 år, men hausten 1980 døydde han. Etter dette gjekk det nokre månader med ymse korte vikariat, men så fekk anlegget tak i ein nyutdanna medisinar som var interessert i å gjera sivilteneste som lækjar her.

  • Kolbjørn Dehli, f 1950
g m Bodil Karine Rikoll, f 1951. Born:
  • Silje, f 1979
  • Runa, f 1981

Kolbjørn Dehli er frå GranHadeland, og son åt Tora og Olaf Dehli. Bodil Karine er også frå Gran, og dotter åt Ruth og Kåre Rikoll. Ho er sjukepleiar av yrke.

Etter at Kolbjørn var ferdig med siviltenestetida si, gjekk han over i eit vanleg tilsetjingstilhøve til kraftanlegget og kommunen, og arbeidde vidare her i omtrent eit år. Dinest, det var til påske 1983, flutte han heimatt til Gran, og starta opp privat lækjarpraksis. Der er han og familien framleis (2006). Ettermannen hans i lækjarstillinga her var Dag S. Skagestad.

Skagestad var anleggs- og kommunelækjar på same måten som Grundstrøm og Dehli den fyrste tida, men i 1984 kom ei vanleg kommunelækjarordning på plass, og kommunen overtok då lækjarbustaden frå I/S Øvre Otra.

Dag Skagestad 1986. Bilete frå kommunearkivet.
  • Dag Steinar Skagestad, f 1951
g 1983 m Aud Hanna Standal, f 1956. Born:
  • Margrete, f 1984,
  • Karen Amalie, f 1986
  • Magnhild, f 1988
  • Erlend, f 1993
  • Hanna Lovise, f 1997

Aud Hanna er oppvakse i Vevring i Naustdal kommune. Ho er dotter åt Ludvig Standal og kona, Magnhild Førland Standal, båe frå Vevring, og sjukepleiar av yrke. Dag er oppvaksen i Lindesnes, og son åt Ernst og Karen Amalie Skagestad. Fyre han flutte til Bykle hadde han arbeidd ved Haukeland sjukehus og ved legevakta i Bergen.

Ekteparet Skagestad kaupte huset sitt hjå Bykle kommune i 1998. Dei bur framleis her, men i 2005 gjekk Dag over til å arbeide i Kristiansand. Sidan har han pendla hit.

Ny kommunelækjar I frå 17.3.2005 er Stein Vabo, f 1958. Han er frå Kristiansand, og bur på Hovden.


0941 Bykle komm.png Legebustad (Bykle gnr 15/59) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Wattsbu • Neste bolk: Grønli