Leirvik skule

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Leirvik skule
Foto: Sigrun Espe/Sogn og Fjordane fylkeskommune (2016)

Leirvik skule i Leirvik i Hyllestad kommune vart vigsla 28. august 1960. Den fungerte som skule fram til 2002.

Skulehuset

Det vart fatta vedtak i kommunestyret i Hyllestad sommaren 1956 om å bygge ny skule i Leirvik. Det nye skulehuset stod klart i august 1960. I kjellarhøgda var det gymnastikksal, skulekjøken, matbu, vaskerom og wc/bad for jenter og gutar. I første høgda var det tre klassrom, bibliotek og leserom, materialrom, kontor og lærarrom. I andre høgda var sløydsal, to internatrom, kjøken, wc og rom for ei husmor. Det var elektrisk oppvarming i huset, men to av klasseromma hadde også vedovn. Det var høgtalaranlegg i alle klasseromma.


Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

  • Heim og skule Nr. 3 Oktober 1960

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder

Koordinater: 61.138583° N 5.346833° Ø