Leksikonsamtale:Odelsskatt

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Er formuleringa «av jord som de ikke brukte selv» presis? Er det m.a.o. slik at berre dei som ikkje sjølv brukte jorda dei åtte skulle betale odelsskatt? - Knut Skorpen (Knut) 22. mar 2009 kl. 17:06 (CET)

Så langt eg har forstått dette, er formuleringa i leksikonet korrekt og presis nok. Det framgår av dei alminnelege skattebreva som år for år fastsette satsane for dei ordinære skattane. Gardbrukarane skulle på den eine sida betale landskatt/kontribusjon/leiglendingskatt (tre uttrykk for same type skatt) av den jorda dei dreiv sjølve, anten dei leigde eller åtte denne jorda. Odelsskatten skulle derimot ein gardbrukar betale for all jord han åtte og leigde ut til andre, men ikkje av det han måtte eige i den garden han budde på og dreiv sjølv. Jf. til dømes skattebrevet 19. januar 1647 (trykt i Norske Rigsregistranter bd. VIII side 494-502): "... dersom Odelsmanden selv besidder og bruger nogen sin egen Odels-, Pante- eller Kjøbegaard, da skatte deraf som en Leilænding og eftersom Gaarden er god til, og være fri for sin Odelsskat" Ein ser t.d. av odelsskattemanntalet for Helgeland i Skattematrikkelen 1647 (bd. XVI s 20-25) at påbodet blir følgt opp iallfall der. Kvar av dei odelsskattepliktige er førde opp med alle landskyldpartar dei eig, med merknad om at dei "besidder sielff" den landskylda dei eig i heimegarden. Av summeringa til futen framgår tydeleg at det berre er betalt skatt av det utleigde godset, ikkje av det "som aff oudelsmendene sielff besiddis". Men ein kan jo ikkje sjå bort frå at praksis andre stader kan ha skjedd i strid med intensjonen i skattebrevet, der futane er meir summariske i sine innførsler.--Hans P. Hosar 23. mar 2009 kl. 09:08 (CET)

Begynn en diskusjon om siden «Leksikon:Odelsskatt»

Start en diskusjon