Lenestolfabrikken Solid AS

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Annonse for Lenestolfabrikken Solid AS i Sykkylvsbladet 20. desember 1947.

Lenestolfabrikken Solid var ei møbelbedrift i Sykkylven. Dette var den minste av dei tre korgmøbelfabrikkane som kom i gang i bygda i 1929. Namnet til bedrifta var frå starten A/S Kurvmøbelfabrikken Solid. Eiga til bedrifta var første året 3.000 kroner. Den stort opplagde A/S Møre Kurvmøbelfabrikk hadde same året ei eige på 11.200 kroner. Aksjekapitalen som dei fire første medeigarane i Solid skaut inn i verksemda, var 4.000 kroner.

L.K. Hjelle vart tilsett som disponent. Dei andre aksjonærane var Nils Klock og brørne Petter og Lars Hjelle frå Stranda. Arbeidarar som vart tilsette ved verksemda fram til om lag 1937, måtte og løyse aksjebrev. På det meste var det kring tjue aksjonærar ved Solid. I byrjinga leigde dei lokale hos Andreas Furseth, som då hadde avvikla skreddarverkstaden sin. Noko seinare tok dei i tillegg i bruk ein del av huset til Bastianne Aure på Vik; her vart møblane stoppa og trekte. Då Møre Kurvmøbelfabrikk flytta til Ørsta årsskiftet 1931/32, tok Solid over dei lokala dei hadde leigd på «Fixen». Her var dei til dei flytta over i kjellaren på ungdomshuset «Valhall» på Aure.

I 1936 gjekk nokre av aksjeeigarane ut av Solid og skipa Klocks Lenestolfabrikk A/S. Som tidlegare nemnt var Solid med då skiftet frå korgstolar til overstoppa lenestolar med trerammer skjedde. Tapetmeister Petterson frå Ålesund vart henta for å gje ei innføring i oppbygging av lenestolar. For at verksemda skulle få plass til å ta seg av heile produksjonen, investerte eigarane i 1936/37 i eit trebygg på Vikøyra, på garden til Edvard O. Vik, som var ein av aksjonærane i bedrifta. Det nye bygget hadde eit samla areal på 750 m2, som var fordelt over to og ein halv etasje. I den øvste halve etasjen var det hyblar og kokelag.

I ein presentasjon av bedrifta som vart trykt i 1942, heiter det: «Bedriften har en kapasitet på ca. 70 stoler pr.uke. Fabrikken er helt moderne innredet, med elektrisk kraft og sentralvarmeanlegg. Det samlede areal er på 750 m2. Det beskjeftiges i alt 25 personer. Selskapet har eget kaianlegg med anløp av Møre Fylkes Ruteselskap.» Desse formuleringane må ha vore utarbeidde eit par år tidlegare, for i 1940 brann trebygninga ned til grunnen. Under krigen heldt verksemda til i bustadhuset til Kristian Vik i Sjurgarden på Vik. Same året slutta L.K. Hjelle som disponent og gjekk i gang med eiga bedrift. Oscar Nybø tok då over den daglege leiinga. Frå 1940-45 måtte Solid ta treverk frå andre. I 1945 kunne bedrifta ta i bruk eit moderne industribygg i betong i tre høgder på den gamle tomta på Vikøyra.

Solid hadde etter krigen fleire modellar som gjekk godt. Kristoffer Digernes hadde oppgåva som produktutviklar ved sida av at han var arbeidsformann i lang med Olav Andreassen. Bemanninga heldt seg stabilt på 25 personar til midt ut i femtiåra. Då miste bedrifta ein del sentrale medarbeidarar, og salet gjekk tyngre. Solid var den første lokale verksemda som J.E. Ekornes Fabrikker A/S kjøpte opp. Det skjedde i 1959.

Kjelde