Lesund Kooperative Handelslag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Lesund Kooperative Handelslag vart oppretta i 1919, og var ein del av Norges Kooperative Landsforening (frå år 2000 Coop NKL). Det vart etablert ein daglegvareforretning i Åkvika. I 1951 vart det oppretta ein filial av denne butikken i Svinvika, og etter kvart vart all verksemda flytta hit. I daglegtale vart butikken berre kalla "Koopen" eller "Lesund Koop".

Nedlegging og forsøk på ny drift

Butikken vart nedlagt i 2005, på grunn av sviktande omsetning.

I 2006 vart butikken kjøpt av firmaet Lesund butikk og havstuer AS. I første etasje av bygget vart det oppretta ein liten nærbutikk, i tillegg til cafè og bar. Drifta vart avvikla etter om lag eitt år, grunna for lite omsetning.

Eksterne linkar