Liksteinen frå gamle Veum kyrkje

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Liksteinen frå gamle Veum kyrkje i Fyresdal, Telemark, var målt til å vere 5 fot (157 cm) lang og innskrifta er altså tolka til: «Hér hvilir Pétr prestr.» «Her kviler Peter prest.» Bugge meiner steinen kan vere frå ca. år 1200. Steinen har blitt omtalt i mange eldre skrifter:

På den gamle, i forrige århundre nedlagte kirkegård ved Veum sognekirke i Fyresdal herred og prestegjeld, lå der en liksten med runeinnskrift. Arendt undersøkte den der i 1817. Senere blev den satt inn i kirkens våbenhus, og der blev innskriften gransket av Nicolaysen (1862) og Sophus Bugge (ca. 1870). Omtrent ved denne tid er visstnok det fotografi tatt som, sammen med Bugges undersøkelse av runene, antagelig har dannet det vesentlige grunnlag for Magnus Petersens tegning. I 1888 oplyser J. L. Qvisling at stenen var lagt inn i muren på en uthusbygning på Veum. Dette kan betraktes som den siste efterretning vi har om den.

Likstein for Peter Prest (Fotograf: Ukjent. Tegning: Magnus Pettersen. Ca. 1870)
Veum gamle kirke (Tegning av Axel Chr. Arboe, 1847)

J. L. Qvisling skriv om presten Peter, der han ikkje har noko slag data: «Paa en liksten, der en tid før laa paa muren om Veums gamle kirkegaard, staar med runeskrift: «Her hviler Peter prestr». Det er alt som kan siges om ham. Stenen ligger nu i muren under uthusbygningen paa søndre Veum, paa hvis grund den gamle kirke stod.»[1]

I samband med Bugge si undersøkjing er det ei fotnote: «Skam at fortælle, har den nuværende Eier av den gamle nedlagte Kirkegaard lagt den ærværdige Gravsten ind i Muren paa sin Udhusbygning, og det paa det simpleste Sted, han kunde finde.»

Johan Michael Lund skriv i 1785: «I Syd fra Kirken er en stor Kæmpe Høi.» Presten Wille skriv i 1786: «Ved Veum Kirke findes tvende Stene med Runeskrift.» Den eine er denne liksteinen, den andre er den store runesteinen på søgard Veum som stod på ein stor haug like ved kyrkjegarden.

I Fyresdal Gards- og ættesoge, bind III, skriv Steinar Marvik at Olav Talleivson Veum (1833-1907) kom frå S. Lauvik i Skafså. Han står oppførd som gardeigar 1865-1907. Liksteinen må ha blitt lagt inn i uthusmuren ein gong mellom 1870 og 1888 etter det som er nemnd ovanfor. Truleg vart det ein del nybygging då det kom ny eigar til garden?

Kjelder

  • Olsen, Magnus: «Norges innskrifter med de yngre runer.» utgjeve for Kjeldeskriftfondet med hjelp i forarbeider av Sophus Bugge, Oluf Rygh og Ingvald Undset. OSLO 1951.
  • Utrykte optegnelser om Thelemarken af H. J. Wille. Udgivne i Uddrag af DR. LUDVIG DAAE. Kristiania 1881. (Reisa byrja 1786.)
  • Marvik, Steinar: Fyresdal. Gards- og ættesoge. Fyresdal 1992
  • Qvisling, J. L.: Fyresdals historie Skien 1912
  • Prokurator Johan Michael Lund: Forsøg til Beskrivelse over Øvre Tellemarken Kjøb.1785

Referansar

  1. Qvisling, J. L.: Fyresdal historie. Ny utgåve 2001 s. 48.