Lilleheie

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Garden Lilleheie på Tysnes i Sunnhordland.
Foto: Kopiert frå Mindernes bok, 1939.

Lilleheie er ein gard i Uggdal i Tysnes kommune, Sunnhordland. Frå denne garden utvandra i 1890-åra ein heil familie til USA som skulle koma til å setja sitt preg på det norskamerikanske miljøet. På folkemunne har det vorte sagt at ingen annan einskild norsk familie har hatt ei slik innflyting på det amerikanske samfunnet som nett Lilleheie-folket. Av dei sju sønene som kom til Amerika, utan andre kunnskapar enn det vesle dei hadde fått med seg frå ein landsens bygdeskule, vart fleire akademikarar og forfattarar, innan fag som medisin, språk, filosofi og teologi. Frå desse har det gått ut fleire generasjonar vitskapsfolk, akademikarar og prestar - mellom dei dr. C. Walton Lillehei, som var den første kirurgen i verda som utførte ein open hjarteoperasjon.

Familien utvandrar til USA

Det var den eldste sonen Ingebrigt som utvandra først. Etter kvart tok dei andre borna i familien til å følgja etter. Ein ting var det at den vesle garden og tilhøva elles hadde lite å by på av framtidsutsikter, ei anna sak var at foreldra også til slutt ville vekk derfrå – og det skal for ein stor del hatt si årsak i at mora Ingeborg ikkje orka å bu der meir etter at sonen Gunder forliste på sjøen og drukna i 1894, 16 år gammal, ikkje så langt frå heimen. Ingen av sønene ville overta garden, sjølv om faren så meir enn gjerne ønskte at den skulle verta i familien si eiga. Då Lars Ingebrigtson Lilleheie selde garden i 1897 vart det gjeve mykje pengar til misjonen. Han sette opp eit omfattande dokument, der det m.a. heitte seg at epla på ein bestemt apal skulle seljast og pengane gjevast til misjonen så lenge kårfolket levde - og det vart òg gjort. Men då faren døydde i 1907 skreiv sønene heim og fekk vilkårsbrevet sletta.

Det viste seg at Ingeborg, f. Hollekim (1837-1929) og Lars Ingebrigtson Lilleheie (1823-1907) trivdest svært godt i det nye landet. I byrjinga budde dei i Luverne, Minnesota. Då sonen Ole året etter flytta ut på landet fylgde dei han dit, og budde der heilt til Lars Ingebrigtson Lilleheie døydde i 1907. Då flytta Ole og mora til Minneapolis.

Ingeborg hadde reist frå Noreg i ein alder av seksti år, frå ein gard der ho hadde budd trettiåtte år som gift kone og fødd ni born. Men guvernøren i Minnesota, den norskætta Theodore Christianson, fortel i minneskriftet om henne at ho alltid pla svara det same: ”Eg har aldri lengta etter å reisa heim att...”

Ingeborg vart gravlagd ein laurdag ettermiddag - etter ein seremoni i St. Luke's Lutheran Church i Minneapolis, fredag 9. august 1929 - ved sida av mannen sin på ein gravplass sørvest for Luverne. Familien sin gravstad vart merka med ei høg støtte av granitt. Kista hadde dei då frakta frå Minneapolis til Luverne med nattoget.

Ein sterk religiøsitet var eit særdrag både for mora Ingeborg og for mange andre i familien, særleg den eldste sonen Ingebrigt. Dei viste også ein sjeldan vilje og styrke til å klara seg og gjera karriere i det nye samfunnet. Under det amerikaniserte namnet Lillehei sette fleire av dei sitt preg på det norske miljøet, både i kristenliv og som akademikarar.

Brithe Lillehei (1860-1907)

Det siste biletet som vart teke av Lilleheie-familien, der alle familiemedlemmane var samla. Bak frå venstre: Brithe, Aksel, Ingebrigt sr., Torger, Ole, Lars, Ingebrigt jr., Jens, faren Lars, Clarence, mora Ingeborg, Elmer og kona til Jens, Paluda.
Foto: Teke i Luverne, Minnesota 1898. Kopiert frå boka Mindernes bok, 1939.

Brithe (Brita) hadde det same religiøse draget som mora, men var nok meir stillfarande og audmjuk. Ei «stille og meget beskjeden sjæl,» skriv Lars i minneskriftet etter mora. Det var alltid dei andre og dei andre sine interesser som hadde mest å seia for henne. Ho var den einaste jenta i syskenflokken på ni. Og ho var eldst, den førstefødde - to år eldre enn nestemann, Ingebrigt.

Saman med mora levde ho for familien. Brithe og mora tykkjest ha stått på god fot med kvarandre. Mang ei natt sat Brithe oppe for å gjera i stand tøy og anna til ein av brørne som skulle reisa ut, ho sende jamvel med dei gåver. Ho tolte ikkje å sjå at brørne var dårlegare utrusta enn dei andre unge mennene i bygda. Såleis vart brørne meir og meir det som fylte tilværet for henne. Og når dei drog frå heimen gret ho mange bitre tårer for dei, fortel Lars. Saknet var sårt - og stort. Særleg på stormfulle netter kunne ho liggja vaken til langt på natt medan ho bad om at det måtte gå dei vel.

Då ho seinare vart stilt for valet om å stifta sin eigen heim eller halda fram med å bu hos familien, valde ho det siste. Ho fekk seg ikkje til å forlata mora og søskena når det var så mykje som måtte gjerast. Dermed vart ho ståande ved mora si side heilt til det siste. Hennar største glede på denne jord var å sjå at det gjekk godt med brørne. Og ho var lukkeleg når ho kunne stikka til dei ei lita gåve, helst eitkvart som ho hadde sydd eller laga sjølv, jamvel når dei hadde kome så langt at dei var i stand til å hjelpa seg sjølve og vel så det, fortel Lars vidare.

I dei seinare åra låg Brithe si framtid mora mykje på hjarta. Men så skulle det visa seg at det var ho som fekk følgja dottera til grava.

Fire dagar seinare døydde faren, Lars Ingebrigtson Lilleheie.

Ingebrigt Lillehei d.e. (1862-1943)

Ingebrigt Larsen Lilleheie (1862-1943). Fotografiet er teke i Minnesota, ukjend årstal. Kopiert frå boka Mindernes bok, 1939.

Ingebrigt Larsen Lilleheie (e'en vart vekke då han kom til USA) var den første i familien som utvandra til USA, i 1883, og fekk aldri noko formell utdanning. På mange måtar var han litt av ein vagabond, og slo seg difor ikkje til ro med hus og heim og tok utdanning som dei hine, endå hugen til læring var der heile tida. Men også han vart ein lærd mann etter kvart. Han lærte seg engelsk, tysk, fransk, spansk, gresk, hebraisk og esperanto, og vart såleis kjend som litt av eit språkgeni. Fleire handverk kunne han òg. Han dreiv med måling og tapetsering, og før det hadde han bak seg mange år som sjømann og gardsgut. I meir enn førti år dreiv han med gateevangelisering, og det var nok det framfor noko anna som var «hovudyrket» hans. På Ingebrigt si tid var Frelsesarmeen ny og svært radikal, slik at ein nokre stader kunne risikera både liv og helse om ein viste seg i soldatuniformen.

Han skreiv andaktsbøker som vart seld i fleire hundre tusen eksemplar, og vart såleis litt av ein bestseljar i norske krinsar. I 1929 vart han gift med Marie Elise Tunheim frå Jæren, som var ei søsterdotter av Arne Garborg. Ho vart redaktør i det norsk-amerikanske bladet Bud og Hilsen.

I 1939 gav Ingebrigt ut boka Mindernes bok, der han fortel om barndom og oppvekst i Noreg og om livet sitt i Amerika. Boka vart seinare omarbeidd av Knut Rage, i 1999.

Ole Lillehei (1865-1951)

Ole utvandra i 1887, og var farmar i Luverne fram til 1907. Det var han som drog heim og henta foreldra til Amerika i 1897. Seinare dreiv han som tapetserar og bygningsmann i Minneapolis. I 1915 vart han gift med Emma M. Mathiason (1890-1970) som var fødd Fairdale, Nord-Dakota, av norsk ætt.

Jens Kristian Lillehei (1868-1898)

Utvandra i 1895. Kona Paluda, som han gifta seg med i 1892, kom frå Oslokanten. Sonen Clarence utdanna seg til tannlækjar og vart far til ikkje mindre enn tre hjartespesialistar, mellom dei C. Walton Lillehei.

Jens var sytten år då han kom til Amerika. Men trass i den unge alderen slo han seg fort fram. Han lærte seg engelsk på ei etter måten kort tid. I Sioux City, Iowa, kom han i handverkarlære, som murarlærling. Ganske tidleg vart han vald til formann i den lokale fagforeininga. Under bygginga av jernbanestasjonen i Sioux City vart han forfremma til assisterande oppsynsmann, noko som ergra dei mange gråskjegga veteranane i faget, skriv Ingebrigt.

Relativt snart etablerte Jens Kristian seg med si eiga verksemd, som enteprenør. Men nokre år seinara vart han smitta i ein epidemi av nervefeber og døydde kort tid etter at det endeleg var lukkast å ta eit gruppebilete av heile familien samla.

Torger August Lillehei (1870-1945)

Torger August utvandra i 1888. Han skaffa seg ein del utdanning, gjekk på Augsburg College og tok sidan teologisk embetseksamen ved Den Forenede Kirkes Seminar i St. Paul, Minnesota. I 1902 vart han ordinert til prest og gjorde teneste mange stader, til han vart pensjonert i 1938. Han budde då i Wittenberg, Wisconsin. Han gifta seg i 1902 med Anna Mathilde Øien (1875-1940).

Lars Lillehei (1873-1951)

Utvandra i 1896. Som den eldre broren Torger August gjekk han på Augsburg College. Her tok han eksamen i teologi, og vart professor same stad i 1919 - i kyrkjesoge - og frå 1927 var han professor i dogmatikk. Men før han kom så langt hadde det vore ein stri veg å gå. Før han utvandra var han sjømann i kystfarten nokre år, og dette heldt han fram med etter at han i 1893 gjekk på Sunnhorellands Amtsskole. Seinare heldt han fram som elev ved Garnes høgare skule i Arna. I USA fekk han altså plass på Augsburg College, der han tok magistergraden. Deretter studerte han teologi, med studieopphald både i London og ved Chicago University. I 1908 fekk han så kall som førelesar ved Lutheran Bible School i Walpheton, N. Dakota. I elleve år var han ved denne institusjonen, til han i 1919 vart utnemnd til professor i kyrkjesoge ved Augsburg Seminary, seinare i dogmatikk.

Lars spela også ei viktig rolle for det norskamerikanske miljøet, særleg for det aktive Tysneslaget, der han var redaktør for 10-årsskriftet i 1935. Han gav ut fleire småskrifter og skreiv songar og dikt. I 1907 vart han gift med Olive Josephine Chrislock.

Axel Olai Lillehei (1876-1953)

Utvandra i 1894. Han gjekk først på Red Wing Seminary i Minnesota, og byrja deretter å studera til tannlækjar ved University of Minnesota. Han dreiv som tannlækjar i innpå femti år. I 1907 gifta han seg med Elisabeth Keyes, som døydde i 1953, same året som han sjølv.

Ingebrigt Lillehei d.y. (1883-1962)

Han vart kalla opp etter broren Ingebrigt, som reiste til Amerika same året han vart fødd. Ingebrigt d.y. utvandra i 1897 i lag med foreldra. Han tok doktorgraden i filosofi og språk, etter å ha studert ved universiteta både i Minnesota og Wisconsin. Han studerte elles fransk, spansk, portugisisk og italiensk, som alle vart ein del av fagkrinsen hans. Frå 1918 til 1953 var han tilsett ved staten Iowa sin lærarskule i Cedar Falls. I 1920 gifta han seg med Olive Allison, som var fødd i 1901.

Ingebrigt d.y. gav ut fleire bøker, m.a. ei avhandling om Arne Garborg sine verker (1916).

Bibliografi

Bøker av og om Lilleheie-familien, utarbeidd etter Bibsys:

  • Lars Lillehei: Arbeidere i vingaarden. Minneapolis, Minn. 1912.
  • Lars Lillehei: Med Leif Erikson paa Vinlandsreise. Eller Torleif fra Eikaas. Augsburg Publishing House. Minneapolis. 1928.
  • Lars Lillehei: Tysneslagets Aarbok 1935. Jubilæumsutgave. Utg. L. Lillehei, Augsburg Seminary. Minneapolis. 1935.
  • Ingebrigt Lillehei: Landsmaal and the language movement in Norway. Urbana, Illinois. 1914
  • Ingebrigt Lillehei: Some of the earlier writings of Garborg. Urbana, Illinois. 1915
  • Ingebrigt Lillehei: A study in the language and the main ideas of Arne Garborg's works. Urbana, Illinois. Society for the Advancement of Scandinavian Study. 1916
  • Lillehei, I.L.: En förmaning till omvändelse och helgelse. Minneapolis. 1917
  • Lillehei, I.L.: Erindringer. 92 kortfattede religiøse fortællinger om svar paa bønner,Guds veiledning, guddommelig helbredelse o.s.v. Minneapolis. 1917
  • T. Aug Lillehei: Fra Sjælenes Verden. Nogle Optegnelser. Augsburg Publishing House, Minneapolis. 1921
  • Bud og Hilsen. Redaktør: Marie Tunheim Lillehei.
  • G. Wayne Miller: King of hearts - the true story of the maverick who pioneered open heart surgery. Crown Publishers, New York. 2000
  • Knut Rage: "Mindernes bok". Soga om Ingebrigt Larsen Lillehei. Setesdalsforl. 1999

Kjelder og litteratur

  • Ingebrigt Larsen Lillehei: Mindernes bok. Forfatterens forlag. Minneapolis. 1939.
  • Knut Rage: Mindernes bok – soga om Ingebrigt Larsen Lilleheie. Setesdalsforlaget. 1999.
  • Til minne om mor. Minneapolis. November 1929.
  • Ernst Berge Drange: Tysnes gards- og ættesoge, band 2. Utg. Tysnes sogelag, 1987.
  • Johannes Heggland: Tysnes det gamle Njardarlog, band 2. Utg. Tysnes sogelag, 1975.