Lindås sogelag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Lindås sogelag er eit historielag i Alver kommune i Nordhordland. Det vart skipa 14. mars 1982. Lindås sogelag arbeider for «å samle, ta vare på og gjera ålment kjent og tilgjengelig alt tilfang som har å gjera med ålmenn soge, gards- og ættesoge, levevis, folkeminne, stadnamn og mål i [tidlegare] Lindås kommune. Laget skal vere innmeldt i Landslaget for Bygde- og Byhistorie». Sidan 2005 gjev laget ut årsskriftet Mimra. Laget åtte StrilamuseetSeim, men det vart nedlagt etter ti års drift.

I 2018 hadde laget 120 medlemmer. Medlemstalet har vore opp mot 160, men er no synkande.

Leiarar

  • Jan B Thorsheim 1982-1997, 1999, 2007-2015
  • Eli Fjelde Vikan 1998, 2000-2001
  • Sissel Anny Hjelmtveit 2002-2004
  • Konrad Ulvatn 2005-2006
  • Jon Arne Hopsdal 2016-2019

Andre sentrale personar

  • Olav Kvamme, iniativtakar og pådrivar for skiping av sogelaget, mangeårig kasserar.
  • Johannes Rydland, leia oppbygginga av Strilamuseet.
  • Vigdis Fjell Hilland, stod for registrering/merking av dei fyrste ca. 3000 gjenstandane.
  • Knut Geelmuyden, magasinadministrator.
  • Asbjørn Åsgard, redaktør for Skulesoge i Lindås og årboka Mimra 2005-2011.

Hovudaktivitetar

Formidling av lokalhistorie. Laget gjev ut årbok og set opp utstillingar, mellom anna ei vegkyrkjeutstilling. Innsamling av gjenstandar knytt til Lindås. Sogelaget har òg sett i stand heimefronthytta «Kåken».

Publikasjonar

  • Bygdebok for Alenfit : band 2B: Gards- og personhistorie for skulekrinsane Øvstegard og Isdal/Gjervik i tidlegare Hamre kommune i Hordaland kring 1814 til og med 2003. Red. Egil Hopsland ofl. Utg. Lindås sogelag. 2007. 327 s. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Det store tidsskiljet – boka om Nordhordland. Utg. Nordhordland Forlag (bidrag med foto og skriftlig materiale).
  • Ei lita bygd i ein stor krig. Utg. Lions Club Lindås (bidrag med foto og skriftleg materiale).
  • Jubileumsskrift for Lindås kommune 1837-1987 (bidrag frå fotosamling).
  • Krigsår i kystbygder. Utg. i samarbeid med Lindås sogelag. 1995. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Kystkulturen i Nordhordland (hefte for bruk i skulesamanheng).
  • Mimra, som medlemsblad (to nummer i året) 1988-2002, som årbok frå 2005. 1988-2002 ISSN 0804-6875, 2005- ISSN 0804-6875.
  • Åsgard, Asbjørn: Helsestell i Lindås før og no. Utg. Lindås sogelag. 2003. 106 s. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Åsgard, Asbjørn: Skulesoge for Lindås. 1 : 1739-1889. Utg. Nordhordaland forlag. 1990. 300 s. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Åsgard, Asbjørn: Helsestell i Lindås før og no. Utg. Lindås sogelag. 2003. 106 s. Digital versjonNettbiblioteket.

Kjelder og litteratur

  • Opplysningar frå laget, 2019 (Landslaget for lokalhistorie si lagsundersøking).

Eksterne lenkjer