Lise Stauri

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Lise Stauri.
Foto: Ukjent.

Lise Karine Stauri (fødd i Stavanger 6. januar 1882, død i Sør-Fron 14. februar 1949) var lærar, folkehøgskulestyrar og organisasjonsmenneske. Namnet hennar er sterkt knytta til Gudbrandsdalens folkehøgskuleHundorp i Sør-Fron. Ho dreiv fyrst saman med mannen sin, Rasmus Stauri, som var grunnleggjar og styrar av skulen. Da han gjekk bort i 1932, tok ho over som styrar og var det i mange år etter det, nesten heilt fram til ho døydde. Lise Stauri var den fyrste, og i si tid den einaste, kvinnelege folkhøgskulestyraren i landet. Ho var internasjonalt orientert, noko som gav seg konkrete utslag i verksemda ved skulen på Hundorp.

Familie og oppvekst

Lise Stauri, fødd Høie, var dotter av Rasmus Høie (1833-1909) og Lise Karine Tronsdotter Tjøstheim (1846-1891). Faren var styrar for St. Petri folkeskule i Stavanger, og han var også unitarprest. Mora døydde da Lise var ni år gammal, og småjenta vart da teken inn i familien til den eldre systera si, Dorothea, som var gift med avisredaktør, venstrepolitikar og seinare amtmann og statsråd Oddmund Vik i Stavanger. På folketeljingstidspunktet 1900 bur Lise igjen hjå faren og hans nye familie.[1] Ho var på det tidspunktet seminarelev, dvs. lærarstudent.

Lise Høie gifta seg i Øystese Kvam, Hordaland) 3. august 1907 med folkehøgskulestyrar Rasmus Eirikson Stauri (1867-1932). Dei fekk desse borna:[2]

  • Sigrid (1908-1992), gift med sokneprest Ingvald Skaare.
  • Liv (1909-1981), gift med Herman Solås. (Foreldre til komponisten og musikkmedarbeidar i NRK Eyvind Solås.)
  • Eli (1911-1998), gift med Einar A. Almehagen.
  • Erik Are (1912-1972), gift med Dagny Vedum.
  • Synnøve (1918-2012), gift med Kaare Hernæs.

Utdanning og yrkesgjerning før folkehøgskuletida

Etter førebuingskurs på farens skule i Stavanger, byrja Lise Høie på Stavanger seminar, etter opptaksprøve ved Stord seminar. Lærarskulen i Stavanger vart nedlagd i 1901, og Lise tok i staden til som elev ved Viggo Ullmanns folkehøgskule og lærarutdanning i Seljord. Der var Rasmus Stauri lærar. Stauri tilbaud henne lærarpost ved folkehøgskulen som han starta i Kvam i Gudbrandsdalen året etter (1902). Etter ei tid der drog ho til Danmark og tok gymnastikkutdanning. I 1904 fulleførte ho lærarutdanninga si med avlagt lærarprøve ved Elverum lærarskule.

Ho var lærar i folkeskulen i Vats og Buøy, båe stader i Ryfylke, frå 1905 til 1906. I 1906 hadde ho post ved den gamle skulen sin, St. Petri i Stavanger. Året etter gjekk ho eit tre månaders kurs ved Statens kvinnelige Industriskole i Kristiania, og gifta seg sommaren same året. Ekteparet hadde frå da av si gjerning saman ved Gudbrandsdalens folkehøgskule.

Folkehøgskulen

Frå Vik i Kvam, Gudbrandsdalen, medan det var folkehøgskule der (ca. 1910).
Foto: Ukjent

Frå han var grunnlagt i 1902 fram til 1915 hadde Gudbrandsdalens folkehøgskule tilhald på Vik gard i Kvam i Nord-Fron. I 1915 kjøpte Lise og Rasmus Stauri Hundorp gard i Sør-Fron, garden som ein reknar var Dale-Gudbrands gard, kjend frå soga om Olav den heilage. Ekteparet Stauri bygde ut den tidlegare skrivargarden mellom anna med internatbygg, handverksrom, gymnastikksal, skulekjøken og meir. Einar Boyesen i Norsk biografisk leksikon (1962) skildrar hennar rolle ved skulen som følgjer: «Hun blev ’høgskulemor’ i ordets sanne betydning og viste sjeldne evner til å skape et skolens hjem for den ungdom som søkte dit.» Ho gjorde definitivt sitt til at skulen vart sett på som eit kultursenter i Gudbrandsdalen og vide omkring.

Da Rasmus Stauri døydde i 1932, overtok Lise styrarstillinga, og heldt fram med dette i 16 år, til sonen Are overtok hausten 1948, året før Lise Stauri døydde. I hennar tid som styrar auka søkjinga til skulen frå mange delar av landet, og frå andre land.

Internasjonalt orientert

Allereie i tida på Kvam hadde Lise og Are Stauri teke til med nordiske kurs for lærarar. Dei kom mest frå Danmark, Sverige og Noreg, men også frå Finland og Island. Kursa var nesten årvisse om somrane fram til 1968, og deltakartalet kunne kome opp i mot 250 på enkelte av kursa. Det har også stadig vore innslag av utanlandselevar ved skulen. Allereie i fyrste 10-årsperioden var det to frå Danmark som gjekk der. I Lise Stauris tid som styrar vart det internasjonale arbeidet styrkt med hyppige kurs i samarbeid med Foreningen Norden. Rett etter andre verdskrigen vart det halde ein større konferanse der for norske og britiske lærarar.

Lise Stauri hadde sjølv gjort mange studiereiser i utlandet, i Danmark, Sverige, England, Tyskland, Spania og Italia.

Anna samfunnsvirke

Lise Stauri hadde mange tillitsverv lokalt, regionalt og jamvel nasjonalt. Ho var styremedlem i Hjemmenes Vels Landsforbund, ho tok initiativ til Gudbrandsdalen krets av Norges Husmorforbund og var sjølv leiar der. Ho var aktiv i kyrkjelydsarbeidet i Sør-Fron. Ikkje minst var ho mykje brukt som foredragshaldar, særleg i dei frilynte ungdomslaga i Gudbrandsdalen.

Lise Stauri vart i 1947 tildelt kongens fortjenstmedalje i gull for innsatsen sin i skuleverksemd og anna samfunnsvirke.

Kjelder og litteratur

Gravbauta på Sør-Fron kyrkjegard.
Foto: 2013

Referansar

  1. Lise Høie i folketeljinga 1900 for Stavanger frå Digitalarkivet
  2. Slektsoversyn på nettstaden onshus.no

Eksterne lenkjer