Litløra

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Litløra eller Imarn sett frå Imarsundbrua.
Foto: Olve Utne

Litløra, eldre namn Imarn, er eit fjell på 637 moh. vestom Imarsundet i Aure kommuneNordmøre. Mesta heile fjellet ligg innafor grensene til garden Fuglsnes. I vest blir det avgrensa av Ørbogdalen og i sør av Fuglsnesdalen. Namnet Litløra korresponderer med nabofjellnamnet Storøra, og Ørbogdalen går mellom desse fjella og munnar ut i bukta og matrikkelgarden Ørbogen. Det gamle namnet Imarn har gjeve namn til Imarsundet såvel som Imarskjeret; og i nyare tid samferdselsprosjektet Imarsundprosjektet, nettportalen IMAR-nytt, Imarsundbrua og finansieringsselskapet Imarfinans. Det finst òg tradisjon om at ein skal ha tala om å ime når ein såg Imarn uti havet og bruka han som eittpunkts méd på grunn av den karakteristiske forma som varierer etter synsvinkelen og samlar seg til ei mesta nålaktig form sett frå kring NNV.

Namnet Litløra

Namnet Imarn

Namnet Imarn blir uttala ["i:mɑ’n] i akkusativ og ["i:mɑ:ra] i dativ. Fjellet har i sin tur gjeve namn til Imarsundet såvel som Imarskjeret.

Det har vorte framsett fleire hypotesar om kva namnet Imarn kjem av. I fagkretsen kring nordisk språk har det vorte hevda at det må henge saman med norrønt ímarr (‘ulv’) eller ím (‘eim’), utan at desse to tydingane verkar spesielt karakteristiske for dette fjellet.

Imer.
Foto: Olve Utne

Ordet ime f. kan tyde ‘grov nål med tre sider’, og i den tydinga er det belagt i Nord-Noreg frå Salten og nordover,[1] og i tillegg i eit enkeltbelegg frå Sunndal på Nordmøre. Tidlege belegg er ei handskriven ordsamling av Gerhard Schjøning frå kring 1770 og E.G. Schytte si samling frå Lofoten i 1807.[2] Ivar Aasen har ordet i formene Ima og Eima:[3]

Eima f. en Naal; Stoppenaal. Helg. Andre St. Ima. (Lof.). Maaſkee Finſk.
Ima f. (2), Naal (= Eima). Nordl.

Formene eime/eimæ o.l. er dokumentert frå Helgeland[4] og Lofoten (Gimsøy)

I Nynorskordboka er ordet etymologisk definert som eit lånord frå finsk äimä,[5] truleg i tradisjon frå Ivar Aasen. Men konsentrasjonen av norske dialektbelegg til området frå Helgeland til Ofoten og Vesterålen tyder vel minst like mykje på éin eller fleire typar samisk som opphavsspråkkandidat. Og på samisk heiter ordet aejmie (sørsamisk)[6], àjbmee (umesamisk)[7], ájbme (pitesamisk), ájmme (lulesamisk)[8] og áibmi (nordsamisk).

Innafor uralske språk er forma im- berre dokumentert frå marisk og matorisk, så opphavet til den diftonglause im-forma nordom Helgeland — og i falla frå Aure og Sunndal kommunar er i utgangspunktet noko usikker. Merk likevel at det finst fleire samiske stadnamn i Troms fylke som har forma ima- ved liknande naturforhold:

Storfjord kommune
Imagáisi, Imajávri
Karlsøy kommune
Imajávri
Balsfjord kommune
Imaluokta, Imarohtu

Det kan vera nærliggjande å tru at ima- her er ei variantform av ái(b)mi-, og landskapsforma liknar noko på den spisse og noko trekanta Imarn. Men ut frå typisk samisk lydutvikling er overgangen frå -i til -a ikkje typisk. Kanskje har vi der heller nordsamisk imáš med grunntydinga ‘under; underleg, vidunderleg’ å gjera. Eller ima- kunne vera eit tilbakelån frå den nordnorske dialektforma ima.

Fotnotar

  1. Setelarkivet til Norsk Ordbok oppgjev Lofoten og Vesterålen (Lofoten, Gimsøy, Sortland, Bjørnskinn), Salten (Saltdal, Nord-Salten), Ofoten, Tromsø, Finnmark (Leirbotn/Altafjord/osv.).
  2. E.G. Schytte: Nogle faa rare norske Ord, efter den Dialekt, som i Lofoten’s Fogderi i Nordlandene, er brugelige (1807).
  3. Mal:Aasen 1918
  4. Setelarkivet til Norsk Ordbok oppgjev Vega, Sømna, Leirfjord, Vefsn, Hattfjelldalen og Rana.
  5. Definisjon II av «Ime» i Nynorskordboka
  6. ‘skjærnål, trekantet nål til skinnarbeid’ (Bergsland, Knut & Magga, Lajla Mattsson: Åarjelsaemien–daaroen baakoegærja = Sydsamisk–norsk ordbok. [Indre Billefjord] : Idut, 1993. ISBN 82-7601-010-5.)
  7. Álgu-Datenbank
  8. ‘trekantig nål (att sy läder med)’ (Mal:Grundström)


Koordinater: 63.1845713° N 8.2875434° Ø