Livodd (Bykle gnr 15/15)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Livodd
Rydda: 1947
Utskilt: 1947
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 15
Bnr: 15 (113)
Type: Bustadeigedom
Adresse: Jarevegen 13

Livodd i Bykle er eit jordstykke austom Myri, som vart utskilt frå Attistog i 1947. Denne verestaden er ikkje nemnd i den gamle gards- og ættesoga. Seljaren i 1947 var Åsmund O. Gjerden, kauparen var frå Fådapen, gnr 14, bnr 20, son av Åsmund Åvoldsson Byklum og kona, Asgjerd Torleivsdotter.

Torleiv Å. Byklum (e.) (1915-1978) ca 1945. Bilete frå Åsmund G. Tveiten
  • Torleiv Åsmundsson Byklum, f 1915, d 1978
g 1. 1946 m Kristi Olavsdtr. Gjerden, f 1922, d 1955. Born:
  • Birgit, f 1947, heimehjelp, g m Rolf Normann, busett Oslo
  • Åsmund f 1948, lastebilsjåfør, busett Oslo, ug.
g 2. 1957 m Åse Lene Danielsen, Mandal, ikkje born.
g 3. ca 1968 m e Tordis Granli, Eidsberg, ikkje born.

Kristi var frå Myri, dotter åt Olav Olavsson Gjerden og kona Birgit Mikkjålsdotter, fødd Homme.

Torleiv var snikkar av yrke. Han sette opp våningshus i Livodd i 1946. Denne stoga var i 1 1/2 høgde og hadde ei grunnflate på 68 m². Han bygde også vedskjol og ei lita løe, og i 1951 sette han seg opp ein snikkarverkstad.

Kort etter at Kristi var død flutte Torleiv til Mandal. Han tok ned stoga i Livodd, og sette henne oppatt i byen. I 1957 gifte han seg omatt med Åse Lene Danielsen frå Mandal, men det ekteskapet vart oppløyst etter 3-4 år. Nokre år seinare, det var ca 1968, flutte han og borna hans til Oslo. Her vart han gift 3. venda med enka Tordis Granli frå Eidsberg.

Tomta vart seld attende til Åsmund Olavsson i Attistog, som leigde henne bort til I/S Øvre Otra. Kraftselskapet sette opp ein tenestebustad her, som nyleg er oppstelt.

Olav G. Gjerden overtok Attistog frå farbroren i 1960, og fekk då Livoddtomta med på kaupet. Bustadhuset her overtok han frå kraftselskapet noko seinare, og leigde det bort til fleire, ma. til Alf Tybring Hansen.

I 1994 overtok Bykle kommune det meste av grunnen på Livodd, og slo dette arealet ihop med Holti, gnr 14, bnr 12, slik at det i dag utgjer ein del av byggjefeltet Kyrkjelii.

Olav G. Gjerden eig likevel framleis huset og tunet, som vart utskilt frå bnr 15, og nå figurerer i matrikkelen som bnr 113, Jarevegen 13.


0941 Bykle komm.png Livodd (Bykle gnr 15/15) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Vang • Neste bolk: Notun