Ludvig Daae (1774–1843)

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Ludvig Daae (1774-1843)»)
Hopp til navigering Hopp til søk

Ludvig Daae (fødd 8. november 1774 i Lindås, død 31. oktober 1843 i Gloppen) var prest i Sogn og Fjordane.

Daae voks opp i Lindås som son av sokneprest Ludvig Daae (1723-1786) og Drude Cathrine Haar, som var prestedotter frå Voss. Farfaren var sokneprest Anders Daae i Vik.

Daae gjekk ut frå Bergens Skole i 1792 og vart cand.theol. sommaren 1800. Frå 17.7.1801 var han personleg kapellan i Vik og frå 24. juni 1808 fyrste sokneprest i Lavik, som nyleg var utskild frå Eivindvik som eige prestegjeld. Han vart 22.6.1829 utnemnd til sokneprest i Gloppen der han var til han fekk avskil i 1842.

I samband med valet til riksforsamlinga 1814 var Daae valmann frå Lavik.

Daae gifte seg fyrste gong i 1802 med Kathrine Dorothea Liljedal (1771-1809), dotter av klokkaren i Vik, Apollonius Liljedahl og Mette Marie Harboe. I 1810 gifte han seg på nytt med Nille Susanne Holck (1772-1861), dotter av kaptein Hans Henrik Hornemann Holck og Margrethe Middelfart Thorstrup.

Ludvig Daae og Kathrine Liljedal fekk eitt born:

  • Ludvig Daae (1806-1835), teolog

Ludvig Daae og Nille Susanne Holck fekk desse borna:

  • Kathrine Dorothea Daae (f. 1812), gift med teologen Rasmus Rolfsen Arnet
  • Hans Henrik Holck Daae (f. 1817), teolog

Litteratur

  • Lampe, Johan Fredrik. (1896). Bergens stifts biskoper og præster efter reformationen. Biografiske efterretninger. (Bd. 2). Kristiania: Cammermeyer, s. 185-186. (Digital utgåve)

Eksterne lenkjer