Lunden under Byklum

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Lunden
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Kommune: Bykle
Fylke: Aust-Agder
Gnr.: 14
Type: Gardsbruk

Lunden var ein part av garden Byklum i Bykle kommune. Som me har vore inne på i bolken om den udela garden treng ikkje ein gardpart på 1500- og 1600-talet nødvendigvis vera eit eige bruk. Slik driftsordninga var, var det fullt mogeleg for ein ny mann å koma inn og bruke delar av ein gard, utan at denne vart frådeilda eller fast definert.

Om Lunden var eit bruk for seg i fyrste helvta av 1600-åra, er uvisst nok, men det var iallfall heilt sikkert ei brukseining og hadde nok sitt eige tun. Fremste grunnen til at me meiner dette er at me har funne ein kar som budde her, og som vart nemnd med etternamnet, eller, truleg rettare sagt, adressa Lunden. Denne mannen støyter ein på i 1620-åra, i samband med rettssaka mellom Åsmund Byklum og presten i Valle om bruken av kyrkjejorda i Byklum, og i odelsjordeboka frå 1624. Me får ikkje vita stort om han, men i minsto kjem det klårt fram at han heitte Gunnar, og at han budde i Lunden. Nå kunne ein kanskje tenkt seg at han budde i Mosdøl, der det sidan kom eit bruk som heiter Lunden, men ei slik plassering kan me likevel ikkje få til å høve, og då står me att med at det lyt ha vore eit Lunden-bruk i Byklum.

Dette stemmer godt med at ein sidan finn eit Lunden i vestkanten av Byklum-gardsvaldet. Dette var eit innmarksområde som låg i sameige mellom dei 4 hovudbruka. Ved utskiftinga i 1906-1907 vart storparten av dette tildela Austistog, og Austistogtunet vart då flutt hit. Me skal då slutte oss til det som står i den gamle gards- og ættesoga, at dette var det gamle Lunden, eller i det minste ein del av det.

Fyre Gunnar kom hit, vil me tru at oppsitjaren var Bjørn Jonsson, som det er fortalt noko om i bolken om den udela garden. Dersom det er rett, det me der kom til, at kona åt Bjørn heitte Margit, så må det vera ho som etter Landskattelista åtte 1 1/2 hud i 1624, medan Gunnar, i fylgje dokumenta frå rettssaka med kyrkja budde her. Gunnar er elles berre nemnd i odelsjordeboka frå 1624, og me meiner at at det er gale, når den kjelda omtalar han som eigar. Han har nok leigd bruket hjå Margit, vil me tenkje. Ettersom han ikkje er omtala i seinare kjelder, kan han då snautt ha ha vore her særleg lenge.

Men i 1647 er det nemnt ein Gunnar i Byklum att. Han bruka ein part på 1 1/2 hud står det, men åtte ikkje noko i garden. Dertil var det ein kar som heitte Egil, som bruka 1/2 hud, også han utan å eige noko. Dei som åtte størsteparten av garden dette året var åsmundssønene i Innistog, som framleis sat i sameige.

Men brørne i Innistog hadde kaupt 1 1/2 hud i 1642, og dette godset hadde gått i arv frå fyrrnemnde Margit, veit me, og ein annan part dei kaupte seinare, i 1653, var på 1/2 hud. Det er heilt sikkert at den halve tunna Egil bruka var ein part i Lunden, og det er mest rimeleg å tenkje seg at liksåvel Gunnar sat her, og sameleis nokre som heitte Alv og Tarjei, som berre er oppførde i koppskattelista frå 1645, og som me elles ikkje veit noko om.

Om Gunnar i 1647 er same mannen som Gunnar Lunden på 1620-talet, er uvisst, men lite truleg. Men Gunnar som var her i 1647, ser ut til å vera den same Gunnar-en som er omtala på Kveste i Valle i 1657. Så langt dette er rett, heitte han Gunnar Rolvsson, og kom opphavleg frå Nerhus i Bygland. Fremste grunnen til at me trur at det er han, er at han var gift med ei dotter åt Arne Gjermundsson Kveste (jfr Valle III, 207), og denne Arne Kveste var etter odelsskattelista frå 1647 eigar av 1/2 hud i Byklum det året. Dette siste har rett nok ikkje den prenta skattelista frå same året, den såkalla kontribusjonsskattelista (Skattematrikkelen 1647, VIII, 1993, 115) registrert, der står det at åsmundssønene åtte 40 skinn, kyrkja og kongen resten, men me trur likevel at oppføringa i odelsskattelista er korrekt, særleg ettersom det i 1662 vart tinglyst at åsmundssønene i 1653 hadde kaupt endå 1/2 hud i garden. Gunnar er siste venda oppskriven i Byklum i 1659. Han bruka då 1/2 hud, vel helst den same halve huda som verfaren hadde stått som eigar av i 1647.

Såpass godt som opplysningane våre tykkjest å falle på plass kring Gunnar, vil me rekne identifikasjonen for sikker nok til at det må vera forsvarleg å bruke det familieoversynet som er å finne i Vallesoga (III, 207). Det er som fylgjer:

  • Gunnar Rolvsson Nerhus, n 1647-1659
g m N N Arnesdtr. Kveste, f ca 1616, n 1666. Born, iallfall:
  • Olav f ca 1640-1649 (?), d Kveste 1708
  • Tarjei, f ca 1651, n 1670, seinare lagnad ukj.
  • Gjermund, f ca 1659, n 1670, seinare lagnad ukj.
  • Knut, f ca 1661, n 1670, seinare lagnad ukj.
  • dotter N N, n 1677

Etter at brørne i Innistog hadde tinglyst heimelen sin til den siste halve huda i garden i 1662, er det likt til at dei og ervingane deira nokre år rådde grunnen åleine. Men i 1666 dukkar det atter opp ein ny mann som sit på 7 kalveskinn i garden. Slik desse 7 kalveskinna er førde i manntallslista, lyt me oppfatte dei som ei eiga eining ved sidan av Innistog, Utistog, Austistog og Uppistog, og då ligg det nærast å tenkje seg at det hadde kome folk i Lunden att.

Den nye oppsitjaren i 1666 heitte Olav, og vert oppgjeven å ha vore 26 år i 1666. Han kan ha vore son åt Gunnar. I minsto veit me at det fanst ein Olav Gunnarsson, som 2 år tidlegare hadde sete i Attistog Gjerden. Rett nok tykkjest denne ha vore i yngste laget, men som me fleire vender har vore inne på, er aldersoppgåvene i manntala frå 1660-åra stundom lite å sæte på. Sidan budde den nemnde Olav Gunnarsson visseleg mest i Sygard Kveste (jfr Valle III, 207), men han kan godt ha halde til i Lunden nokre år, og me har ingen betre framlegg til identifikasjon.

Etter ca 1670 er det atter berre 4 bruk i Byklum i mange år. Men litt innpå 1700-talet kjem det eit femte bruk på nytt. Dette er Torsbu, som me har omtala under Mosdøl, avdi det er matrikkelført der. Det er freistande å tenkje seg at det bruket har eit samband med det gamle Lunden, men om denne tanken er i samsvar med røyndomen er nok uråd å avgjera.


0941 Bykle komm.png Lunden under Byklum er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Innistog • Neste bolk: Utistog