Lureåe (Tinn)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Lureåe i september 2012.
Foto: H.P. Hosar

Lureåe (Lure, Lura) er ei tverrelv i Austbygde i Tinn kommune i Telemark. Elva har vore drivkraft for ei mengd førindustrielle foredlingsverksemder som kverner, sagbruk og stampe. I dag er Lure kulturminneområde sentrert rundt Lureåe.

Namnet kan i følgje O. Rygh kome av gammalnorsk luđr som var brukt om ulike typar stokkar, særleg om ein bjelke som dannar underlag for kvernsteinar (møllebenk).

Åa renn ut frå fjellvatnet Lufsjå (1214 meter over havet) på grensa mellom Telemark (Tinn) og Buskerud (Nore og Uvdal), og får tilrenn også frå Akslarvatn i Skirvedalen i Tinn. Lureåe renn sørover forbi Lurestaul, gjennom Luredalen og ned dalsida til Austbygde, der ho renn ut i Austbygdåe like ved Tinn Montessoriskole (tidlegare Haukås-Lurås skule). Høgdeskilnaden mellom utspringet frå Lufsjå til utlaupet i Austbygdåe er om lag 300 meter.

Blant verksemdene som har funnest her gjennom tidene, har det vore mange kvernbruk. Den eine av desse, Jonsjordkvenne, er attendeført til staden etter eit opphald ved eit bygdemuseum. Gardskvernene vart utdaterte da det kom ei bygdemølle innan rekkjevidde i 1930. Det har også vore ei vadmålsstampe på staden, bygd av Torjus T. Garden (fødd 1814). I dag er det berre så vidt at tufta etter stampa er synleg. Ho låg ved sida av det som kallast Bleikevollen, eit namn som også peikar mot tekstilbehandling.

Rett ved den gamle, restaurerte brua over Luråe, ser ein restar av fundamentet til ei oppgangssag. Ein veit at ho var i verksemd i 1870- og 1880-åra, da ho var driven av Ola K. Luraas.

Lenger nede i åa, ved dagens bilveg, ligg det ei sag som har vore i verksemd i nyare tid. Det har likeins vore ei smie på staden med namnet Lureelvens Verksted for Ljåer.

Kjelder og litteratur