Lyngli (Bykle gnr 15/75)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Lyngli
Rydda: 1978
Utskilt: 1978
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Kommune: Bykle
Fylke: Aust-Agder
Gnr.: 15
Bnr: 75
Type: Bustadeigedom

Lyngli i Øvre Sarv i Bykle vart utskilt frå bnr 11 i 1978, då Folke Nesland kaupte henne hjå Bykle kommune. Han er son åt Bjørgulv Folkesson Nesland i Viki, gnr 10, bnr 10, og kona Gyro Olsdotter, fødd Rygnestad.

Folke Nesland er her fotografert i inngangsdøra til smia si ein gong i 1980-åra. Biletet er teke av ein fotograf i Agderposten, og kjem frå Folkes eiga samling.
  • Folke Bjørgulvsson Nesland, f 1948
g m Oddny Svendsen, f 1950. Born:
  • Bjørgulv, f 1977, elektrikar, sjå Holen, gnr 15, bnr 45
  • Reidun, f 1984, under utd.
  • Ove, f 1986, under utd.

Oddny er reinhaldar. Ho kjem frå Refsneshavn i Kvalsund, Finnmark, og er dotter åt Ole og Reidun Svendsen.

Folke er kommuneingeniør i Bykle sidan 1975, og den av dei nåverande kommunetilsette som har stått lengst i stillinga. Utanom dette har han arbeidd mykje med innsamling og kartfesting av gamle stadnamn i bygda. Vidare driv han ikkje så lite med smiing, og vert ma. rekna for den beste munnharpesmeden i landet. Elles er han svært interessert i lokalhistoria, og har såleis vore ei god kjelde for bygdeboka.

Endeleg høyrer det med å nemne at Folke også er eigar av Systog/Viki Nesland, gnr 10, bnr 4. Han overtok den eigedomen etter foreldra i 1977.

Her sit Folke og prøvespilar ei ny munnharpe i hobbyromet sitt i kjellaren ein del år seinare. Foto frå Setesdølen.


0941 Bykle komm.png Lyngli (Bykle gnr 15/75) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Turbo • Neste bolk: Myggbo