Lyngtveit (Bykle gnr 11/3, 6-8)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Lyngtveit
Tveiten 41.jpg
Lyngtveit 1965.
Foto: Fjellanger-Widerøe
Alt. namn: Umba (som støyl)
Rydda: 1923
Utskilt: 1923
Stad: Nordbygdi
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 11
Bnr: 3, 6, 7, 8
Type: Småbruk

Lyngtveit var eit bureisingsbruk på sørsida av Bossvatn i Bykle kommune. Fyre det vart ei sjølvstendig drifts- og bustadeining, var delar av det heimestøyl under Heimtveiti med namnet Umba. I tillegg til Umba kom ein utmarksteig, som var sameige mellom Tveitegardane, men som formelt gjekk ut ifrå Ryningen og Nordtveiti. Dette forklarar at Lyngtveit fekk bnr 6, 7 og 8.

I 1847 hadde eit stykke av Tveiteskogen, som i lange tider hadde høyrt til ymse trelasthandlarfamiliar i Kristiansand (sjå bolken om Heimtveiti), vorte overdrege til Børre og Georg Rosenkilde. Sidan vart dette skogstykket, som nyleg har vorte oppmælt til å vera på 76 mål, kalla Rosenkildeskogen. Rosenkilde-brørne overdrog i 1887 eigedomane sine i Bykle til ein slektning som heitte Robert Høyer Millar, og budde i Skottland. I samband med denne heimelsovergangen vart teigen i Tveiteskogen skyldsett til 4 øre og matrikulert som bnr 3. I 1913 kom han atter på innanbygds hender, då Gunnar O. Holen (e.) kaupte han av Millar. Gunnar var morbror av oppsitjaren i Lyngtveit, og selde Rosenkilde-skogen til han i 1933. Dermed fekk Lyngtveit også bnr 3.

Namnet Lyngtveit er ikkje eldre enn bruket, og vart sett på av bureisarane. Men Umba er som nemnt eit gamalt namn på støylen som gjekk inn i Lyngtveit. Alfred Ryningen har i hovudoppgåva si om stadnamn i Nordbygdi (80) peika på at det ligg ei øy som heiter Ombo i Boknfjorden i Ryfylke, og meiner at dette truleg er same ordet. Vidare viser han til at Sophus Bugge har tolka dette øynamnet som ei substantivering av ei eldre form for «um, umkring», som peikar mot ei rundvore form.

Når det gjeld Umba i Bykle, skriv Ryningen, «var særleg Øvre Umba nokso avrunda, men ikkje mange metrane høg. På tre sider var det vatn, og i flaumane var det ikkje uvanleg at Bossvatn steig så mykje at vatnet gjekk heilt rundt, slik at det faktisk vart ei øy. Dermed var det ikkje så unaturleg at staden fekk eit øynamn».

Namnet Umba har elles også fått eit moderne tilvære, etterdi nokre utmarksstykke av garden, der det er tunnelinnslag, har vorte matrikkelførde under namnet Umbe-tunnelen I, II og III.

Gunhild Å. Tveiten, truleg tatt fyre ho gifta seg i 1920. Frå Tore K. Mosdøl.
Knut O. Byklum. Truleg tatt fyre 1920. Frå Tore K. Mosdøl.
Olav Lyngtveit (1921–1994). Bilete frå Tore K. Mosdøl.
Gunnar Lyngtveit. Bilete frå Tore K. Mosdøl.
Tore Lyngtveit (f. 1926). Bilete frå Tore K. Mosdøl.
Olav Lyngtveit og Kristine Sønderland. Bilete frå Tore K. Mosdøl.
Tone Lyngtveit og Odvar Zachariassen då dei gifte seg i 1954. Bilete frå Tore K. Mosdøl.

Det var Knut Olavsson Byklum og Gunhild Ånundsdotter Tveiten, kona hans, som sette i gang med bureising på Lyngtveit fyrst i 1920-åra, og rudde og bygde bruket. Eigedomen vart matrikulert i 1923, men då hadde dei vore i gang med arbeid på bruket i to-tre år.

Knut O. Byklum, eller Lyngtveit, som han skreiv seg etter at nybruket var etablert, var fødd på plassen Heggjesletta under Innistog, der faren, Olav Jonsson Hoslemo, er oppskriven som bruksmann i 1900-folketeljinga. Mora heitte Tore O. Byklum og var frå Innistog. Ho var dotter åt Olav Drengsson, som var oppsitjar på det bruket frå kring 1860 og frametter. I 1904 flutte foreldra åt Knut til Listog. Også det var ein plass under Innistog, men der hadde Tore fått bruksrett på livetida av faren. Ein kan lesa meir om Olav og Tore under det bruket, men her skal det handle om sonen og familien hans:

  • Knut Olavsson Lyngtveit f 1897, d 1981
g 1920 m Gunhild Ånundsdtr. Tveiten, f 1902, d 1995. Born:
  • Olav, f 1921, d 1994, lækjar, busett Arendal frå 1945, g m. Kristine Elise Sønderland, Treungen, f 1922, born:
  • Torgeir Knut, f 1951, busett Ås
  • Erling, f 1953, g m Asbjørg, busett Oslo
  • Gunn Elise, f 1955, busett Fevik, g m Ole Ramlet
  • Solveig, f 1961, busett Arendal, g m Jan Lindland
  • Ånund, f 1922, d 1998, politi, busett Oslo frå 1945, g m Aud Westvang, Lillehammer, f 1926, d 1986, born
  • Tone f 1948, busett Oslo
  • Gunnar, f 1924, kontorsjef, busett Kristiansand frå 1945, g m Gunda Ramse, Tovdal, f 1920, d 1971, born:
  • Knut, f 1951, busett Oslo, g m Elsie
  • Gunhild Bjørg, f 1956, busett Oslo
  • Tore, f 1926, gardkone, g m Knut Olavsson Mosdøl, sjå Mosdøl, bnr 3
  • Tone f 1932, sjukepl. og jordmor, busett Arendal frå 1960, g m Odvar Zachariassen, Arendal, born:

Gunhild Lyngtveit var fødd i Heimtveiti som dotter av Ånund Gunnarsson Tveiten og kona, Tone Drengsdotter, fødd Mosdøl.

Det var ikkje hus i Lyngtveit då Knut og Gunhild kaupte eigedomen, så dei fyrste åra dei var gifte budde dei i Nordtveiti og Heimtveiti, medan Knut rudde og bygde. Det fyrste var å få opp uthuset med fjøs og løe, som kom under tak i 1923. Det neste var ei lita tømre som dei fekk kaupt i Nesland, den kom på plass i 1925, og i dette huset budde dei så medan Knut bygde på den større våningen. Det gjaldt å få opp huset utan å låne, så det vart å byggje etter kvart som dei hadde råd. Knut dreiv og kaupte ihop furutre som var så store at ingen andre ville koste på å køyre dei heim, for slike kunne han få billeg. Ein del av det tømmeret som skulle sagast vart køyrt med hest til ei sag heilt nedi Trydal, noko vart også saga på Vodden Nesland. På denne måten tok det noko tid med byggjinga, fyrst i 1930 var huset ferdig. Det var på 6 x 14 m i to høgder. I 1945 vart stoga oppstelt med ny ytterkledning. Det året skaffa dei seg også innlagt vatn. Året etter vart det bygt eldhus.

Gardsdrifta i Lyngtveit kasta ikkje nok av seg til at det gjekk an å liva av berre den, men dei produserte ein stor del av det dei trong sjølve, og hadde jamt ost å levere på kråmbua.

Når han ikkje var heime og arbeidde med jorda og/eller husbyggjing, var Knut mykje på anlegg, og var med på alle kraftanlegg i Setesdal alt frå dei tok til på Hovassdammen i Åraksbø i 1915. Elles var han ivrig jeger, både etter elg, rein og småvilt.

I ei årrekkje frå omlag 1930 og frametter dreiv Gunhild og leigde geiter frå Vestlandet om somrane, stundom hadde dei også sjølve ein liten geiteflokk, og som regel heldt dei gris. Av åkerprodukt hadde dei støtt jordeple, og under krigen også ein byggåker.

I 1953 vart det oppgjeve at garden hadde ein buskap på 3 kyr og like mange kalvar, ei handfull høns og 3 sauer.

Gunhild hadde også fleire jarn i elden. I 1928 råka det slik at Knut ervde ei strikkemaskin etter Jorunn, eldste syster si. Denne tok då Gunhild i bruk, og produserte i ei årrekkje mengder med kufter, genserar, sokkar og kva folk elles kunne trengje av spitevare. Men etter kvart tykte ho strikkinga leita for hardt på armane, og dertil vart ho for kjedeleg: «Eg var på eit møte ei gong. Alle som sat der ha på seg noko eg ha spita, eg vart så leidd av å sjå på mitt eige spit», fortalde ho. Difor gjekk ho over til å saume bunadar, både manns- og kvinneklede. Som ei fylgje av dette kom ho sidan til å halde ei rekkje kurs i bunadssaum, vidare var ho med i to filmar om sauming av setesdalsbunad, og ytte mykje av tilfanget til ei bok konservator Ågot Noss gav ut om denne bunaden i 1979. Gunhild hjelpte også til då Annemor Sundbø kring 1990 drog i hop virke til boka si om setesdalskufta. På toppen av alt anna arbeid rakk ho også å taka imot turistar i Lyngtveit, og dreiv turiststasjon i 10 år etter krigen.

Attåt arbeidet hadde ho også åndelege interesser, og deltok aktivt i pinsevenrørsla. Ein periode fyrst i 1960-åra sat ho i kommunestyret for Kristeleg Folkeparti. Ho var au oppteke av byklemålet, las inn dialektprøver for Norsk Målførearkiv, og tykte på eldre dagar at målføret for til å verta fælt oppblanda og utvatna.

Noko fyre neddemminga av Lyngtveit (1978) flutte Knut og Gunhild til Soltun, ein husestad attmed Samfunnshuset i Kyrkjebygdi. Stoga på denne verestaden, som dei kaupte hjå Anne Nesland, hadde før stått i Søtveiti (sjå bolken om det bruket). I 1996 vart Soltun overteke av barnebarnet, Hildegunn Mosdøl (sjå Soltun, gnr 15, bnr 28).

Lyngtveit-eigedomen vart samstundes overteken av eit sameige der alle Lyngtveit-syskena var med. Tunet og innmarka er borte, men det meste av utmarka er att.

Lyngtveit ein gong på 1950-talet. Bilete frå Tore K. Mosdøl.
Høyberging i Lyngtveit 1951. Knut O. Lyngtveit, Olav K. Mosdøl og Tone K. Lyngtveit. Bilete frå Tore K. Mosdøl.
Knut fekk både byggje og rive stoga i Lyngtveit. På biletet her sit han og plukkar spiker or materialane, som sidan vart nytta til hyttebygg. Bilete frå Tore K. Mosdøl.
Her står Knut og Gunhild på tufta etter det rivne huset, der berre murpipene står att. Bilete frå Tore K. Mosdøl.


Eksterne lenkjer

  • Bunadsying i Setesdal, dokumentar spela inn i Bykle i 1971. Gunhild Lyngtveit (1902–1995) syner korleis ho broderer og monterer manns- og kvinnebunader. Manus ved Ågot Noss. Digital versjonNettbiblioteket.


0941 Bykle komm.png Lyngtveit (Bykle gnr 11/3, 6-8) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Ryningen • Neste bolk: Løyning