Lysthusstølen (Haugastøl)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinater: 60°29′24″ N 7°54′44″ Ø


Lysthusstølen ligg på Haugastøl, Hol kommune, på vestsida av Lauvvikfjellet i den søraustre enden av Sløtfjorden. Per Ivarson (1777-1862) frå Ål, som eigde nørdste Rue i Moen frå 1814, bygde støl her. Han var gift med Birgit Knutsdotter (1785-1862) frå nordre Søndrol, og ho freista å støle på Lysthus eit par år, men med ein avstand til heimgarden på 4-5 mil vart det tungvint. Etterkomarane til Per og Birgit prøvde også å støle på Lysthus, men kring 1885 selde Eirik Sjugurdson (f. 1862), som hadde garden eit års tid, stølen til Hallstein Knutson Hjalmen (1857-1944), som eigde Hjalmen (også kalla Fossgardmyre) i Ustedalen.

Hallstein dreiv med hamnefe som han henta hjå bønder i Sigdal, Eggedal og Krødsherad og dreiv til fjells. Hamna kring Lysthus brukte han til beite for feet. Hallstein og kona Kari Tomasdotter (1855-1931) frå søre Slåtto, Holet, nyrydda og utvida etter kvart garden, men trengde likevel attåtnæring til jordbruket. Hallstein fòr vidt omkring som handelskar med mat og andre vareslag. Han frakta også materiale og varer til turisthyttene Krækkja og Rauhelleren på Hardangervidda. Dessutan var han fjellførar med kløvhest for turistar på veg til hytter og stølar.

Hallstein selde eigedomen Lysthus til fabrikkeigar Cæsar Emil Ramel Michelet (1834-1909), som også hadde tomt med jakt- og fiskerettar ved Ustebergstølen, i andre enden av Ustevatnet. Rognald Olson Brusletto (1861-1935) kjøpte Lysthus frå dødsbuet etter Michelet, og overlét stølen til ungane som feriestad. Henrik (1887-1964), sonen til Rognald og Kari Henriksdotter Pålgard (1860-1919), kjøpte garden i 1912. Han bygde bu og fjøs på Lysthus i 1918. Kona Guri Ellingsdotter Sand (1887-1969) støla her til 1934 eller lenger. Seinare vart hamna brukt til sauebeite. Det er i dag (2013) nokre hytter på eigedomen i tillegg til stølshusa.

Sjå også

Oversyn over setrer på Ustaoset.

Kjelder

  • Reinton, Lars og Sigurd: Folk og fortid i Hol. I kommisjon hos Grøndahl, 1938-1982. Bind 3 om Rue, bind 6 om Brusletto og bind 7 om Hjalmen.