Møre Designteam Reklamebyrå

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Møre Designteam Reklamebyrå er eit reklamebyrå i Sykkylven som tilbyr tenester innan grafisk design og bedriftsprofilering. Møre Designteam er eit av dei eldste spesialiserte reklamebyråa i Møre og Romsdal, og var blant dei første som tok i bruk digitale verktøy i den grafiske produksjonen.

Starta i Ålesund

Norbert Hovet har heile tida vore leiar av Møre Designteam Reklamebyrå. Han er fødd i Straumgjerde i Sykkylven i 1949. Etter grunnutdanninga og eitt år på grafisk linje ved Borgund yrkesskule, reiste han i 1968 til Tyskland og byrja på Fachhochschule Münster, linje for grafisk design. Han fullførte denne utdanninga ved Bergens Kunsthåndverksskole i 1971. Samme året etablerte han og Erling Ekornes ei avdeling av bergensbyrået, Alf Gundersens Annonsebyrå i Ålesund. Dette varte berre eit knapt år på grunn av at Erling Ekornes fekk arbeid på J.E. Ekornes som merkantil ansvarleg.

Kontorfellesskap

Norbert Hovet etablerte seg då i Sykkylven. Her gjekk han i 1972 saman med møbeldesignarane Svein Asbjørnsen, Svein Leirdal og Jan Lade i Møre Designteam. Tanken bak var at teamet skulle vere samansett av ulike, sjølvstendige avdelingar i eit fellesskap med t.d. møbeldesign, grafisk design, tekstildesign etc. Dei ville tilby ein total designpakke. Norbert Hovet etablerte Møre Designteam Reklameavdeling som eit sjølvstendig firma. Dette kontorfellesskapet heldt fram i 20 år. I 1992 skilde dei lag pga. behov for større plass. Norbert Hovet gjorde samstundes firmaet om til eit aksjeselskap, under namnet Møre Designteam Reklamebyrå AS.

Opplæring av designarar

Firmaet har gjennom åra samarbeidd med fleire store bedrifter, som Ekornes, Hjellegjerde, L.K. Hjelle, Hole & Lillebøe, Tynes Møbelfabrikk, Møre Trafo, Stjernemadrassen, Peterson, Formfin, Europrofil og Vestlandske Møbler. Møre Designteam Reklamebyrå har dei åra bedrifta har vore i drift, gjeve arbeid og opplæring til ei rekkje grafiske designarar. Frå starten har totalt 19 designarar vore tilsette eller hospitert i bedrifta i kortare eller lengre tid.

Norbert Hovet har m.a. teikna kommunevåpenet for Sykkylven, logoane til Sykkylven Energi, Sunnmørsalpane, Sykkylven IL og mange av logoane til bedrifter i Sykkylven og omegn.

Reklamebyrået har sidan 1990-åra hatt tilhald i Uri-bygget i Sykkylven sentrum. Norbert Hovet samarbeider i dag (2016) med sonen, Mathias Haddal Hovet, som også er grafisk designar. Han driv Heydays AS i Oslo med sju tilsette.

Kjelde:

  • Eldar Høidal i samtale med Norbert Hovet.
  • Heimeside til Møre Designteam – Reklamebyrå