Mørelaks

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Mørelaks var ein fiskevareprodusent i Sykkylven. Firmaet vart registrert i 1976 med det føremål å selje fisk og fiskeprodukt, og med Severin Bakke og Terje Moldestad som eigarar. Butikk- og produksjonslokala var i bustadhuset til Terje Moldestad. Etter vel eitt års drift gjekk Severin Bakke ut av firmaet, og ein annan kompanjong kom inn i staden, men frå 1983 er Terje Moldestad eine-eigar.

I 1983 hadde firmaet fryseri, salteri og røykeri, og kunne tilby eit breidt utval av fisk og fiskeprodukt av eigen produksjon. Andre produkt, t.d. fiskemat og reker, vart kjøpte utanfrå.

Mørelaks vart stort sett drive som fritidsverksemd for eigarane.

Kjelde

  • Jon Hole: Handelsnæringa i Sykkylven, Sykkylven 1983.