MB «Høydølen»

Fra lokalhistoriewiki.no
Gå til: navigasjon, søk
Høydølen på prøvetur i 1950.

MB «Høydølen» M 47 HØ. Eigarar var Anfinn Skorpen og sønene Olav og Peter Skorpen. Dei budde i Flåver, Herøy kommune der dei hadde kai og sjøhus. Båten var bygd på L/L Vik Båtbyggeri i 1950, men var kvart år attende for slippsetjing og pussing. Denne båten var vide kjend for godt vedlikehald. Båten sine mål står i båtlista for Vik.

Båten var bygd som kryssar på doblingspant, og med halvbakk. Det var for å gje meir høgde i lugaren. Lugarkappe, lukekarm og kaising var i stål, eller jarn som det vart sagt i den tida. Alt jarnarbeid, som dekkshus, beslag, kjølhakar og fjørboltar, for å nemne noko, vart utført på båtbyggeriet. Påbygg på kaising var i tre, rorhusfronten var som vanleg av teak. På «Høydølen» var han skinande blank, takka vere godt vedlikehald. I sildefiska hadde dei spesialsydd presenning som dei festa på rorhusfronten til vern mot sildereista.

Det vert fortalt at Olav ein gong hadde pussa så godt rorhusglasa at Arnfinn trudde glaset var ope då han skulle spytta ut skråa, så det vart rett i ruta. Sikkert heilt krise for han, men til morskap for resten av mannskapet. Båten vart i 1974-75 forlengd til 55,5 fot (engelske). I 1983 fekk han nytt overbygg.

Litt om eigarane i Flåver

Som ung hadde Anfinn, f.29.04.1904,d.19.07.1993, vore nokre år i Amerika. I Amerika var han i ein periode på ein seglbåt av høg standard. Den ryddige stilen og det gode vedlikehaldet på fiskebåtane til Anfinn og sønene, kan vel i tillegg til eiga legning, godskrivast praksis frå lystbåten i Amerika. Då faren omkom i 1928, måtte han taka over heime. Faren hadde postføringa til Svinøya i 15 år.

Anfinn og broren Erling tok over både båten og postføringa. I 1931 fekk dei bygd ny båt på Bjørkedalen. Båten heitte «Brødrene», og var 36 fot lang. Motoren var ein 14 hk Volda. Alt i 1934 vart han forlengd til 41 fot, og ny Voldamotor på 18 hk. vart sett inn. Sønene Olav, f.13.04.1924,d.08.08.2001, og Peter, f.08.07.1930 d.07.02.2009, kom etter kvart med som eigarar, og broren Erling gjekk ut då han fekk eigen båt. Peter budde med familien på Flåver i 6 år. I 1962, då borna skulle byrja i skule, flytta dei til Moltu. Peter byrja då i Møre og Romsdal Fylkesbåtar, der han seinare var skipsførar fram til han vart pensjonist i 1992.

I 1990 leigde Olav eit hus på Kopparstad og tok med foreldra dit. Der var det enklare å halda kontakt med samfunnet elles.

Bruk av båten

Då «Høydølen» var ny i 1950, var han 24 brutto registertonn og 6 netto tonn. Etter forlenging vart han 55,5 fot, 28,63 brutto tonn og 8,02 netto tonn. I 1983 fekk båten nytt overbygg. Postføringa på Svinøya heldt dei fram med på Høydølen, men det var fiske som var inntektsgrunnlaget. Om sommaren brukte dei snurpenot etter sei, som dei låssette og leverte frå steng. Nokre somrar var det makrelldorging ved Egersund. Då var mange av ungdomane med som mannskap, og dei fekk kamerater der sør som dei heldt kontakt med. Om vinteren brukte dei torskegarn og sildegarn. Dei var også nokre vintrar med «Nylon» som hjelpar på snurpefiske etter torsk i Lofoten. Elles var det line- og garnfiske for å halde drift heile året. Når dei kom til båtbyggeriet for vedlikehald, hadde dei med ei kasse fin, flekt torsk som arbeidarane fekk.

Om sommaren tok Anfinn med familien på båtturar både nordover og sørover kysten. Då vitja dei fyrvaktarfamiliane han kjende frå mangeårs postføring til Svinøya. Postføringa til Svinøya hadde Arnfinn i 42 år, siste to åra med «Hendig», som dei fekk etter at «Høydølen» vart seld.

Motorar

  • Som ny båt var det sett inn ein 50 hk Voldamotor og i 1954 enda ein ny Voldamotor 70/110 hk. Dette var ein motor som hadde vore utstillingsmotor for motorfabrikken, Volda Mekaniske Verkstad, på fiskerimesse i Ålesund. Alle massing- og koppardeler var fornikla, så dette stod heilt i stil med vedlikehaldet på båten elles.
  • I 1979 er der ny motor på nytt, ein MWM 282 hk. Med denne motoren gjorde båten 10,7 mil, fortalde eigaren frå den tida.
  • Siste motoren ein veit om var sett inn i 1987, Nogva Scana 291 hk.

Andre eigarar

  • I 1968 vart «Høydølen» seld til Åsmund Eilertsen, Godøy, og fekk fiskerimerke M-94-G.
  • I 1975 vidare seld til P/R Høydølen v/ Leif Steinar Alnes, Alnesgard, fortsatt M-94-G .
  • 1979 seld til P/R Plankton v/Jon Godø, Midsund registrert med M-97-MD.
  • I 1988 vart båten kjøpt av Reidar Geitung, Bømlo. Vart då registrert med H-31-B.Fekk nytt styrehus i 1983.
  • I 1996 seld til Bjørnar Andreassen , Kristiansand. Båten fekk då namnet «Værøyværing», VA-46-K. Desse to siste eigarane brukte båten til reketråling. Andreassen var til Danmark og fekk påbygt trålbakk. Kvota som fylgde båten vart kjøpt av Arnt Kristiansen, Høvåg. Sommaren 1997 vart båten oppservert fortsatt med lakka skrog, men sommaren etter, 1998, var båten gulmåla.
  • I 2001, september, seld til Thore Vinje, Langesund, registrert med TK-39-BL. Namnet no vart «Moan».
  • I 2005, oktober, seld som strukturfartøy til Joker A/S c/o Rolf Olsen v/ Frits Ottar Olsen, Værøy. Registrert i Vardø, F-139-V. Båten vart liggande i Langesund, men vart 15/11 same år kondemnert. Vart nedrigga av Norsk Skipsbrukt i Kristiansand. Siste endeplass for hogging ser ut for å vera i Danmark. Slik enda ein av dei mest velhaldne båtane frå Vik.

Bilder


Kjelder

  • Samtalar med familie til familien Skorpen m.fl.
  • Samtalar med seinare eigarar.
  • Herøybåtar i hundre år, Herøy sogelag. Bjarne Rabben
  • Kjell Birger Sønstabø.
  • Fiskebåtar frå Vigra og Giske kommune 1920-1997 v/ Bjørn Ove Hjelle
  • Fortegnelse over Merkepliktige Norske Fiskefarkoster